Borgund
I følge Snorre bygde Håkon den gode kyrkjer på Møre som så bøndene brende ned. Om nokon av desse stod på Borgund veit vi ikkje, men det er spor som tyder på at kristendommen tidleg slo rot her. På vestsida av Katavågen er det ein kristen gravplass med om lag tre hundre graver frå tidleg 1000-tal. Ei av kyrkjene på Borgund var Kristkyrkja, og Kristkyrkjene var ofte biskopkyrkjer. Kanskje var Borgund ein av dei stadene der dei første Vestlandsbispane heldt til?
Nede ved fjorden ligg Margaretakyrkja frå midt på 1100-talet. Der er også spor etter det som kan vere ei enno eldre kyrkje. Slik må Borgund ha vore eit kristen sentrum alt på 1000-talet. Ein handelsplass med god hamn og ein stad der folk på veg langs kysten kunne handle eller finne husrom og kvile.
Skreifisket i Borgundfjorden var omfattande og byen og kyrkjestaden voks. Mot slutten av 1100-talet stod her fire steinkyrkjer, alle truleg kledd med marmor som dei vann ut på øya Humla rett over fjorden. Her var Kristkyrkja, Mattiaskyrkja, Margaretakyrkja og Peterskyrkja. Den siste er no austfløyen av Borgundkyrkja slik ho står i dag. Etter tradisjonen var her og eit kloster, og på slutten av 1200-talet er det nemnd ein bror Arne i Borgund. Meir sannsynleg er det likevel at det er tale om eit hospits og ikkje eit kloster. Då hadde Borgund ein stad der pilegrimar kunne få mat og ei seng.
Bygginga av desse fire kyrkjene tok årevis og det var dyrt. Steinbygningar var ikkje dagleg kost på Møre. Like fullt vart det bygde slike kyrkjer både på Åheim, på Herøy, i Ulstein og ikkje minst på Giske. Der hadde stormennene fått reist ei marmorkyrkje ein gong på 1100-talet, og i 1345 ga pave Clemens seks hundre dagars avlat til pilegrimar som vitja kyrkja.
På 1200-talet blomstrar byen Borgund. Handelsskip kjem frå inn og utland. Store mengder tørrfisk finn vegen ut i Europa. Fastereglene til den katolske kyrkja gjer at etterspurnaden etter fisk er stor. Tørrfisk kan også lagrast i årevis og framleis vere fullt etandes. Alt ser lovandes ut, men ute i horisonten trugar mørke skyer.
Vêrlaget vert kaldare. Fisket sviktar. Tidene er ikkje like gode og byfolket klarer ikkje å halde kyrkjene i stand. Erkebisp Eiliv (1309-32) forfattar eit brev som gjev 30 dagar avlat til dei som er med på å bygge opp att Mattiaskyrkja som har forfalle. I 1349 kjem så katastrofen. Svartedauden. Mest halvparten av dei som bur på Borgund og på Sunnmøre døyr. Og i Bergen slår hanseatane seg ned og sunnmøringane dreg heller dit med varene sine. Handelen på Borgund minkar, og utpå 1500-talet er det mest slutt for byen Borgund. Av kyrkjene er berre soknekyrkja, Peterskyrkja, i bruk, og i 1640-åra vert Margaretakyrkja riven og steinen brukt til å bygge på Peterskyrkja. Borgund sokn er stort og rikt, men byen Borgund er borte, og no veks Ålesund fram.
Kontaktperson for nøkkelstaden Borgund
For spørsmål om nøkkelstaden Borgund, ta kontakt med Kari Vatne på mobil 92065380.
