Kongsgarden på Lygra /Lyngheisenteret
På øya Lygra, i Alver Kommune i Nordhordland, låg ein storgard som truleg var ein av kongsgardane til Hårfagreætta i rikssamlingstida. I dag fins få klåre spor att etter kongsgarden og Lyngheisenteret er besøkstaden.
Lygra, eller Luro på dialekt, ligg mellom Lurefjorden på eine sida og Lurosen på den andre. Øya er om lag 4 kilometer lang og 800 meter på det breiaste. Grøderike lausavsetningar har skapt eit godt jordbruksland. Her er det gjort ei rekkje gravfunn frå jernalderen, som syner at staden har vore eit lokalt maktsentrum. Det store gravhaugfeltet vitnar om at Lygra allereie i oldtida var ein attraktiv stad for menneske å slå seg ned. Den gong, når sjøen var vegen, låg Lygra sentralt i leia. Seinare var Lygra krongods heilt fram til bøndene sjølve tok over, og garden vart delt opp.
Storgard og krongods
Sagaen fortel at Lygra var ein gamal kongsgard og at Olav den Heilage heldt ting her for 1000 år sidan. Snorre nemner ikkje Lygra som kongsgard saman med Seim og Alrekstad under Harald Hårfagre. I Egilssoga derimot, er ”Lygra på Sæheim” omtala som ein av Harald sine storgardar. Det er nærliggjande å tru at kongsgarden låg i nærleiken av Lurevågen, der det er fleire store gravhaugar frå jernalderen. Ved Lurevågen finn ein og både tingstaden, som i dag vert kalla Tingstadbakken, og kyrkja. Ved utgangen av mellomalderen låg det to gardar på øya, Indre Lygra (Innlygra) og Ytre Lygra (Utlygra). Begge var krongods, noko som støttar opp om at garden hadde ei fortid som kongsgard. Det er rimeleg å sjå Seim og Lygra i samanheng. For å koma til Seim sjøvegen måtte ein segla inn Lurefjorden. Alle våpengravene på Lygra indikerer at det her kan ha vore ein vaktstyrke som skulle passa på at ingen kom overraskande på kongen medan han oppheldt seg på Seim. Les meir om storgarden her:
https://www.grind.no/nordhordland/lindas/lygra
Mange gravfunn
Vi kjenner til ti gravfunn på Lygra frå yngre jernalder. Heile seks av desse er våpengraver, den desidert tettaste konsentrasjonen av slike graver i Nordhordland. Dei fleste våpengravene kan truleg datertast til 900-talet. To gravhaugar på Lygra går under namnet Kongshaugen. Den eine av desse blir også kalla Gullhaugen. Den sistnemnte er kring 20 meter i tverrmål og 2 meter høg. I haugen er det påvist to gravleggingar, ei mannsgrav og ei kvinnegrav, frå 800- eller 900-talet. I første halvdel av 1800-talet var der fleire, mellom dei biskop Neuman i Bergen, som argumenterte for at Håkon den gode var gravlagt i ein av kongshaugane på Lygra og ikkje på Seim.
Lygra Kyrkje
Lygra er ein av kyrkjestadene i Nordhordland frå mellomalderen. Kyrkja vart reist ved gamletunet på storgarden Lygra, med fritt utsyn over fjorden og landskapet kring. I skriftlege kjelder er det nemnt ei kyrkje her første gong i 1321. Seks år seinare vart Lygra kyrkje oppgjeve å vera annekskyrkje under Lindås. Annekskyrkjer utan eigen prest blei først vanlege som følgje av svartedauden og folketapet etter 1350. Kvifor kyrkja på Lygra ikkje hadde prest i 1327, er såleis noko usikkert. Kyrkja er oppført som soknekyrkje i jordeboka Bergens kalvskinn, truleg laga i 1350-åra, så vi må tru at her har vore prest tidlegare. Sannsynlegvis er Lygra mellom dei eldste kyrkjestadene i distriktet. Meir om kyrkja finn du på Digitalt Museum her:
https://digitaltmuseum.no/011085442760/lygra-kyrkje
Lyngheisenteret
Lyngheisenteret er eit nasjonalt kunnskapssenter for bevaring og formidling av kystlynghei, og eit museum der landskapet er sjølve samlinga til muséet. Dette er ein stad der historia møter naturprakt med dei opne kystlyngheiene. På Lyngheisenteret opnast portane til ei verd av kystkultur og historie Her kan ein lære om livet til fiskarbøndene og korleis dei tok vare på landskapet, gjennom film, utstillingar, guida turar og levande historieforteljing. Her held dei tradisjonen med lyngbrenning i live og har villsauer i utmarka heile året. Informasjonsbygget, med utstilling, auditorium, kafé og museumsbutikk, er ope for publikum frå påske til slutten av september kvart år. Grupper kan komme på besøk heile året. Her er folk på arbeid fleire dagar i veka også utanfor publikumssesongen og pilegrimar er alltid velkomne. Stempel til pilegrimspasset er tilgjengeleg også utanom opningstidene. Lyngheisenteret er ein del av Museumssenteret i Hordaland.
Herberge
Magnusgarden er Lyngheisenteret sin eigen gard. Her dyrkast det grønsaker, bær og litt frukt til kaféen vår. Her er ein liten flokk med sauer av rasen gamalnorsk spel. Våningshuset leigast ut til grupper og enkeltpersonar. Eigen pris for pilegrimar. Ta kontakt om du ønskjer å overnatte.
Adresse: Lurevegen 1575, 5912 Seim
Telefon: 56 35 64 10
E-post: lyngheisenteret@muho.no
Heimeside: www.muho.no/lyngheisenteret