Pilegrimspass og Olavsbrev

Når du reiser langs pilegrimsleden kan du samle stempel undervegs i eit pilegrimspass for å dokumentere turen. Viser du fram passet på pilegrimsmottaket i Trondheim, med stempel som dokumenterer at du har gått dei siste ti mila til Nidarosdomen, blir du tildelt Olavsbrevet.

Pilegrimspass med ulike stempler. Foto

Ein unik pilegrimstradisjon

Tradisjonen med pilegrimspass stammar frå mellomalderen. Passet vart opphavleg brukt for å dokumentere at ein var ein ekte pilegrim når ein kom som framand til ein ny stad.

Ordninga er vidareført i vår tid, men det er valfritt om ein vil skaffe pilegrimspass og samle stempel. Stempla ein samlar undervegs utgjer ei oversikt over stader ein har vitja, og fungerer som ei «minnebok» frå turen. Mange pilegrimar heng det opp på veggen når dei kjem heim.

Passet kan mellom anna stemplast på pilegrimsherberga, på regionale pilegrimssenter og i kyrkjer. Ved overnattingsstader som ikkje har stempel kan du be husverten om å få ei enkel påteikning i passet.

Du kan kjøpe pilegrimspasset her.

Olavsbrev

Olavsbrevet er eit flott minne og ei stadfesting på vel gjennomført pilegrimsvandring!

Les mer

Til fots, på sykkel eller med båt

Har du vandra dei siste ti mila inn til Trondheim og Nidarosdomen kan du be om å få Olavsbrevet som stadfesting på at du har vandra Pilegrimsleden. Du viser fram pilegrimspasset med stempel og påteikningar som dokumentasjon. Olavsbrevet vert delt ut ved pilegrimsmottaket på Nidaros pilegrimsgård som ligg rett ved Nidarosdomen. 

Turforslag som kvalifiserer til Olavsbrevet

Du kan òg få Olavsbrevet om du syklar dei siste 20 mila inn til Trondheim. Vi rår til å sykle frå Åre, Sverige til Trondheim på St. Olavsleden. 

Reiser du langs Kystpilegrimsleia, som i hovudsak er ei båtrute, må du samle minst seks stempel frå ulike nummererte nøkkelstader for å få Olavsbrevet. I tillegg må du ha eit siste stempel frå Nidarosdomen. Les mei om nøkkelstader og Kystpilegrimsleia her.

Pilegrimsmottaket i Trondheim

Vi både oppmodar og håpar at alle som har nådd pilegrimsmålet Nidarosdomen, òg tek turen innom pilegrimsmottaket på Nidaros pilegrimsgard. Her får du dei siste stempla og «pilegrimsbyens gullmynt» i pilegrimspasset. Den gjev deg gratis inngang til Nidarosdomen og mange andre fordelar i Pilegrimsbyen Trondheim. Du vert òg registrert i vår statistikk, og får Olavsbrevet dersom du oppfyller krava.

Pilegrimsmottaket er først og fremst bemanna av frivillige pilegrimsvertar som brenn for Pilegrimsleden. I tillegg til stempling, Olavsbrev og statistisk registrering, byr dei på kaffi, ein sjokoladebit og ein prat.

For grupper på over seks personar er det ønskjeleg at dei fyller ut grupperegistreringsskjemaet som ligg ved her, og sender det på epost til trondheim@pilegrimssenter.no i forkant av ankomst. Slik kan dei frivillige i pilegrimsmottaket førebu eventuelle Olavsbrev og statistikkarbeid, slik at vitjinga i mottaket vert enklare for både gruppa og vertskapet.

Det finst òg eit flott pilegrimsdiplom for pilegrimar som ikkje kvalifiserer til Olavsbrevet.

Du finn meir informasjon om pilegrimsmottaket her: Nidaros pilegrimsgård, pilgrimsmottaket

Kjøp av pilegrimspass

Pilegrimspasset kostar 50 NOK og kan kjøpast på alle regionale pilegrimssenter, samt utvalde stader (sjå oversikt under). Ynskjer du å få passet tilsendt i forkant av di pilegrimsvandring, kan du bestille passet på nett.

Kjøp her
Følgende steder selger pilegrimspass:

ONLINE:

Butikken, Nidarosdomen 

Northern Pilgrim Shop

GUDBRANDSDALSLEDEN:

Pilegrimssenter Oslo
St. Hallvards plass 3
0192 Oslo
tel: +47 480 52 949

Domkirken i Oslo
Karl Johans g. 11
0154 Oslo
tel: + 47 23 62 90 10
 

Pilegrimssenter Hamar
Storhamargata 125
2305 Hamar
tel: +47 474 78 266

Pilegrimssenter Granavollen
Kommunehuset på Granavollen
2770 Jaren
tel: +47 40 60 01 77

Bønsnes kirke
Bønsnes
3530 Røyse

Bygdestua på Hoffsvangen
Tømmerholsvegen 320
2850 Lena
+47 908 87 582

Lillehammer Vandrehjem Stasjonen
Jernbanetorget 2-4
2609 Lillehammer
+47 61260024

Gildesvollen herberge
Gråvåbakken 5
2630 Ringebu
+47 95940499

Ringebu Prestegård
2630 Ringebu
+47 61282700

Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard
2647 Sør-Fron
tlf: +47 456 04 608

Pilegrimssenter Dovrefjell
2661 Hjerkinnhus
tlf: +47 911 43651

Gammelbua i Rennebu
Voll, 7393 Rennebu
+47 995 42 018

Nidaros Pilegrimsgård
Kjøpmannsgt. 1
7013 Trondheim
tel: + 47 73 52 50 00

ØSTERDALSLEDEN:

Kirkekontoret i Trysil ved kirkevergen
Liavegen 25
2420 Trysil
tel: + 47 62 45 13 84

ROMBOLEDEN:

Hilde Kirkvoll
Kirkvollen, 7590 Tydal
tel: + 47 73 81 53 57

ST. OLAVSLEDEN:

Stiklestad Nasjonale Kultursenter
tel: + 47 74 04 42 00

KYSTPILEGRIMSLEIA:

Pilegrimssenter Selje
Selje Prestegard
c/o Innbyggertorget i Selje
Nabben 80, 6740 Selje
tel: + 47 926 29 512
(Dei fleste overnattingsstader har òg sal av pilegrimspass. Ta kontakt med Pilegrimssenter Selje for meir informasjon.)

Gulatinget
Gulen kommune
Eivindvikveien 1119
5966 Eivindvik
tel: + 47 57 78 20 06

Kvernsteinsparken i Hyllestad
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad
tel: + 47 458 71 940

Svanøy Segl Inn AS
Biskop Svanes veg 1
6914 Svanøybukt
tel: +47 468 29 215

Kinnakyrkja
Kinn kyrkjekontor
Postboks 504
6903 Florø
tel: +47 481 00 481

Kvar sommar vert det arrangert ein pilegrimsfrukost på Lian utanfor Trondheim, og stempel i pilegrimspasset er viktig å få med seg. Foto: Hans Morten Løvrød
Olavsbrevet vert delt ut ved Nidaros pilegrimsgard i Trondheim, som ligg vakkert til mellom Nidarosdomen og Nidelva.