No er det tid for å lette anker

For å koble leden til kulturhistoriske steder langs kysten, har man i arbeidet med Kystpilegrimsleia valgt å etablere såkalte nøkkelsteder, som pilegrimen kan oppsøke for å få sitt pilegrimspass stemplet.

For Kystpilegrimer utstedes Olavsbrevet mot fremvisning av minimum seks stempel fra nøkkelsteder. Olavsbrevet utstedes ved Nidaros Pilegrimsgård. Pilegrimspasset med stempel og påtegninger er dokumentasjon.

Rogaland

Egersund
Egersund blei godkjent som ladested (gitt bystatus) i 1798, men var alt i vikingtid ei viktig havn og ein fikk egen kirke i tidlig middelalder. Ein er kjent med at det i 1292 var ei St. Maria kirke (hovedkyrkje) i Egersund. Ho blei omtalt i eit brev frå pave Nicolaus IV om avlat for alle botferdige som på gitte dagar besøkte Mariakyrkja i Egersund og Olavskirken i Nidaros. Mariakyrkja stod truleg der dagens kirke står, på den såkalla «Heidningholmen», som tyder på at dette tidlegare var ein førkristen kultstad.  Ei eldre kirke blei her revet i tida 1623-34 og nåværande kirke blei bygd opp som ei langkyrkje i same tidsrom. Denne fekk i 1780-årene tilbygg som gjør at den i dag står fram med korsforma plan. Innvendig er kyrkja endra fliere gonger etter dette, pga befolkningsvekst. I 1888 var ho Rogalands nest største kyrkje med 1160 sitteplassar.
Ein er kjent med at det i middelalder og var reist eit kapell i Egersund. Dette går fram av eit pavebrev fra 1308, frå Clemens V til kong Håkon 5. Magnusson. Her vert St. Laurenti kapell omtala som eit av 14 kapell i kongens eie. Truleg stod dette på ei tomt eid av Husabø gård, ein tidligere kongsgard. Navnet Egersund kjem av den gamalnorske nemninga på leia (Eikundarsund) mellom fastlandet og Eigerøy (øya som har mye eik). Eikundarsund er omtalt i sagalitteraturen der det i Olav den Helliges saga heiter at Olav den Hellige ofte lå her med sin flåte.
Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Kyrkja er åpen for besøkande om sommaren (mandag – søndag 09.00 -14.00). Gudstenester og andre arrangement vert annonsert på eiga oppslagstavle ved inngangen.

 

Jærkysten med Oberstad fyr/ Hå gamle prestegard
Kysten langs Jæren er ein av landets mest utfordrande med tanke på båt- og skipstrafikk, noe som utallege skipsforlis vitnar om. Frå Egersund til Tananger, ei strekning på godt 8 mil, har ein ingen naturlige havner. Av den grunn blei det under vanskelege værtilhøve til at fartøy kunne venta ein del i havnene Egersund, Tananger og Stavanger før dei segla vidare. Det var difor naturleg at reisende til tider tok seg over Jærområdet til fots for å nå Stavanger for så å ta seg vidare nordover i smulare farvatn.
Den gamle Kongeveien langs Jæren har gjenom hundreåra vore den landbaserte hovedvegen langs Jæren. I dag kan ein følgje den i om lag ei mil frå Kvassheim til Hå gamle prestegard. Ein kjem fram både sør og nord for nemde områder, både langs jærstrendene og noko innafor kysten. Ofte går stiane/tråkka langs eldre vegfar som t.d. Tjodveien fram mot Stavanger.
Ein kan langsetter desse vegfara frå Eigersund til Stavanger, oppleve ei mengd kulturhistorisk interessante stader i form av eldre kyrkjebygg (td. Ogna kyrkje med murar frå 1250), kyrkjegardar (td. Varhaug gamle kyrkjegard), strandgravfelt frå førhistorisk tid ( td. på Kvassheim), museer, freda fyr og krigsminne .

Fyret på Obrestad er bygd i granitt i 1873 både til bustad og fyr. Det blei avbemanna i 1991 og fungerer i dag som museum og utstillingslokale, m.a. med fokus på fyrhistoria og krigshistoria i området. Frå fyret er det det vid utsikt over Jæren.

Hå gamle prestegard fungerer i dag som eit sentralt kunst- og kultursenter for heile Jæren (inkl. Stavanger). Deira fokus på samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar er vidgjetne. Aktivitetane på Hå gamle prestegard er knytt til dei restaurerte og påbygde gardsbygga frå tida som prestegard.  Ein har og i eit eige bygg på tunet fått plass til eit lite visningssenter for funn knytta til busetnad her i steinalder.  Her kor Hå-elva møter havet, har ein og eit større gravfelt frå forhistorisk tid på stranda like framom tunet.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Ein har på fyret fått avsatt eit eige stillerom for pilegrimsvandrarar. Her er og mogleg å leie rom for overnatting. På Hå gamle prestegard er gode parkeringsmuligheter og her er eigen kafe.

 

Stavanger domkyrkje
Stavanger bispedøme vart oppretta i 1125, og dette medverka til å sette fart på byutviklinga her. Domkyrkja skal ha blitt påbegynt i 1128, og ho stod ferdig på midten av 1100-talet. Domkyrkja i Stavanger hadde fleire relikviar. Den viktigaste var truleg armbeinet av St. Svithun, og kyrkja var via til den heilage Swithun av Winchester. I 1275 gav erkebiskop Jon Raude biskopen i Stavanger rett til å utstede avlatsbrev – m.a. for å finansiere gjenoppbygginga av kyrkjekoret som brann opp i 1272. Etter brannen vart det gamle tårnet i vest erstatta av to nye tårn i austfronten. Skriftkjelder nemner likevel ikkje eksplisitt Stavanger som pilegrimsmål, og det er difor føreslått at Stavanger truleg har fungert som eit lokalt pilegrimsmål for folk i eit begrensa nærområde. Det er samtidig sannsynleg at langvegsfarande pilegrimar såg byen og kyrkja som eit delmål på vegen til Nidaros eller at byen og kyrkja utgjorde regionale pilegrimsmål som Bergen og Selja.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Domkyrkja er eit flott bygg som har vore i kontinuerleg bruk sidan ho stod ferdig på midten av 1120-talet. Kyrkja har ei spesiell form ved at ho er bygd etter to stilartar. Skipet er romansk (frå 1100-talet) og koret er gotisk (frå 1200-talet). Det meste av interiøret i kyrkja frå mellomalderen forsvann under reformasjonen. Ved gjenoppbygginga etter brannen i 1272 fekk koret ein døypefont i kleberstein som blir rekna som ein av landets vakraste frå gotikken. Denne er framleis i bruk. På 1600-talet vart kyrkja utsmykka med inventar i barokk stil. Preikestolen blir rekna som ein av Noregs finaste arbeid i brusbarokk. Kontaktinformasjon til kyrkja er: http://www.kirken.stavanger.no

 

Utstein kloster
Utstein klosteret på Mosterøy i Ryfylke vart etablert som eit augustinarkloster, og var eit av mange kloster som låg tett ved kystleia. Augustinarane skulle drive utadretta diakonal verksemd – og truleg har dei husa både pilegrimar og andre reisande. Ein antek at klosteret vart oppretta ca. 1270, og augustinarane ser ut til å ha overteke eit eldre kongsgardsanlegg då dei kom.  Nyare forsking kan likevel tyde på at klosteret vart etablert allereie på 1100-talet. Staden har truleg vore eit maktsentrum langt tilbake i tid.
Hamneområda ved Utstein kloster ligg svært sentralt i krysninga melom fleire sentrale leiar – den ytre og fleire indre. Dette har truleg medverka til å gjere klosteret til ein naturleg stoppestad både for pilegrimar og andre reisande langs kysten. I mellomalderen var det i stor grad den ytre leia frå Kvitsøy til Karmsundet nytta .

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Utstein kloster er Noregs einaste fullt restaurerte mellomalderkloster (http://www.utstein-kloster.no/). Tre klosterfløyar er framleis bevarte, og klosteret står slik i ei særstilling når det gjeld bevaring samanlikna med bygningsrestar frå dei andre norske klostera. I dag inngår Utstein kloster i Stavanger Museum (MUST) si verksamd. Det fungerer ikkje lenger som kloster, men gir likevel besøkande ei unik ramme for innblikk i mellomalderens klosterliv.
Klosteret er bygd ut i fleire fasar, til det kvadratiske bygningskomplekset rundt ein open klostergard. Klosterkyrkja står i nordfløyen av anlegget, og er godt bevart. Publikum har tilgang til klosterkyrkja, klostergarden, refektoriet (munkane sin spisesal), munkekjøkkenet og «herregårdsstuene». I tillegg er klosterhagen med 250 år gamle bøketre open for besøkande. Det er tilrettelagte turløyper i området, og det er også utleige av kajakkar her.
I nærleiken av klosteret er Utstein pilegrimstad etablert som eit moderne senter for stillheit, bønn, pilegrimsvandring og åndeleg rettleiing. Her ønskjer ein å vidareføre noko av den gamle bønetradisjonen frå klosterlivet (http://www.utsteinpilegrimsgard.no/). Pilegrimsgarden har utarbeida ein skriftleg vandringsguide for utvalgte vandringsmål i nærmiljøet (Klosterøy, Fjøløy og Mosterøy). Pilegrimsgarden har også engasjert seg i pilegrimsverksemd i ein større samanheng, som vandringar til det etterreformatoriske valfartsmålet i Røldal og pilegrimsferd langs kystleia. Utstein kloster og pilegrimsgard har lett tilkomst, og ligg berre i ca. 30 min køyreavstand frå Stavanger via Rennfast. Dette gjer Stavanger til eit godt utgangspunkt for å nå klosteret og pilegrimsgarden. Det er også gode hamneforhold her som gjer det enkelt å komme til med båt.

 

Avaldsnes
Skipsleia nordover frå Stavanger går gjennom Karmsundet, med Karmøy på babord side og Haugesund på styrbord. Avaldsnes på Karmøy ligg midt i Karmsundet, der skipsleia innaskjers er på det smalaste. Karmsundet – Nordvegen – var tidlegare hovudfartsåra til Avaldsnes. Det var også denne skipsleia – Nordvegen – som gav namn til Noreg. Avaldsnes var eit viktig maktsentrum fleire tusen år tilbake i historia. Grunnlaget har vore kontrollen med og beskatninga av trafikken gjennom Karmsundet.
Her skal det ha vore kongsgard frå Harald Hårfagre si tid, og Avaldsnes er eit av Noregs eldste kongssete. På Avaldsnes står fortsatt Olavskyrkja som kong Håkon Håkonsson bygde ca. 1250 og som stod ferdig ca 1320. Kyrkja har vore eit landemerke for sjøfararar som har reist gjennom Karmsundet de siste 750 årene (Fig. 13). Kyrkja var via til Olav den heilage. Ho vart skilt ut som eit kongelege kapell, noko som også gjorde at ho vart omfatta av det avlats-privilegium som var gitt til dei kongelege kapella. Kyrkja var såleis ei pilegrimskyrkje. Dette ser vi i eit paveleg privilegium frå 1308, som innebar at dei som besøkte kyrkja i dei store festdagane kunne få opptil eit års avlat (DN I, 114). Litt nord for Olavskyrkja ligg gården Salhus ved Salhusstraumen. Stadnamnet tyder på at det her var herberge for pilegrimane. Ein av dei lokale pilegrimsvegane til Karmsundet skal enno vere kjent. Denne kom austfrå og innebar båttransport over Karmsundet. Inngangen til kyrkja for pilegrimar skal ha vore gjennom ei dør på nordveggen som i dag er gjenmurt. Denne vart kalla «dei sjøfarandes dør» - kanskje fordi pilegrimane kom sjøvegen.

Mariakirken, Bergen

Hordaland

Bergen
Bergen var i store delar av mellomalderen landets økonomiske og politiske hovudstad og eit religiøst og kulturelt senter. Ingen andre norske byar hadde så mange kyrkjelege institusjonar som Bergen. På 1300-talet hadde byen minst 20 kyrkjer, 5 kloster, 2 kyrkjelege fattighospital og bispegard med domkapittel. Det geistlege Bergen spente frå det lokale til det internasjonale samfunn – frå det minste kyrkjesokn i Nordfjord til pavekyrkja sitt sentrum og lærdomssentra i Frankrike, Italia, England og Tyskland (Tryti 1994:23). Det store talet på kyrkjer i Bergen kan truleg forklarast med den store tilstrauminga av folk utanfrå – ikkje minst kjøpmenn og handelsfolk. Bergen blei bispeby i 1170 då bispesetet for Vestlandet vart flytta frå Selja til Bergen. Det same vart som nemnt relikviane til St. Sunniva – og ho vart rekna som byens skyts-helgen. Flyttinga av St. Sunniva til Bergen gjorde nok at Sunniva-kulten vart spreidd til andre land i Norden, mellom anna til Nord-Tyskland (Olsen 2013:133-134).
Bergen var ein viktig pilegrimsby, og var i seg sjølv eit valfartsmål med sine mange kyrkje, kloster og kyrkjelege institusjonar. Byen låg sentralt ved kystleia, og her var det gode overnattings-muligheiter. Det var også gode muligheiter for pilegrimar å få seg plass og hyre på handels- og frakteskip frå Bergen. Margaretakyrkja på Nordnes var ei valfartskyrkje. Det var truleg også Olvaskyrkja – dagens domkyrkje – i regi av sin vernehelgen. Vidare har nok pilegrimar også oppsøkt Sunnivaskrinet som vart oppbevara over høgalteret i Kristkyrkja på Holmen (Bergenhus festning) (Helle 1982:591). Eit anna viktig relikvie i Bergen var ein del av Kristi Tornekrone som Magnus Lagabøte skal ha motteke i gåve frå den franske kongen i 1274. Denne vart oppbevart i ei lite privatkyrkje på Holmen (Bergenhus festning) – Apostelkyrkja. Skriftlege samtidskjelder viser også at utanlandske pilegrimar besøkte Bergen. I 1191 fekk t.d. byen besøk av danske korsfararar på veg til Det hellige land (Luthen 1992:125, 126).
I dag er det berre tre igjen av Bergens mange mellomalderkyrkjer, Mariakirken, Domkirken (fransiskanerane si Olavskyrkje) og Korskirken. Desse er alle godt bevart og vel verdt ein stopp.

Eit av dei mest kjente kulturminna frå byen er likevel Bryggen i Bergen. Det var her byens aller første busetnad voks fram. Den gamle trehusbusetnaden som står der i dag stammar frå 1700-talet, men er bygd over nedbrente restar av mellomalderbyen. Bryggen representerer eit av verdas fremste kulturminner, og er på UNESCO’s World 53 Heritage List.
I tillegg er kongsgardsanlegget frå mellom-alderen på Holmen/Bergenhus festning verdt eit besøk. Her kan ein sjå Kristkirketomten der skrinet til St. Sunniva vart oppbevara ved høgalteret etter at det vart flytta til Bergen i 1170. I mellomalderen var dette domkyrkja i Bergen. Ho var også ei kroningskyrkje og ei kongeleg begravelseskyrkje (Lidén 2000:145). Håkonshallen og Rosenkrantztårnet som høyrde til sjølve kongsgardsanlegget på Holmen bør også besøkast. Håkonshallen vart bygd av kong Håkon Håkonsson i 1261, og utgjer i dag den største profane mellomalderbygningen i Noreg. Rosenkrantztårnet er på si side det viktigaste renesansebygget vi har her i landet, og daterer seg til 1600-talet. Delar av tårnet er likevel eldre. Dette var kastellet ved sjøen som vart bygd av kong Magnus Lagabøte i 1270-åra. Både Rosenkrantztårnet og Håkonshallen er i dag ein del av Bymuseet i Bergen, og her er det mulig for besøkande å komme inn og få omvisingar heile året gjennom (http://www.bymuseet.no).

 

Lysekloster
Lysekloster var eit cisterciensar-kloster som vart påbegynt rundt 1150. Munkane på Lyse kom frå Fountains i York, og har truleg teke med seg sine eigne handverkarar til bygginga av klosteret (Lidén 2000:14-15). Cisterciensarklostera skulle ligge avsondra frå omverda, og dei vart difor lagt til aude stader – noko som også er tilfelle for Lysekloster (Hommedal 1999:177). Klosteret ligg i landlige omgivnadar i noverande Os kommune, ca. 2 mil sør for Bergen sentrum.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
I dag er det berre ruinane av grunnmurane som står igjen etter klosteranlegget. Desse gir eit godt inntrykk av klosteret si grunnflate og forskjellige rom i grunnplanet, og klosterområdet framstår i dag som eit svært idyllisk område. Kjelde: Digitalt fortalt, http://digitaltfortalt.no

 

Halsnøy kloster
Halsnøy kloster Halsnøy kloster ligg midt i det frodige fjordlandskapet i Sunnhordland, på eitt av dei låge eida, eller ‘halsane’ som har gjeve øya namn. Slake bøar skrånar ned mot sjøen på begge sider; i sør mot Klosterfjorden, i nord mot den lune Klostervågen. Halsnøy kloster vart truleg grunnlagt i 1163-64 av Erling Skakke, etter kroninga av sonen Magnus: «Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader, at bygge sin søn til bønerhold Halsnø kloster, sancto Augustino til lov og ære» (Bergens Fundats 1580). Om Erling gav grunn til klosteret frå eige gods eller frå kongens, veit vi ikkje, men det må ha lege ein stor og god gard her før klosteret vart grunnlagt. Dei som heldt til i dette augustinarklosteret var ikkje munkar i eigentleg forstand, men prestar som vart kalla regulære kannikar eller korbrør. Truleg var det ikkje fleire enn 13 korbrør i klosteret. I tillegg kom teneste-folk og andre som hadde ansvar for klosterdrifta. Halsnøy vart eitt av våre største og viktigaste kloster i mellomalderen. Det hadde store jordeigedomar på Vestlandet, dei fleste i Sunnhordland og nordre del av Ryfylke. Kring 1300 vart klosteranlegget ombygt og utvida, og slik stod anlegget heilt fram til reformasjonen. Då byrja forfallet; klosteret hadde vorte ein adeleg setegard med vekslande eigarar. I 1642 fekk Erik Ottesen i Orning på Stord løyve frå kongen til å ta 400 stein frå kyrkjeruinane for å utbetra dei andre bygningane. Kjelde: Digitalt fortalt; http://digitaltfortalt.no

 

Moster
Lengst sør i Sunnhordland ligg øygruppa Bømlo med alle sine små øyer – over 900 til saman. Nærleiken til havet og skipsleia har prega Bømlo gjennom historia, og leia mellom fastlandet og øyane var den viktigaste allfarvegen (Rindal og Steinsland 2000:68). Mosterhamn er ei lun og god hamn i dette kystlandskapet. Dette er også ein av dei viktigaste stadene i landets kyrkje­historie. Som nemnt fann Mostertinget der kristendommen vart vedteke stad her tidleg i 1020-åra. Ei lita kvitkalka steinkyrkje frå 1100-talet står fortsatt i Mosterhamn. Alle dei tre kristningskongane kan knytast til Moster. Olav Tryggvasson skal ha gått i land på Moster i 995 og grunnlagt kyrkje her. Med seg i følgjet sitt hadde han prestar frå England. Steinkyrkja som i dag står på Moster stammar likevel ikkje frå Olav Tryggvasson si tid, og kven som bygde kyrkja veit vi ikkje. Håkon den gode Adelsteinsfostre stamma frå Moster på morssida – Tora Mosterstong – og kanskje har Håkon tilbragt barneåra sine på Moster. Den tredje og siste av kristningskongane, Olav Haraldsson skal som nemnt ha halde tingmøte på Moster i 1020-åra for å få utarbeida ein felles mal for den såkalla kristenretten (Rindal og Steinsland 2000:69-70).

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Det einaste som er bevart av kyrkjas mellomalderutstyr er ei kyrkjeklokke frå første del av 1200-talet med eit relieff av St. Olav støypt inn. Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet og i renessansestil, og flotte kalkmaleri dekker store deler av veggane. I 1995 feira den norske kyrkja sitt 1000 års jubileum nettopp på Moster. I samband med dette vart det bygd hus til ei religions-historisk utstilling: «Frå hedendom til kristendom». Her er det også forsamlings-rom og kafeteria (Rindal og Steinsland 2000:73).

 

Moster Amfi
Moster Amfi vart opna som teater- og konsertarena til urpremieren på Mostraspelet i 1984. Før 1000-års jubileet i 1995 vedtok Bømlo kommune å foreta ei større utbygging av anlegget og frå stiftinga kom det forslag om å gjera plass til ei religionshistorisk utstilling. Moster Amfi framsto til feiringa av 1000-årsjubileet som eit funksjonelt kulturbygg med nytt inngangsparti, ny billettkiosk og kafeteria og ein utearena med 1200 sitjeplassar. Scenen vart og utbetra og det vart laga tunnel i fjellet frå friluftsscena til det religionshistoriske senteret, med utstillinga frå “Heidendom til kristendom”, amfisalen og amfikafeen. Anlegget er bygd inn i fjellet i bakkant av uteamfiet. Det har ei spanande arkitektonisk løysing tilpassa terrenget og er ikkje for ruvande i forhold til Moster gamle kyrkje. Kjelde: Moster Amfi, http://www.mosteramfi.no

 

Gjestgjevarstader langs leia
Ein kan ikkje strekkje opp historia om sjøverts pilegrimsferdsle i Hordaland utan å understreke at pilegrimane nytta mange leier på si ferd, alt etter vær og vind. Langs leia danna det seg tidleg knutepunkt i samferdsla; gode ankerplassar, lune hamner, rike fiskefelt. Alt i mellomalderen vart denne ferdsla regulert gjennom «sælehus» som kongen let byggja for ferdafolket, slik vi ser spor etter i namnet på den gamle gjestgjevarstaden Salhus nord for Bergen. På 1500-talet finn vi gjestgjevarstaden på Bakholmen i Austevoll avmerkt på Olav Magnus `Carta Marina. Når vi kjem fram til 1600-talet, ser vi at kongens embetsmenn i København gjev retningslinjer for forordningar om organisering av samferdsla langs norskekysten, for å dekkja behovet for overnattingsstader: «Paa hver norske Miilveis, eller saa omtrent efter Stedernes Leilighed, skal holdes og skee Skifte, og paa hver tredie Miil forordnes en smuk formuendes Mand paa en god beleilig Gaard ved alfare Veien til Lands, saavelsom ogsaa til Vands det næste Søekanten skee kan, som kan holde Gjestgiverie, saa den Reisende kan bekomme nødtørftig Øll og Mad samt Logement og Natteleie…» (Forordning om Skydsfærd til Lands og Vands, samt Gjestgiverier i Norge. 24.decebr. 1648).
Med nokre sjømils mellomrom voks det fram eit nettverk av gjestgjevarstader, strategisk plasserte på sentrale punkt, med gode hamner langs leia, med skysskaffar som tok hand om dei reisande.Mange av gjestgjeveria var også handelsstader. Handelsløyve fekk ein gjennom kongelege privilegiebrev som gav einerett på handelen innanfor eit visst område. For å få slike kongebrev måtte ein ha borgarskap i Bergen. Handlen på Vestlandet var såleis i hendene på velståande bergenskjøpmenn. I 1842 vart handelslovgjevinga liberalisert og den gamle ordninga med privilegiebrev fall bort. Etter midten av 1800-talet veks det fram eit tett mønster av yngre handelsstader, ofte kombinert med dampskipsstoppestad og postekspedisjon, etter kvart som dampskipsferdsla avløyser seglskutene. Snøggbåtane har på ny gjort leia til ein hovudveg langs kysten.

 

Den Indre Farleia og Kongshaugen på Seim
Langs den Indre Farleia finn ein Kongshaugen på Seim Sæheim (Seim) ved Lygrefjorden. Han er er nemnd som ein av kongsgardane til Harald Hårfagre. Fleire av dei første rikskongane har halde til her, og garden var krongods til fram på 1400-talet. Etter sagatradisjonen er Håkon den gode gravlagd på garden. Kjelde: Digitalt fortalt, http://digitaltfortalt.no

Kongsgarden Lygra
Lygra er ein av storgardane i Nordhordland og var truleg ein av kongsgardane til Hårfagreætta i rikssamlingstida. Garden ligg på øya Luro i Lurefjorden. Denne øya er om lag fire kilometer lang og opptil 800 meter på det breiaste. Grøderike lausavsetningar har skapt det gode jordbruks-landet. På Lygra er det gjort ei rekkje gravfunn frå jernalderen, som vitnar om at staden har vore eit lokalt maktsentrum. Kjelde: Digitalt fortalt, http://digitaltfortalt.no

Tusenårsstedet Gulen i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane

Gulatingstaden og steinkrossane i Gulen kommune
Gulatinget var ei årleg tingsamling som fann stad i Gulen frå tidleg 900-tal til ca. 1300-talet. Dette var eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden i mellomalderen. På 1300-talet vart Gulatinget flytta frå Gulen til Bergen. Her heldt det fram som Gulating lagmannsrett som i dag er ein rein domstol. Den eksakte plasseringa av Gulatinget er ikkje kjent, men mykje tyder på at tinget var i Eivindvik der dei to steinkrossane er reist. Steinkrossane kan ha blitt reist for å vigsle tinget, og dei kan også ha blitt brukt i utandørs gudstenester før det vart bygd kyrkje på staden. Den første kyrkja i Eivindivk er nemnt i skriftkjelder i 1327. Den noverande kyrkja i Eivindvik er ei langkyrkje frå 1863. Ein av steinkrossane er plassert ved hovudinngangen til kyrkjegarden. Dette er ein keltisk kross med rette armar og avrunda armholer. Den andre steinkrossen er plassert eit stykke opp i ein bakke som no kallast krossteigen. Dette er ein slankare kross med store, runde harmoniske bogar mellom armane. Under krossen er det ei oppkomme med friskt vatn – ei Olavskjelde.
I dag er det laga til ein moderne Gulatingstad i Gulen som er valt ut som tusenårsstad for Sogn og Fjordane og Gulen kommune. I eit flott parkområde er det reist monumentale kunstverk av skulptøren Bård Breivik. Besøkande kan sjå desse majestetiske installasjonane, og kunstverka «Tingveggen», Tinghelle» og «Eldsirkelen» skal minne om den innverknaden Gulatinget har hatt for Noreg som nasjon.


Steinkrossbrotet i Hyllestad kommune
I Hyllestad finn vi eit av landets største produksjonsområde for kvernsteinar. Utvinninga her går tilbake til tidleg vikingtid, ca. 700-800-talet. Produksjonen av kvernsteinar heldt fram gjennom heile mellomalderen og inn i nyare tid. Det var ikkje berre kvernsteinar som vart utvunne i Hyllestad. Brota her har også vore ein stor og viktig produksjonsplass for steinkrossar, og fleire av steinkrossane langs Vestlandskysten og seglingsleia kjem frå Hyllestad.
Under arkeologiske utgravingar av eit av steinbrota i Hyllestad er det funnet restar av til saman sju steinkrossar. Dette er det einaste steinbrotet i landet der denne type produksjon er dokumentert, og representerer slik eit svært spesielt kulturminne. Sett i forhold til dei mange steinkrossane langs seglingsleia vil eit besøk til Hyllestad kunne gi større forståing for steinkrossane som kulturminne.
Nokre få kilometer frå steinkrossbrotet ligg Hyllestad gamle kyrkjegard frå mellomalderen. Kyrkja er i dag reven, men i kvart av dei fire hjørna på kyrkjegarden står det ein liten steinkross – såkalla kyrkjegardskrossar. Dette er ein anna type steinkross enn dei store frittståande steinkrossane som er nemnde tidlegare. Desse krossane var mindre, og muligvis representerer dei også ein andre generasjonsfase av steinkrossar. Truleg vart dei sett opp i samband med innviing av kyrkjegarden i nærleiken av fjorden og utskipingsplassane her. Steinbrotet der produksjon av steinkrossar er dokumentert, ligg like ved Kvernsteinsparken i Hyllestad, eit område i produksjonslandskapet som er tilrettelagt for besøkande med stiar og informasjon. Herifrå er det også gåavstand til Hyllestad gamle kyrkjegard.

 

Klosteret, kyrkjeruinane og Sunnivahola på øya Selja i Selje kommune
I følgje legenda var St. Sunniva ei from irsk prinsesse som rømte saman med følgjet sitt, Seljumennene,  for å sleppe unna ekteskap med ein heidning. Dei reiste av garde utan segl og årer, og båtane dreiv i land ved Norskekysten – på dei to øyene Selja i Nordfjord og Kinn i Sunnfjord ca. 970. Leivningane etter Sunniva var funne i ei hole i fjellet. Desse vart flytta til Bergen i 1170, og ho vart då rekna som Bergen sin skytshelgen. Relikviene etter Seljumennene vart verande på Selja, og danna grunnlaget for kultstaden vidare utover i mellomalderen. På byrjinga av 1100-talet vart det grunnlagt eit benediktinarkloster på Selja  – truleg det første klosteret i landet. Selja blir rekna for å ha vore eit viktig valfartsmål i mellomalderen. Selja var også på Selja at Vestlandet sitt første bispesete vart oppretta i 1068.
Ruinane knytt til helgen- og valfartsstaden omfattar ein stor steinterrasse frå 1100-talet som truleg utgjorde samlingsstad for pilegrimane på dei store festdagane, særleg Seljumannamesse 8. juli som i seinmellomalderen var ein av dei største festdagane i året. Her ligg også ruinane av den romanske Sunnivakyrkja som truleg også vart oppført på 1100-talet. Rett bak denne ligg Sunnivahellaren med Sunnivahola som i mellomalderen fungerte som eit eige kapell. Ruinane etter benediktinarklosteret ligg på sletta nedanfor helgenstaden.

 

Mellomalderkyrkja og Bornihellaren på øya Kinn i Flora kommune
Øya Kinn ligg lengst vest i havet i Sunnfjord med det kjente seiglingsmerket Kinnaklova , og er som Selja knytt til Seljumannakulten. Då St. Sunniva rømte over havet frå Irland skal ein del av følgjet hennar ha stranda på Kinn. Borgni, systra til Synniva, var ein av dei som skal ha drive i land på Kinn med fylgjet sitt. Ho skal ha budd i hellaren over kyrkja – som har fått namn etter ho - Bornihellaren. Kyrkja på Kinn er frå 1100-talet. Ho er bygd i romansk stil og truleg reist i to byggetrinn. I kyrkja ligg det delar av ein sundslegen steinkross som visstnok skal ha blitt funnet under kyrkjegolvet. Krossen står i dag i ein av alternisjane i kyrkja. Også denne steinkrossen vart ein gong hoggen i steinbrota i Hyllestad. Kinn vart truleg etablert som pilegrimsmål samtidig med Selja, ein gong på 1000-talet. Pilegrimar besøkte sannsynlegvis øya i samband med valfart til Selja og Nidaros.
Kvar sommar sidan 1985 har det historiske spelet, Kinnaspelet, vore arrangert på øya. Det er også etablert ein moderne pilegrimslei. Sunnivaleia, mellom dei to øyane Selja og Kinn, med årlege pilegrimsvandringar (til fots og med rutebåt).

 

Svanøy kyrkje og steinkross i Flora kommune
Svanøy kyrkje hadde status som fjordungkyrkje i mellomalderen, og var plassert innafor det gamle Firdafylket. Fjordung refererer til ein fjerdedel av fylket, og er nemnd i dei eldste delane av Gulatinglova, og kan daterast tilbake til tidleg mellomalder. Fjordungkyrkjene var viktige knutepunkt innafor bispedømet, og var viktige for kommunikasjonen mellom sentrale og perifere delar av bispedømet. På kyrkjegarden på Svanøy står det ein ca. 2 meter høg steinkross med runeinnsskrift: ‘þórðr lét reisa kross þenna ept (ir..’) som er oversett til Thur lot reise denne krossen etter…. Runeinnskrifta – og dermed også steinkrossen – er datert til byrjinga av 1000-talet. Steinkrossen er produsert i Hyllestad.
Mellomalderkyrkja vart truleg reven rundt midten av 1600-talet, og ei ny kyrkje vart bygd. Denne andre kyrkja vart reven i 1872. Steinkrossen står fortsatt plassert i den austre delen av den gamle kyrkjegarden. På Svanøy ligg også den freda Svanøy hovedgård  frå 1750.

Herøy Kystmuseum med Sunnmørsjekta "Anna Olava" ved kai, Herøy

Møre og Romsdal

Herøy
Øya Herøy har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var kyrkjestad med gildestove i middelalderen, tingstad, prestegard og handelsstad.
 
Herøy var den fyrste viktige hamna nord for Stadt og øya ligg i Flåværleia – farleia som til alle tider har bore dei sjøfarande enten rakt i gjennom til andre mål eller til ei trygg hamn i sjølve leia. I dag kan ein ta seg til øya både med båt og bil.
 
Det har stått to kyrkjer på øya. I mellomalderen – truleg på 1100-talet – vart det bygd ei steinkyrkje i romansk stil på det austlege neset på øya. Kyrkja stod på det høgaste platået, var godt synleg frå skipsleia. Ho var ei av dei fire hovudkyrkjene på Sunnmøre og før reformasjonen var Herøy eit av dei seinmellomalderske kannikgjeld under Nidaros Domkyrkje. Kyrkja vart etter kvart for lita, og i 1859 vart ho reven.
Same året som mellomalderkyrkja vart reven, vart det bygd ei ny og større kyrkje i lafta tømmer like ved den gamle. Stein frå den første kyrkja vart gjenbrukt i grunnmuren på den nye kyrkja og til ein ny steingard rundt gravplassen frå mellomalderen. Den nye kyrkja stod fram til 1916. Då vart også ho reven og flytta til Fosnavåg.
I dag vert kyrkjetufta etter den gamle steinkyrkja nytta mellom anna til gudsteneste, retreat og bryllaup.
 
På øya er der eit segn om eit kloster som skal ha ligge på ein markert haug midt på øya kalla «Klosterhaugen». Ei arkeologisk registrering viser ei tuft etter ei bygning, og under torva ligg ein såle av småstein og kalkmørtel med marmorfragment.
Ei gildestove er nemnt på Herøy i 1433 i samanheng med at Aslak Bolt var på visitas. På berget like ved «Klosterhaugen» er det hogge inn to bumerker, og det eine er om lag eins med det vi finn på Aslak Bolt si jordebok.
 
På 1700-1800-talet voks det fram ein handelsstad på Herøy, og i tillegg til handel var både rutebåtar og postgang innom øya. Mellom anna var sildefisket viktig for handelstaden her. Handelen blomstra i 150 år, fram til trekyrkja vart riven i 1916 (Thorseth 1993:7).
 
På Herøy ligg også Herøy kystmuseum, som er ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Det er den gamle handelsstaden frå 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar som utgjer Herøy Kystmuseum (Fig. 30). Museet er ein viktig formidlar av øya si historie og ein viktig bidragsytar innan handlingsboren kunnskap med vekt på dokumentasjon, registrering, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar og grindbygg. Det er mogleg for besøkande å nytte småbåtane og å leige lokalar.
Sunnmørsjekta «Anna Olava» er ein del av kystmuseet og har heimehamn på Herøy. Jekta er ein rekonstruksjon gjort på bakgrunn av funn frå ei gamal jekt funnen på Håkonsholmen i Ulstein. Sunnmørsjekta var ein av fleire jektetypar som trafikkerte kysten frå mellomalderen og fram mot år 1900.
(www.sunnmore.musum.no/musea/heroey-kystmuseum/)
 
Herøyspelet er eit årleg historisk spel som finn stad fyrste helga i juli kvart år. Handlinga er basert på ei hending nemnt i «Snorre» og familieliv, kjærleik og kongemakt. Herøy Amfi er bygd spesielt til dette spelet og har sitteplassar til om lag 1000 personar (Fig. 31). Husa på scena som er bygde i «vikingstil» og desse rammer inn amfiet på ein måte som gjer at publikum får ei kjensle av å sitte midt i vikinglandsbyen der utsikta vest i havet gir ein heilt særeigen scenografi. Det er tilrettelagt for at rullestolbrukarar og andre med rørslehemming kan ta seg fram til amfiet. (http://www.heroyspelet.no/).
 

Borgund
I følge Snorre bygde Håkon den gode kyrkjer på Møre som så bøndene brende ned. Om nokon av desse stod på Borgund veit vi ikkje, men det er spor som tyder på at kristendommen tidleg slo rot her. På vestsida av Katavågen er det ein kristen gravplass med om lag tre hundre graver frå tidleg 1000-tal. Ei av kyrkjene på Borgund var Kristkyrkja, og Kristkyrkjene var ofte biskopkyrkjer. Kanskje var Borgund ein av dei stadene der dei første Vestlandsbispane heldt til? Nede ved fjorden ligg Margaretakyrkja frå midt på 1100-talet. Der er også spor etter det som kan vere ei enno eldre kyrkje. Slik må Borgund ha vore eit kristen sentrum alt på 1000-talet. Ein handelsplass  med god hamn og ein stad der folk på veg langs kysten kunne handle eller finne husrom og kvile.
Skreifisket i Borgundfjorden var omfattande og byen og kyrkjestaden voks. Mot slutten av 1100-talet stod her fire steinkyrkjer, alle truleg kledd med marmor som dei vann ut på øya Humla rett over fjorden. Her var Kristkyrkja, Mattiaskyrkja, Margaretakyrkja og Peterskyrkja. Den siste er no austfløyen av Borgundkyrkja slik ho står i dag. Etter tradisjonen var her og eit kloster, og på slutten av 1200-talet er det nemnd ein bror Arne i Borgund. Meir sannsynleg er det likevel at det er tale om eit hospits og ikkje eit kloster. Då hadde Borgund ein stad der pilegrimar kunne få mat og ei seng.
Bygginga av desse fire kyrkjene tok årevis og det var dyrt. Steinbygningar var ikkje dagleg kost på Møre. Like fullt vart det bygde slike kyrkjer både på Åheim, på Herøy, i Ulstein og ikkje minst på Giske. Der hadde stormennene fått reist ei marmorkyrkje ein gong på 1100-talet, og i 1345 ga pave Clemens 6. hundre dagars avlat til pilegrimar som vitja kyrkja. På 1200-talet blomstrar byen Borgund. Handelsskip kjem frå inn og utland. Store mengder tørrfisk finn vegen ut i Europa. Fastreglane til den katolske kyrkja gjer at etterspurnaden etter fisk er stor. Tørrfisk kan også lagrast i årevis og framleis vere fullt etandes. Alt ser lovandes ut, men ute i horisonten trugar mørke skyer.
Vêrlaget vert kaldare. Fisket sviktar. Tidene er ikkje like gode og byfolket klarer ikkje å halde kyrkjene i stand. Erkebisp Eiliv (1309-32) forfattar eit brev som gjev 30 dagar avlat til dei som er med på å bygge opp att Mattiaskyrkja som har forfalle. I 1349 kjem så katastrofen. Svartedauden. Mest halvparten av dei som bur på Borgund og på Sunnmøre døyr. Og i Bergen slår hanseatane seg ned og sunnmøringane dreg heller dit med varene sine. Handelen på Borgund minkar, og utpå 1500-talet er det mest slutt for byen Borgund. Av kyrkjene er berre soknekyrkja, Peterskyrkja, i bruk, og i 1640-åra vert Margaretakyrkja riven og steinen brukt til å bygge på Peterskyrkja. Borgund sokn er stort og rikt, men byen Borgund er borte, og no veks Ålesund fram.
 

Giske
I havet utanfor Ålesund ligg øya Giske. Her hadde den mektige Giske-ætta sete i mellomalderen, ei stormannsætt som stod kongemakta nær. Giske-ætta hadde også tette band til Borgund, og heldt ei vernande hand over byen. På sørsida av øya ligg den einaste noverande kyrkja i Noreg som er bygd berre av marmor. Giske kyrkje er ei langkyrkje i romansk stil frå midten av 1100-talet (Fig. 32). Kapellet har truleg blitt reist som ei høgendeskyrkje, det vil seie ei privat kyrkje som stormannen på Giske sette opp på garden sin (Rindal og Steinsland 2001:129). Kyrkja var såleis truleg eit gardskapell for Giske-ætta. Den 11. juni 1345 gav pave Klemens 6. eit avlatsbrev til kapellet på Giske. Her kjem det også fram at vernehelgenane for kapellet var jomfru Maria og evangelistane Johannes og Nikolas. I pavebrevet blir det gitt 100 dagars avlat for begåtte synder til dei som besøkte kyrkja på dagane til helgenane som kyrkja var vigd til (DN I, 294). Dette avlatsbrevet gjorde dermed kyrkja på Giske til ei pilegrimskyrkje frå midten av 1300-talet av. Giske kyrkje har ca. 130 plassar. I kapellet hang det ei krossfestingsgruppe frå 1200-talet som no blir oppbevara Universitetsmuseet i Bergen (Rindal og Steinsland 2001:129). Kyrkja forfall etter reformasjonen, og stod som ein ruin i fleire tiår. Ho vart renovert på 1700-talet, og delar av interiøret, t.d. altertavla, skriv seg frå denne perioden. Giskespelet er ei lokal teaterførestilling med historisk innhald som gjennom fleire år er oppført annankvar sommar på øya Giske. Førestillinga føregår utandørs.
 

Kvernes
Kvernes har opp i gjennom tidene hatt stor betydning som religiøst og kulturelt senter for store deler av Nordmøre. Det er gjort rike arkeologiske funn som forteller om tidlig bosetting. Kvernesområdet har bevarte gravminner som viser gravskikker gjennom de siste 4000 år av vår historie. Håkon den Gode lot bygge en gildestue på Møre. Mye tyder på at denne lå her på Kvernes, på Gildevollen like ved kirkene. Kvernes er muligens et av de første kirkestedene. Kvernes stavkirke er fra 1300-tallet og er en av de mest besøkte av stavkirkene i landet. Stavkirka har åpent for omvisning hele sommeren. Like ved stavkirka står Kvernes nye kirke fra 1893. Kvernes prestegård har vært bosted for flere prester som har satt spor etter seg i kirkehistorien. Her hadde bl.a. de omtalte 7-stjernene samlinger, her ble viktige skriv til kongen i København utformet. Kvernes har Nordmøres største bygdemuseum og med en rikholdig sjøavdeling har åpent for omvisning hele sommeren. Museet tar også i mot bestilling for servering og omvisning hele året.
Tar du turstien i området får du innføring i gammel historie og du vandrer ved godt bevarte gravminner. Hulveiene er av de best bevarte i fylket og forteller om tider da sleden var til helårsbruk der det ikke var veier. Kvernesområdet har de siste årene utviklet seg til å bli et «lokalt» pilegrimssted som ulike grupper oppsøker for å gjøre sine erfaringer med utgangspunkt i middelalderens pilegrimstradisjoner. Skoleklasser har hver vår sin faste «pilegrimsdag» med eget undervisningsopplegg. Konfirmantene har sin dag med pilegrimsvandring langs den gamle kirkestien over fjellet. Flere ulike reisefølger kommer innom for å gå sine «pilegrimsvandringer» gjerne med lokale turledere. For de ulike pilegrimsfølgene er pilegrimsmesse i stavkirka et naturlig innslag. Klippen er et tilflyttet hus fra 1927,ligger like ved kirkene og er et naturlig sted for enkel servering, da på forespørsel. Kvernes kirke har et rikt konserttilbud med inntil 9 -10 konserter hver sommer.Kvernes med sin beliggenhet og med sin unike historie blir et godt stoppested for de som finner veien hit. Kvernes er Averøy kommune sitt tusenårssted.
 

Smøla
Kulisteinen på øya Kuløy i Smøla kommune har ei runeinnskrift som henspeglar på innføringa av kristendommen: Tore og Hallvard reiste denne steinen etter (Ulvjlot)…. Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg…. Truleg har slektningar reist steinen med tekst på til minne om ein avdød, og denne type innskrift er vanleg på runesteinane frå mellomalderen. Det spesielle her er at steinen kan daterast – og samtidig gi indikasjon på når kristendommen vart offisielt innført i Noreg. Som nemnt viser arkeologiske undersøkingar at det har gått ei trebru over eit myrlendt område fram til staden der Kulisteinen opphavleg stod. Det var ein vanleg skikk i Norden å bygge ei bru i tilknyting til slike bautasteinar, og det er difor sannsynleg at brua vart laga samtidig med at steinen vart reist. Brua kan slik datere steinen til 1034. Skrift og språkforma på steinen tyder også på ei datering til byrjinga av 1000-talet (Rindal og Steinsland 2001:134-135). Mykje tyder difor på at Kulisteinen viser til Mostertinget som fann stad tidleg i 1020-åra, og steinen blir gjerne rekna som Noregs dåpsattest. Den originale kulisteinen med runeinnskrift står i dag i Vitenskapsmuseet i Trondheim, men ein kopi er sett opp på Kuløy på staden der Kulisteinen opphavleg stod.
 

Edøy gamle kyrkje
I Edøyfjorden eit stykke innafor Kuløy ligg øya Edøy. Her står Edøy gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå rundt 1190 som også kan utgjere ein naturleg stopp langs Kystpilegrimsleia i dette området. Truleg vart kyrkja bygd som eit privat kapell for kongen sin ombodsmann på Edøy. Kyrkja har eit rektangulært skip og eit kor som er plassert skeivt i forhold til skipet. Kyrkja vart påbygd i 1690. Ho er kvitkalka innvendig og interiøret er av nyare dato. Det er også andre kulturminne på Edøy, m.a. eit fornminneområde med gravhaugar. Her ligg det også ei trearma stjernerøys. Dette tyder på at Edøy har vore ein stad av betyding tilbake til forhistorisk tid. På Edøy kjem ein med både ferje og hurtigbåt. Det er også marina og ankringsområde for privatbåtar. På Edøy ligg også kultursenteret Gurisenteret. Her er det utstillingar av ulike slag, og ei av Noregs flottaste utescener er plassert her med plass til 1000 personar. Utescena er forma som eit gresk amfi og er m.a. arena for den årlege oppsettinga av spelet «Fru Guri av Edøy». På Gurisenteret er det også turistinformasjon, kafé og venterom for trafikantar (http://www.gurisentret.no/gurisentret). Gurisenteret bidreg til å knyte historia til øya og attraksjonane her saman. Hovudfokuset i sentret er trusskifte og mellomalder.
Det er gode muligheiter for turar i lokalområdet. Ei fin vandrerute for besøkande kan vere å gå frå Gurisenteret, via Edøy gamle kyrkje og over brua til Kuløy og Kulisteinen. Ei anna rute kan vere å gå frå Gurisenteret via stjernerøysa, kyrkja og opp på det høgaste punktet vest for Edøygarden der det ligg eit kystfort frå andre verdskrig. Dette vil gi besøkande anledning til å sjå kulturminne frå ulike tider – og innblikk i livet ved kysten frå forhistoriske tid og heilt opp til i dag.

 

Veøya
Veøya har ei  sentral beliggenhet midt i Romsdalsfjorden med gode naturhavner og med ei rik historie. Veøya betyr «den heilage øya» og her finn me både spor etter førkristen kult, dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet, ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1750 og eit vakkert kulturlandskap. Veøya var ein av dei få byane («kaupstadane») i Noreg i mellomalderen, og i sagalitteraturen og i eldre norske diplom høyrer me mykje om kaupstaden på Veøya og dei mange kyrkjene der. Peterskyrkja på Veøya var hovudkyrkje for Raumsdølafylke i mellomalderen, og var i bruk fram til 1907. Prestegarden på øya vart fråflytta på same tida. I 1970 vart nordre del av øya vernet som det første landskapsvernområdet i landet, med føremål å bevare eit særeige natur- og kulturlandskap kring den gamle fylkeskyrkja og prestegarden på Veøya. I 1990 overtok Romsdalsmuseet prestegarden på øya, og kyrkje og prestegardsbygningar, kulturlandskap og miljø forvaltas i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Molde kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Reins kloster

Trøndelag

Dolm middelalderkirke
Dolmsundet ligg som en øst-vestgående kanal mellom Dolmøya og «Fastlands»-Hitra. På begge sider av dette sundet finnes det store mengder kulturminner helt tilbake til steinalderen og inn i mellomalderen og nyere tid. Nærmere hundre boplasser fra steinalderen er registrert, samt et lignende antall gravminner fra jernalderen. Flere gravrøyser fra bronsealderen er også påvist. Fra middelalderen (ca. år 1000 - 1537) kan Dolmsundet skilte med hele to kirkesteder, Dolm og Undås. Dolm middelalderkirke står her fremdeles, og er en av de eldste bygningene som fortsatt er i bruk på Trøndelagskysten. Undås kirke er for lengst borte, og bare stedsnavnet avslører kirkestedet i dag. Dolm var hovedkirke på Hitra helt fram til den brant i 1920. Den ble vigslet på nytt i 1992, og kirka med omgivelser framstår i dag som en perle i landskapet. Det gamle kulturlandskapet rundt Dolm kirke er godt egnet for turgåere og flere plasser er merket med informasjonsskilt.
Dolmsundet er skilt ut som et spesielt verdifullt område, og fylkeskommunen har flere steder foretatt skjøtsel og tilrettelegging av kulturminner i mindre skala langs sundet. Det er også gjort flere tiltak for å kunne bruke kulturminnene her i kommersiell sammenheng. Det er bl.a reist en kopi av et langhus fra jernalderen etter ei utgraving på 1990-tallet. Dette ligger midt i en kulturminnepark med boplasser og gravplasser fra førhistorisk tid, og driftes av Dolmsundet Hotell.
 

Handelsstedet Hopsjø
Rett over sundet fra Dolm kirke finner vi Handelsstedet Hopsjø med historie tilbake til 1700-tallet. Her finnes kanskje den eldste bevarte kramboden i Norge, der det er mulig å kjøpe souvenirer, gammeldags godteri og lokalt kunst- og håndverk. Pakkhuset på handelsstedet er gjort om til restaurant med vekt på drikke og mat med lokal tilknytning. På brygga finner vi også en samling fra hvalfangerens storhetstid med gjenstander og bilder fra hvalstasjonen på Hestnes. Kystlaget Nattseilerne har base på Hopsjø. Nattseilerne tar vare på gamle trebåter, og er med på å bevare kystkulturen.


Austrått
Austråttborgen på Ørland kan føre sin stolte historie mer enn 800 år bakover i tid. Som sete for høvdinger og adelsmenn har herregården vært tilholdssted for mektige skikkelser i Norgeshistorien, fra Finn Arnesson - kong Olav Haraldssons mann - via Åsulv Eriksson - hertug Skules banemann - til fru Inger Ottesdatter- reformasjonens fanebærer. Mye er tapt gjennom årene men store kulturverdier har også blitt overlevert til vår tid. Austråttborgen startet som en privatkirke rundt 1200, men ble senere ombygd til privatresidens, antagelig under fru Ingers tid tidlig på 1500-tallet. Deretter bygges herregården ut på 1600-tallet av rikets kansler Ove Bjelke til det renessanseslottet vi møter i dag. Inngangsporten med Bjelkeslektens våpenskjold fører deg inn til det indre anlegget. Nedre borggård er et malerisk skue med 14 karyatider - søyler i menneskeform – som omkranser plassen. Hovedbygningen har dobbelttrapp med Norges eldste smijernsarbeid, loggia og eget kapell med fornemt inventar, blant annet 7 treskulpturer fra middelalderen.
Austråttborgen er i dag nasjonaleiendom, og det er omvisninger hele sommersesongen. Det er mulig å ta rutebåt fra Trondheim til Brekstad, og herfra er det ca. 4 km å gå til borgen. Vandringen går gjennom vakker natur. På Brekstad er det også mulig å leie sykkel, og det er godt merkede løyper både til Austråttborgen og andre steder på Ørland.


Ørland kirke
Ørland kirke (1250-1300) er Fosens eneste intakte middelalderkirke i stein. Kirken ligger på et gammelt maktsentrum som trolig også rommet et hedensk gudehov. Ørland kirke har en rik historie, og var blant annet gravkirke for Austråtts adelige eiere. Det antas at Fru Inger og hennes datter Lucie ligger gravlagt under høyalteret. Korvinduer, glassmaleri og alterbilde er laget av Gabriel Kielland i 1921, som også har laget rosevinduet på Vestfronten i Nidarosdomen.

 

Reins kloster
Gården Rein ligger på et høydedrag med utsyn over Trondheimsfjorden. Gården omtales først i Harald Hårfagres saga (konge fra rundt 865 til rundt 933), men antagelig er gården mye eldre. Gårdsnavnet og beliggenheten, samt funn av gravhauger og røyser tyder på at Rein kan være en av de tidligst bosatte trøndelagsgårdene fra bronsealderen for omlag 3000 år siden. Reins kloster ble etablert av hertug Skule ca 1226. Dette var et nonnekloster som trolig tilhørte Augustinerordenen. Mor til Magnus Lagabøter kom herfra, og hun skal ha tilbrakt sine seks siste år på klosteret. I ca. 300 år utgjorde Rein et viktig religiøst og kulturelt sentrum.
Ruinene etter klosterkirken fra 1226 preger fremdeles området, selv om mye av steinen er borte. Denne ble gjenbrukt under gjenoppbyggingen av Vår Frue kirke i Trondheim på 1600-tallet. En park omgir klosteret i dag, og her er det fint å vandre rundt på egen hånd. Det er satt ut informasjon som forteller den besøkende om området og historien her. På gården Rein produseres det i dag bl. a en håndverksbasert økologisk iskrem under merkenavnet Reins Iskrem. Et anna merkevareprodukt er Reins Klosters Aquavit – som også er økologisk. (http://reinskloster.no/). Det er mulig å ta hurtigbåt fra Trondheim til Hysnes, og fra Hysnes er det ca. 15 km til klosteret.
 

Museet Kystens Arv
Fra Reins kloster kan man gå videre til Museet Kystens Arv, som ligger flott til ned mot fjæresteinene i Stadsbygd. Museet Kystens Arv har et aktivt båtbyggeri, som bygger tradisjonelle norske klinkbygde båter året rundt. Som besøkende på museet er du velkommen inn i båtbyggeriet for å se båtbyggerne jobbe. Museet Kystens Arv er et levende museum, og tilbyr aktiviteter for hele familien. I Prestelva kan du ro med tradisjonelle båter, og flinke høvedsmenn tar deg med ut på sjøen i de største båtene for å segle. Det er også mulig for pilegrimer og andre besøkende å bestille en seglbåt med mannskap – og f. eks segle det siste stykket fram til Nidaros. (http://kystensarv.no/). 

 

Sula
Sula er Frøyas eldste kirkested. Det antas at det har vært kirke her siden 1400-tallet, men de første skriftlige kildene som omtaler kirken er Reformatsen av 1589. Sula er vakkert året rundt, og den idylliske beliggenheten gir gode kår for indre ro og refleksjon. Fra Sula fyr er det en spektakulær utsikt i alle himmelretninger. Fyret ble bygd i 1909, sammen med fyrvokterboligen, uthus og naust. Fyrstasjonen ble automatisert og avfolket i 1974. Fyrvokterboligen brukes i dag til utleie og som kunstnerbolig.

Se turforslag