Nøkkelsted | Overnatting | Kirke | Kulturminne | Spisested | Turistinformasjon | Naturområde

Mosterhamn med Moster gamle kyrkje og Moster Amfi

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Foto: Moster Amfi

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter ligg i på Moster, heilt sør i Vestland fylke, på øygruppa Bømlo. Senteret vart opna til nasjonaljubileet på Moster i 1995. På Mostertinget i år 1024 ble kristenretten vedteke.

MOSTER – NASJONALHISTORISK GRUNN

Lengst sør i Vestland fylke ligg øygruppa Bømlo med alle sine små øyer – over 900 til saman. Skipsleia mellom fastlandet og øyane var den viktigaste hovudfartsåra.  Nærleiken til havet og skipsleia har sett djupe nasjonalhistoriske spor på Moster som er ein av dei viktigaste stadene i Noreg si kyrkjehistorie, særskilt den første kristningstida. I Mostraparken kan du besøke Moster Amfi – og kyrkjehistoriske senter, vakre Moster gamle kyrkje, få storslagen utsikt over Bømlafjorden frå Vetahaugen, besøke Olavskjelda, vandre rundt i gamle gruvegangar, stikke innom urtehagen og kalkomnen, ta eit bad i ei marmorgruve og om ein ønsker ta lengre turar i dei mange flotte turløypene på Moster.

 

MOSTER AMFI – OG KYRKJEHISTORISKE SENTER - NORRØN TRU, KRISTNE VIKINGKONGAR OG MAKT OG RETT GJENNOM 1000 ÅR

Moster Amfi – og kyrkjehistoriske senter ligg unikt til i ei nedlagd kalk - og marmorgruve og vart opna til nasjonaljubileet på Moster i 1995. 

Senteret forvaltar nasjonalhistoria frå 995 då Olav Tryggvason steig i land på Moster, og det vart halde katolsk messe i 1024 då Kristenretten vart sett på Mostratinget av Olav Haraldsson og biskop Grimkjeld.

 

Senteret har vore arena og vertskap for to 1000 års nasjonaljubileum på Moster;

1995: «Kyrkja i Noreg i 1000 år»

2024: «Verdiar i lovverk og samfunn» 

 

Moster Amfi – og kyrkjehistoriske senter har tre flotte utstillingar:

«Frå heidendom til kristendom». Besøkande kan vandre gjennom norrøntida til den første kristningstida og få eit godt innblikk i kvifor det tok 200 – 300 år å kristna Noreg.

 

«Frå makt til rett – kven har makt?» er ei høgaktuell utstilling om demokrati, makt og avmakt, om utvikling av samfunn og lovverk gjennom 1000 år. Dette er også ei utstilling til ettertanke rundt tida vi lever i akkurat no, om verdiar, polarisering, nedbygging av demokrati, men også om håp.

 

For besøkande som er interessert i geologi kan utstillinga «Steinriket Bømlo» som ligg i gruvetunnelen vera eit spanande besøk.

Senteret har sommarope i kafeen og utstillingane og på forespørsel gjennom heile året. 

 

MOSTER GAMLE KYRKJE – EIN NASJONALSKATT

Å besøke Moster gamle kyrkje set spor. Kyrkja er frå 1100-talet og er ei av mange kystkyrkjer som vart bygd i den første kristningstida. Kyrkjebygget er enkelt, dekoren og fargane er vakre og ein ser spor etter menneske og pilegrimar både inne og ute på kyrkjeveggen. Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet i renessansestil med flotte kalkmaleri som dekker store deler av veggane. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen avdeling Hordaland. 

For booking i Moster Amfi – og kyrkjehistoriske senter og Moster gamle kyrkje, gå inn på:

 

http://www.mosteramfi.no