Kvernsteinsparken i Hyllestad
Nettsted
https://misf.no/kvernsteinsparkenAdresse
E-post
nks@misf.noTelefon
99259072Kontaktinfo.:
Det vidstrekte kulturlandskapet i Hyllestad er som ei historiebok hoggen i stein, nærare bestemd granatglimmerskifer, og fortel om ei samanhengande bergverksdrift gjennom 1300 år, heilt tilbake til 700-talet. Med kvernsteinar kunne ein male korn til mjøl, og dette var eit heilt nødvendig produkt for å få mat på bordet. Kvernsteinane vart eksportert både til Tyskland, Danmark og Sverige. Eit anna viktig produkt frå Hyllestad var dei store steinkrossane som vart sette opp på strategiske stader langs heile Vestlandskysten på 900- og 1000-talet. Oppdragsgjevarane var truleg kongar og stormenn, og krossane var symbol på at landet var kristna. Kanskje har dei også fungert som samlingsstader for gudsteneseter.
Nøkkelstaden Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit friluftsmuseum under Musea i Sogn og Fjordane.
I Kvernsteinsparken kan du følgje skilta vandringsløyper året rundt. Formidlingstilbod med omvising, museumsbutikk og aktivitetar er tilgjengeleg kvar dag kl. 11 – 17 i sommarsesong (medio juni – medio august), og elles etter avtale. Du finn stempel i pilegrimspasset ditt i postkasse på veggen utanfor formidlingsbygget. Hugs å skrive namn i gjesteboka.
Frå Kvernsteinsparken kan du følgje den gamle kyrkjevegen til Hyllestad gamle kyrkjegard. Her finn du tre keltiske krossar frå tidleg mellomalder på hjørna av kyrkjegardsmuren. Den fjerde krossen heng i dagens Hyllestad kyrkje frå 1880.
For reisande langs Kystpilegrimsleia med eigen båt er Hyllestad gjestehamn næraste hamn. Reiser du kollektivt, kan er næraste båtstopp Rysjedalsvika, der det går ferje til Rutledal og hurtigbåt mellom Selje og Bergen.
Du finn også kolonialbutikken Spar Hyllestad i sentrum.
Hyllestad prestegard i Hyllestad sentrum er tilgjengeleg for pilegrimar i sommarsesongen.
Frå nøkkelstaden er det 11 km ut fjorden til pilegrimshostellet Sognhostel. Hefrå kan du leige sykkel, køyre bil eller ta eigen båt 24 km vestover til Korrssund i Fjaler. Her finn du også ei gjestehamn. I Korssund står ein av dei største steinkrossane i landet, produsert i Hyllestad. Krossen er 384 cm høg og 243 cm frå arm til arm. Krossen skal vere reist av Olav Haraldson, seinare Olav den Helage, som i følgje segna opna berget her slikat båtane kunne segle gjennom det smale sundet.
Frå Korssund er det 8,2 km til Fure ferjekai, der du kan ta ferje til Askvoll. Askvoll er ein stoppestead på hurtigbåten mellom Bergen og Selje.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord