Kirke

Egersund

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Egersund blei godkjent som ladested (gitt bystatus) i 1798, men var alt i vikingtid ei viktig havn og ein fikk egen kirke i tidlig middelalder.

Kontaktinfo.:

Roger Rasmussen

e-post:

rogerra@broadpark.no

Telefon:

+47 47290837

Ein er kjent med at det i 1292 var ei St. Maria kirke (hovedkyrkje) i Egersund. Ho blei omtalt i eit brev frå pave Nicolaus IV om avlat for alle botferdige som på gitte dagar besøkte Mariakyrkja i Egersund og Olavskirken i Nidaros. Mariakyrkja stod truleg der dagens kirke står, på den såkalla «Heidningholmen», som tyder på at dette tidlegare var ein førkristen kultstad. Ei eldre kirke blei her revet i tida 1623-34 og nåværande kirke blei bygd opp som ei langkyrkje i same tidsrom. Denne fekk i 1780-årene tilbygg som gjør at den i dag står fram med korsforma plan. Innvendig er kyrkja endra fliere gonger etter dette, pga befolkningsvekst. I 1888 var ho Rogalands nest største kyrkje med 1160 sitteplassar.

Ein er kjent med at det i middelalder og var reist eit kapell i Egersund. Dette går fram av eit pavebrev fra 1308, frå Clemens V til kong Håkon 5. Magnusson. Her vert St. Laurenti kapell omtala som eit av 14 kapell i kongens eie. Truleg stod dette på ei tomt eid av Husabø gård, ein tidligere kongsgard.

Navnet Egersund kjem av den gamalnorske nemninga på leia (Eikundarsund) mellom fastlandet og Eigerøy (øya som har mye eik). Eikundarsund er omtalt i sagalitteraturen der det i Olav den Helliges saga heiter at Olav den Hellige ofte lå her med sin flåte.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande

Kyrkja er åpen for besøkande om sommaren (mandag – søndag 09.00 -14.00). Gudstenester og andre arrangement vert annonsert på eiga oppslagstavle ved inngangen.

Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler, også kalt «cookies». Cookies er digitale fotspor som gjør Pilegrimsledens nettside best mulig for deg. Les mer om personvernet her.
Les mer om personvernet her.