Kystpilegrimsleia

Egersund - Stavanger - Bergen - Ålesund - Trondheim
1080 KM 24 dager
Ei spektakulær og vakker reise langs kysten med fjordar, øyer, holmar, skjær og historiske kystkulturmiljø - ein saga frå viking til pilegrim.

Frå Egersund til Trondheim

Kystpilegrimsleia er ei historisk ferdselsåre som startar i Egersund og endar ved Nidarosdomen i Trondheim. Strekninga byr på fantastiske naturopplevingar i ville og vakre kystområdar med enorme historiske og kulturelle verdiar. Det blir ei reise som berører, uansett om den er på ein dag eller på fleire veker.

Dei fleste kombinerer reisa langs Kystpilegrimsleia med båt, buss og vandring. Ja, til og med sykkel og kajakk kan brukas på ein del av strekningane.

Slik reiser du

Kystpilegrimsleia er ei historisk ferdselsåre både til havs og til lands. Dette var den mest brukte pilegrimsruta i middelalderen. Den skil seg frå innlandsledane ved at du må kombinere ulike ferdselsformer. Du kan ikkje gå heile ruta, men det er ein rekke vandremoglegheiter langs leia. Nøkkelstadene og enkelte vandringsstrekningar er godt merka. Reiser du med eigen båt, kan sjøen bere deg frå nøkkelstad til nøkkelstad. Utan eigen båt kan du reise med offentleg transport, kajakk, sykkel, bil, eller ein kombinasjon av desse. Enkelte stader langs leia kan du også sjå og prøve tradisjonsbåtar som er del av UNESCOs verdsarv.

Nytt reiseappen Entur.no for å planlegge kollektive reiser langs heile leia. Dei enkelte fylka har eigne reiseplanleggarar, desse er:


Kort eller langt?

Du vel sjølv kor lenge turen skal vare. Dei fleste reiser nokre dagar om gongen, mens nokre legg ut på heile reisa frå Egersund til Trondheim i eit strekk. Dersom du vel å reise innom samtlege 25 nøkkelstader, bør du planlegge å bruke 3-4 veker. Det enkle livet eller litt luksus, saman med andre eller aleine? Lokal matkultur på kvit duk eller i matpakke? Overnatte i sovepose, på herberge eller i ein suite på hotell? Det meste er mogleg langs Kystpilegrimsleia.

Planlegging og hjelp til reisa

På pilegrimsleden.no finn du eit digitalt kart over kystpilegrimsleia der nøkkelstader, båt- og busstopp, overnattingsstader, servering og attraksjonar er lagt inn. På nettsida finn du også turforslag og informasjon om dei ulike nøkkelstadene.

Det er fire regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia. Oppgava deira er å rettleie for pilegrimsreiser innan sine respektive regionar. Dei er også klare til å hjelpe deg med informasjon om sitt område, og kan kontaktast heile året.


Dei regionale sentra langs leia

Kystpilegrimsleia blei godkjend som ein St. Olav veg til Trondheim i desember 2017. I juni 2018 blei det foretatt ein opningsseilas med MS Risør frå Egersund til Trondheim.

Kystpilegrimsleia har valt å ha fire regionale pilegrimssenter (RPS), og dei er:

Stadig yngre vel å reise på pilegrimsferd

Foto: Heidi Marie Gøperød

Historia

Pilegrimane nytta mange leier på si ferd, alt etter vær og vind. Somme tider mest til sjøs, somme tider mest til lands. Ei variert reise med vandring og båt har kystleia til alle tider vore.

Langs leia danna det seg tidleg knutepunkt i samferdsla; gode ankerplassar, lune hamner, rike fiskefelt. Alt i mellomalderen vart denne ferdsla regulert gjennom «sælehus» som kongen let byggja for ferdafolket, slik vi ser spor etter i namnet på den gamle gjestgjevarstaden Salhus nord for Bergen. På 1500-talet finn vi gjestgjevarstaden på Bakholmen i Austevoll avmerkt på Olav Magnus Carta Marina.

Når vi kjem fram til 1600-talet, ser vi at kongens embetsmenn i København gjev retningslinjer for forordningar om organisering av samferdsla langs norskekysten, for å dekkja behovet for overnattingsstader: «Paa hver norske Miilveis, eller saa omtrent efter Stedernes Leilighed, skal holdes og skee Skifte, og paa hver tredie Miil forordnes en smuk formuendes Mand paa en god beleilig Gaard ved alfare Veien til Lands, saavelsom ogsaa til Vands det næste Søekanten skee kan, som kan holde Gjestgiverie, saa den Reisende kan bekomme nødtørftig Øll og Mad samt Logement og Natteleie…» (Forordning om Skydsfærd til Lands og Vands, samt Gjestgiverier i Norge. 24.decebr. 1648).

Med nokre sjømils mellomrom voks det fram eit nettverk av gjestgjevarstader, strategisk plasserte på sentrale punkt, med gode hamner langs leia, med skysskaffar som tok hand om dei reisande. Mange av gjestgjeveria var også handelsstader. Handelsløyve fekk ein gjennom kongelege privilegiebrev som gav einerett på handelen innanfor eit visst område. For å få slike kongebrev måtte ein ha borgarskap i Bergen. Handlen på Vestlandet var såleis i hendene på velståande bergenskjøpmenn.

I 1842 vart handelslovgjevinga liberalisert og den gamle ordninga med privilegiebrev fall bort. Etter midten av 1800-talet veks det fram eit tett mønster av yngre handelsstader, ofte kombinert med dampskipsstoppestad og postekspedisjon, etter kvart som dampskipsferdsla avløyser seglskutene. Snøggbåtane har på ny gjort leia til ein hovudveg langs kysten.

Reisa startar i Egersund og endar ved nasjonalheilagdomen Nidaros domkyrkje i Trondheim. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537.

Pilegrimspass og Olavsbrev

Alle som reiser langs St. Olavsvegane kan få kjøpt pilegrimspass. Dette gir deg rabatt på overnatting og andre tilbod til pilegrimar. Kontakt eit av pilegrimssentra for å kjøpe det på førehand, eller kjøp det på ein nøkkelstad. Passet blir di eiga personlege minnebok frå reisa. Dersom du har stempel frå minst seks nøkkelstader, kvalifiserer du til å motta eit Olavsbrev på Nidaros Pilegrimsgard i Trondheim.

Ofte stilte spørsmål

Kor får du tak i pilgrimspass?
Pilegrimspasset kan du kjøpe ved alle Regionale pilegrimssenter (RPS) og enkelte nøkkelsteder langs Kystpilegrimsleia, sjekk oversikten vår her.

Finst det guidebøker for Kystpilegrimsleia?
Det er i juni 2020 gitt ut ei Reisehånbok for Kystpilegrimsleia.

Kor langt er det vanleg å reise kvar dag?
På pilegrimsleier i innlandet reknar ein ca 20 km på ein dag, men på Kystpilegrimsleia reiser ein ofte delar av turen med offentleg transport. Det kan difor bli lengre strekningar med båt eller buss, og dagsetappene vil her variere med dei lokale forholda for offentleg transport.

Dersom ein padlar eller ror, er det normalt at ein klarer ca. 30 km per dag. Her vil vêr, vind, straum og bølgjer vere svært avgjerande for framdrift.

Dersom ein brukar tradisjonelle segl-/motorbåtar, er dette ofte «saktegåande» fartøyer som vil bruke lengre tid enn offentleg transport. Segl- og motorbåtar blir sett opp i samband med felles pakketurar og arrangement.

Kor lang tid tar det å reise hele Kystpilegrimsleia?
Kystpilegrimsleia har 25 nøkkelsteder ein kan besøke frå Egersund til Trondheim. Du finn oversikt over nøkkelstadene i artikkelen øvst på sida. Dersom du skal innom samtlege nøkkelstader bør du planlegge å bruke ca. 24 dagar eller meir.

Er det trygt å reise aleine langs Kystpilegrimsleia?
Det er trygt å reise aleine langs kysten, men det forutset at den reisande tek omsyn til vêr og klima langs Kystpilegrimsleia.

Kan eg bestille bagasjetransport?
Det er ikkje lagt opp til andre muligheiter for å sende bagasje enn det som finst med rutegåande og offentleg transport.

Korleis er nivået på overnattingsstadene?
Nivået på overnattingsstadene varierer, frå enkle sjølvbetente hytter, til pilegrimsherberge eller hotell.

Må eg bestille overnatting på forhånd?
Vi tilrår at du reserverer plass på pilegrimsherberge og hotell på førehan. Mange av overnattingsstadene på dei små tettstadene har begrensa med overnattingsplassar, medan det er større utval i byane. Det er lurt å sikre seg sengeplass eit par dagar før du kjem til staden.

Kor kan eg legge til havn langs Kystpilegrimsleia?
Dersom du ønskjer å reise med eigen båt, er det eit stort antal registrerte havner for småbåtar og større fartøy langs Kystpilegrimsleia. Her finn du ei oversikt over norske registrerte havner: www.harbourguide.com/no/

Er det opne kyrkjer langs Kystpilegrimsleia?
Langs Kystpilegrimsleia ligg det mange vakre kyrkjer frå mellomalderen og fram til i dag, og fleire av desse har ope om sommaren og i helgene. Om du skulle møte ei lukka dør, sjekk om det er informasjon tilgjengelig i nærleiken av kyrkja som seier noko om tilbod for pilegrimar. Mange kyrkjelydar stiller opp og opnar kyrkja utanom opningstider for pilegrimar som ønskjer det. Her kan du finne informasjon om opne kirker: www.kirkesok.no.

Dei fleste kyrkjene skal også ha ei postkasse der du kan få stempel i pilegrimspasset ditt.

Kva for skotøy bør eg velge?
Vi tilråd pilegrimar å bruke inngåtte tursko, med god demping og stødigheit. Nokre vel fjellstøvlar, andre vel Gore-Tex, nokre velg tekniske løpesko med pusting og andre har med sandalar i tillegg. På Vestlandet kan det vere ein fordel å velje sko som toler vatn.

Er det lett å finne fram?
Kystpilegrimsleia er ikkje ei samanhengande merka vandringslei frå Egersund til Trondheim. Nøkkelstadene er godt merka, og enkelte vandrinsstrekningar er godt merka. Vi tilrår at du har med kart og kompass for sikkerheits skuld, i tillegg til å bruke kartet i turplanleggeren vår og set deg inn i lokale buss- og båtruter. Ta kontakt med ditt regionale pilegrimssenter for hjelp.

Eg har pakka for mykje og sekken er for tung å bere, kva gjer eg?
Send overflødig innhold med posten.

Kan eg ta med hund?
Det er fullt mogleg å gjere ei pilegrimsreise med hund, men det er ein del ting du må vere merksam på. Ha hunden i band til ei kvar tid når du vandrer gjennom beitemark der du kan treffe på dyr, og når du reiser med offentleg transport som båt og buss. Det vil på mange offentlige transportar vere ekstra kostnader for reise med hund, og på enkelte reiser kan det vere en utfordring dersom andre reisende har allergi. Sjekk om overnattingsstaden tillet hund. Det er generell bandtvang frå april til august, og enkelte stader er bandtvangen utvida.


Finner du ikkje det du leiter etter?
Profile picture of Tonje Ramse Trædal
Tonje Ramse Trædal
Tlf: +47 926 29 512
Regional leder

Om du treng hjelp eller rettleiing er vi ved Nasjonalt Pilegrimssenter og ved dei regionale pilegrimssentra alltid klare for å hjelpe deg. Ta kontakt, så skal vi eller ein av våre kollegar i pilegrimsnettverket svare deg så snart vi kan.

Spar tid ved å sjekke om svaret på spørsmålet ditt alt finst i Ofte stilte spørsmål lenger opp på sida.

Guidebøker og annan litteratur

Guideboka "Kystpilegrimsleia fra Egersund til Trondheim. En guide til nøkkelstedene". Skrive av Margun Pettersen, gjeven ut på Mosaikk Forlag. Flott og hendig reisehandbok å ha med på tur langs Kystpilegrimsleia, eller ha som verktøy i planlegginga av turen din. Ho er skreve på bestilling av Nasjonalt pilegrimssenter i Trondheim. Les meir om forfatter, bestilling og forlag her.

Praktboka "Kystpilegrimsleia - Sjøveien til Nidaros" av Rune Nylund Larsen. Forlaget skriv: Boken om Kystpilegrimsleia er en spektakulær og vakker reise som ledsages av de store historiefortellingene om nasjonsbygging, innføringen av kristendommen og reformasjonen, men også de nære historiene om folk som har klort seg fast ytterst i havgapet. Utgjeven 2020 av Galleri Nylund Larsen. Til sals i dei fleste større bokhandlar.

Turforslag langs Kystpilegrimsleia

Hvor mange dager vil du gå?
Velg led

[[ notice ]]

Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.