Kinn kyrkje i Kinn kommune
Nettsted
http://www.kinn.kyrkja.noAdresse
E-post
post@kinn.kyrkja.noTelefon
+47 458 71 940Kontakt
Øya Kinn ligg lengst vest i havet i Sunnfjord med det kjende seglingsmerket Kinnaklova, og er som Selja knytt til Seljumannakultten. Legenda vil ha det til at Kinna‐kyrkja er bygd på den verharde vestsida av øya fordi det var her ei gruppe som tilhøyrde flokken som rømde frå Irland saman med St. Sunniva, slo seg til her (sjå Selje kloster og Sunniva‐legenden). Ein av båtane i fyljet til Sta. Sunniva dreiv i land på Kinn. og systera Borgni var med her. Borni og følgjet skal i følgje legenda ha budd i hellaren over kyrkja, som har fått namnet Bornihellaren eller Byrjehellaren. Denner er mykje mindre enn hellaren på Selja.
I følgje Olav Tryggvasons saga vart Seljemennene dyrka både på Selja og Kinn, og Seljumannamesse vert framleis feira her kvar 8. juli. Både Selja og Kinn vart truleg etablert som pilegrimsmål tidleg på 1000-talet. Pilegrimar beskte truleg Kinn i samband med valfartar til Selja og Nidaros. I motsetning til Selja vart det aldri bygd noko kloster her, men den vakre kyrkja frå 1100-talet står framleis og er i bruk. Kvar sommar blir du tatt imot av frivillige kyrkjevertar her. Og i slutten av juni kan du kvart år oppleve det majestetiske Kinnaspelet i amfiet like ved kyrkja. Spelet fortel historia om Sta. Sunniva og Borgni, og tematiserer overgangen frå katolsk til protestantisk kristendom.
På Kinn finst det to pilegrimsherberge der du kan overnatte, og det går ein fin tursti rundt øya. Det er ikkje matbutikk på øya, så hugs å ta med deg det du treng frå Florø. Hugs også å avtale tidspunkt for retur med båten.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord