Nøkkelsted | Overnatting | Kulturminne

Svanøy hovedgård i Kinn kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Svanøy hovedgård kan føre historia si meir enn tusen år tilbake.

Adresse

Biskop Svanes Veg 71, 6914 Svanøybukt

Telefon

+47 90 74 46 02

Kontaktperson: Alex Nyhus

Svanøy er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. Her finn ein plantar som vanligvis ikkje veks på Vestlandet, til dømes kristtorn. Svanøy har ei lang og spennande historie. Vikingkonten Eirik Blodøks var fødd på øya. I mellomalderen stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet her. Dette var ei fjordungkyrkje i det gamle Firdafylket, og var eit viktig knutepunkt innanfor bispedømet. Kyrkja vart i 1657 erstatta av ei ny krosskyrkje av tømmer, som vart riven i 1872. Gjenstandar frå dei gamle kyrkjene kan du sjå på Svanøy hovedgård.

På den gamle kyrkjegarden står ein Olavskrossen frå tidleg 1000-tal. Den er ca 2 m høg og har ei runeskrift som fortel at "Thur let reise denne krossen etter..." Vi veit ikkje kven Thur var, men truleg var han ein rik bonde eller stormann. Steinkrossen er produsert i Hyllestad, og skal i følgje tradisjonen tidlegare ha stått på Brandsøy, godt synleg frå kystleia. 

Det gamle namnet på øya er Bru. På 1400-talet var garden blitt ein del av Bjørgvin bispestols gods. Etter reformasjonen vart Svanøy Hovedgård overtatt av kongen, og vart brukt av futar og adelsmenn. Danskekongen selde godset på 1600-talet for å finansiere krigar, og det vart kjøpt av erkebiskopen i København, Hans Svane. Namnet Svanøy fekk øya etter sonen Christopher Svane, som overtok garden og starta gruvedrift her. I 1719 vart garden seld til stiftamtskrivar Severin Seehusen, som vart adla med namnet Svanenheim. Han kom i økonomisk naud, godset vart inndregen av kongen i 1724, og mesteparten av leiglendingsbruka vart selde.

Hans Nielsen Hauge og haugianarrørsla kjøpte Svanøygodset i 1804, og dreiv det som eit mønsterbruk. Haugianarane hadde også saltkokeri og båtbyggeri. Svanøy var eit viktig senter i Sunnfjord, og på 1800-talet var her også kopargruver med over 100 mann i arbeid. I 1972 vart garden overdregen til Svanø stiftelse. I dag er anlegget med 6 bygningar, hage- og parkanlegg drive av Stiftinga Svanøy Hus. Noverande bygningar vart freda i 1924. Hovudbygningen er eit trefløya anlegg med valmtak oppført omkring 1750.

På Svanøy hovedgård er det no pilegrimsherberge, og du kan bestille mat. I turistinformasjonen på butikken ved kaia i Svanøybukt får du meir informasjon om nøkkelstaden, og du kan stemple pilegrimspasset ditt. 

Les meir om Svanøy på https://svanoy.no/

Svanøy Hovedgard sett frå lufta. Foto

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord