Nøkkelsted | Kulturminne | Naturområde

Gulatinget i Gulen kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Foto: Vidar Lie

For tusen år sida ‐ før Stortinget, Domstolar og Lagmannsrettar ‐ hadde vi ting. Tinga var politiske forsamlingar med lovgjevande, dømmande og utøvande makt. Tinga er opphavet til lovene våre.

Adresse

Eivindvikvegen 708, 5966 Eivindvik

Telefon

+47 975 24 098

Kontaktinfo.:

Dagleg leiar Anne Hopland

Gulatinget var eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden frå 900 til 1300 e. Kr. Lovområda femna om heile kysten frå Agder til Sunnmøre, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres.  Gulatingslova er den eldste bevarte lovsamlinga i dei Nordiske landa.

Vi veit ikkje eksakt kor Gulatinget stod, men mykje tyder på at tinget først vart halde i Eivindvik, før det vart flytta til Flolid (Guløy) 4 km aust for Eivindvik. I Eivindvik står det framleis to steinkrossar frå tidleg 1000-tal. Desse skal i følgje sagatradisjonen vere reist av Olav Haraldson, seinare Olav den Heilage. Krossane kan ha vore reist for å vigsle tinget, eller til utandørs gudstenester før kyrkja vart bygd. Den eine krossen er keltisk, og står no utanfor Eivindvik kyrkje. Den adnre er anglesaksisk, og står på Krossteigen ovanfor kommunehuset. Her er det også ei Olavskjelde med friskt vatn. Begge krossane er hogde i Hyllestad. 

På Flolid Eivindvik finn du Tusenårsstaden med Bård Breiviks majestetiske kunstinstallasjona "tingveggen" hoggen i stein. Parken her er open heime året. Eit grindbygg i parken er innreia som ein gildehall frå vikingtida. Bygget er ope for formidling i sommarsesongen, og elles for grupper etter avtale. Her får du også ei postkasse der du kan få stempel i pilegrimspasset ditt. Hugs å skrive namn i gjesteboka.

I Eivindvik er dei to steinkrossane vel verd eit besøk, og du kan følgje ei fin kulturløype nær sentrum. I borgstova nedanfor kyrkja finn du eit lite informasjonssenter, og her kan du også stemple pilegrimspasset ditt. Det er pilegrimsherberge på Eivindvik brygge midt i Eivindvik sentrum, med gjestehamn og nærbutikk like ved.

Du kjem deg til Eivindvik med hurtigbåt til Sollibotn. Herfrå kan du følgje ein fin turveg på 2,5 km som er skilta med pilegrimsleden. Det går også buss som korresponderer med hurtigbåten. Ferjekaien i Rutledal ligg 20 km unna, og her kan du ta ferje vidare nordover til Rysjedalsvika.

Les meir om Gulatinget på: www.gulatinget.no

 

 

 

 

Tusenårsstaden med Tingveggen. Foto
Tingveggen

Foto: Vidar Lie

Eivindvik kyrkje. Foto
Eivindvik Kyrkje med Steinkrossen i front.

Foto: Vidar Lie

Steinkross. Foto
Steinkrosset på Korsteigen, nokon hundre meter frå kyrkja.

Foto: Vidar Lie