Nøkkelstad Veøya i Molde
Telefon
+47 413 53 749Stempel
Vandring
Info
Overnatting
Viktig historisk kaupstad
På Veøya finn me både spor etter førkristen kult og dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet. Ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1750 og eit vakkert kulturlandskap.Veøya var ein av dei få byane («kaupstadane») i Noreg i mellomalderen, og i sagalitteraturen og i eldre norske diplom høyrer me mykje om kaupstaden på Veøya og dei mange kyrkjene der.
Kyrkja
Peterskyrkja på Veøya var hovudkyrkje for Raumsdølafylke i mellomalderen, og var i bruk fram til 1907. Prestegarden på øya vart fråflytta på same tida.
Første landskapsvernområde i landet
I 1970 vart nordre del av øya verna som det første landskapsvernområdet i landet. Føremålet var å bevare det særeige natur- og kulturlandskap kring den gamle fylkeskyrkja og prestegarden på Veøya. I 1990 overtok Romsdalsmuseet prestegarden på øya. Kyrkje og prestegardsbygningar, kulturlandskap og miljø forvaltas i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Molde kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Rikt kulturprogram gjennom sommaren
Romsdalsmuseet har ein rekke kulturarrangement gjennom sommaren, les meir her.
Båttransport
Dersom ein ønsker å besøke Veøya, er ein avhengig av å reise med båt. Kanskje du vil leige din eigen lille motorbåt, eller bestill skyss frå ein av desse tilbydarane:
- Fjordsaga: https://www.fjordsaga.com
- The Northwest Experience: https://www.northwestexperience.no/
- Nordøyportalen: https://www.nordoyportalen.no/
- Classic Norway: https://www.classicnorway.no/classic-norway-hotels/bater/
Overnatting
Turistforeningen har hytte for utleige på Veøya, les meir og book her.