Regionalt Pilegrimssenter Selje
Nettsted
http://www.seljeprestegard.noAdresse
E-post
selje@pilegrimssenter.noTelefon
+47 926 29 512Kontaktinfo
e-post
selje@pilegrimssenter.noTelefon
+47 92629512Adresse
Nettside
Regionalt pilegrimssenter Selje er eit av fire regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia, og har ansvar for fem nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia mellom Sognefjorden og Stad: Gulatinget, Kvernsteinsparken i Hylletad, Kinn kyrkje, Svanøy hovedgård og Selja kloster.
Øya Selja vart det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvason i år 996 fann relikviar i ei hole på øya. Relikviane var i følgje legenda frå den gudfryktige kongsdottera Sunniva, som flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. Sankta Sunniva vart landets første helgen, og vår einaste kvinnelege helgen, etter at ho leid martyrdøden i hola på øya. Kvart år rundt 8. juli blir det feira Seljumannamesse til minne om Sta. Sunniva og Seljemennene. Dette er ein av våre eldste kristne merkedagar.
Sjå 3D-animasjonen og les meir om Selja kloster- og helgenanlegg her: https://kringom.no/nb/selja-kloster-og-helgenanlegg
Selja kloster ligg ein kort båttur frå Selje regionale pilegrimssenter. Klosterbåten går to gonger dagleg i høgsesongen, og elles på bestilling. Turen tek 2 timar, og inkluderer omvising i klosterruinane. Du kan kjøpe billettar på nettsida til Klosterbåten eller direkte på båten. Det kan vere lurt å bestille billettar på førehand. Du kan også ta lokalbåten til Bø på austsida av Selja, og gå den gamle pilegrimsvegen til klosterruinane. Turen tek ca 20 minutt. Hugs godt fottøy. Lokalbåten må bestillast dagen før. Du kan også komme deg til Selja med eigen båt. Om du har våttkort, kan du låne kajakk gratis på BUA i Selje, som du finn i Innbyggjartorget i Selje sendtrum. Her er det ope kvar dag mellom kl 09.00 og 15.30 heile året.
I Selje prestegard finn du det regionale pilegrimssenteret med pilegrimsmottak, pilegrimsovernatting, kafè og kultursenter. Selje prestegard vart etablert her på slutten av 1500-tallet, og flytta fra Bø på øya Selja. Bygningane her er frå 1500-1800-tallet, og tunet er freda. Pilegrimsmottaket er ope kvar dag i sommarsesongen mellom 15. juli og 15. august, og elles etter avtale. Her finn du også turistinformasjon, suvenirbutikk og utstillingar om Selje prestegard, Sta. Sunniva og Selja kloster. Det er 12 sengeplassar for pilegrimar i Selje prestegard. Desse kan bestillast heile året.
Du kan også leige el-syklar i Selje prestegard. Selje kiyrkje er open kvar dag hele sommeren.
Du kan få pilegrimssetempel både på Selja (Kloservågen og Bø), i Selje prestegard og ved Selje kyrkje.
Foto: Helle Frogner
Selje pilegrimssenter
Det regionale pilegrimssenteret i Selje ligg i den freda prestegarden i Selje i Stad kommune. Selje prestegard vart etablert på denne staden på slutten av 1500-talet. Hovudbygningen som i dag er pilegrimssenter m.m. vart oppførte i tida 1782-84. I tillegg er det fem andre bygningar på eigedomen oppført i perioden 1784-1884.
Pilegrimssenteret i Selje prestegard held ope dagleg i sommarsesong frå midten av. juni til midten av. august, og etter avtale resten av året.
Selje prestegard er eit kulturhus som kan lånast gratis av lag og foreiningar i Stad kommune heile året. Huset kan også leigast til møter eller selskap.
Ta kontakt med Regionalt Pilegrimssenter Selje om du ønskjer å overnatte eller bruke prestegarden.
Foto: Helle Frogner