Nøkkelområde langs Kystpilegrimsleia

For å koble leden til kulturhistoriske steder langs kysten, har man i arbeidet med Kystpilegrimsleia valgt å etablere såkalte nøkkelsteder, som pilegrimen kan oppsøke for å få sitt pilegrimspass stemplet.

Liste over alle 26 nøkkelsteder

1. Egersund

2. Obrestad fyr/Hå gamle prestegard

3. Stavanger domkirke

4. Utstein kloster/Utstein pilegrimsgard

5. Avaldsnes

6. Mosterhamn

7. Halsnøy kloster

8. Bergen (St. Sunniva, Mariakirken, Lysekloster)

9. Kongshaugen på Seim

10. Kongsgarden på Lygra

11. Eivindvik/Gulatinget

12. Hyllestad/Kvernsteinsparken

13. Svanøy Hovedgård

14. Kinn

15. Selja

16. Herøy gamle kyrkjestad, Herøy Kystmuseum

17. Borgund

18. Giske

19. Veøy

20. Kvernes

21. Smøla/ Edøy

22. Hitra/ Dolm kyrkje/Hopsjø handelsstad

23. Frøya med Sula

24. Ørland med Austrått og Ørland kirke

25. Indre Fosen/ Reins kloster og Museet Kystens Arv

26. Trondheim, Nidarosdomen

Egersund – «sørlandsbyen på vestlandet»

Ein idyllisk kystby i Rogaland fylke, gjerne kalt sørlandsbyen på vestlandet, eller «okka by». Egersund var alt i vikingtid ei viktig havn og ein fikk eiga kyrkje i tidleg middelalder.

Ein er kjent med at det i 1292 var ei St. Maria kyrkje i Egersund. Ho blei omtalt i eit brev frå pave Nicolaus IV om avlat for alle botferdige som på gitte dagar besøkte Mariakyrkja i Egersund og Olavskirken i Nidaros. Mariakyrkja stod truleg der dagens kyrkje står, på den såkalla «Heidningholmen», som tyder på at dette tidlegare var ein førkristen kultstad.

I Olav den Helliges saga heiter det at Olav den Hellige ofte lå her med sin flåte.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
I sommarsesong er kyrkja åpen (mandag – søndag kl. 09.00 -14.00). Gudstenester og andre arrangement vert annonsert på eiga oppslagstavle ved inngangen.

Den ville Jærkysten

Kysten langs Jæren er ein av landets mest utfordrande med tanke på båt- og skipstrafikk, noke som utallege skipsforlis vitnar om. Frå Egersund til Tananger, ei strekning på godt 8 mil, har ein ingen naturlige havner.

Reisende måtte til tider ta seg over Jærområdet til fots. Den gamle Kongeveien langs Jæren har gjenom hundreåra vore den landbaserte hovedvegen langs Jæren. I dag kan ein følgje den i om lag ei mil frå Kvassheim til Hå gamle prestegard.

Ein kan oppleve ei mengde kulturhistorisk interessante stader i form av eldre kyrkjebygg, strandgravfelt frå førhistorisk tid ( td. på Kvassheim), museer, freda fyr og krigsminne.

Fyret på Obrestad blei bygd i granitt i 1873 både til bustad og fyr. Det blei avbemanna i 1991 og fungerer i dag som museum og utstillingslokale, m.a. med fokus på fyrhistoria og krigshistoria i området. Frå fyret er det det vid utsikt over Jæren.

Hå gamle prestegard fungerer i dag som eit sentralt kunst- og kultursenter for heile Jæren (inkl. Stavanger). Deira fokus på samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar er vidgjetne. Aktivitetane på Hå gamle prestegard er knytt til dei restaurerte og påbygde gardsbygga frå tida som prestegard. Ein har og i eit eige bygg på tunet fått plass til eit lite visningssenter for funn knytta til busetnad her i steinalder.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Ein har på fyret fått avsatt eit eige stillerom for pilegrimsvandrarar. Her er og mogleg å leige rom for overnatting. På Hå gamle prestegard er det eigen kafe.

Stavanger domkyrkje – via til den heilage Swithun av Winchester

Stavanger bispedøme vart oppretta i 1125, og dette medverka til å sette fart på byutviklinga her. Domkyrkja skal ha blitt påbegynt i 1128, og ho stod ferdig på midten av 1100-talet.

Domkyrkja i Stavanger hadde fleire relikviar. Den viktigaste var truleg armbeinet av St. Svithun, og kyrkja var via til den heilage Swithun av Winchester.

I 1275 gav erkebiskop Jon Raude biskopen i Stavanger rett til å utstede avlatsbrev – m.a. for å finansiere gjenoppbygginga av kyrkjekoret som brann opp i 1272. Etter brannen vart det gamle tårnet i vest erstatta av to nye tårn i austfronten.

Dagens tilstand:
Kyrkja er bygd etter to stilartar. Skipet er romansk (frå 1100-talet) og koret er gotisk (frå 1200-talet). Det meste av interiøret i kyrkja frå mellomalderen forsvann under reformasjonen. Ved gjenoppbygginga etter brannen i 1272 fekk koret ein døypefont i kleberstein som blir rekna som ein av landets vakraste frå gotikken. Denne er framleis i bruk. På 1600-talet vart kyrkja utsmykka med inventar i barokk stil. Preikestolen blir rekna som ein av Noregs finaste arbeid i brusbarokk. Meir informasjon om kyrkja her.

Stavanger Domkyrkje påbegynt i 1128.

Utstein kloster – augustinaranes arv

Utstein klosteret på Mosterøy vart etablert som eit augustinarkloster, og var eit av mange kloster som låg tett ved kystleia. Augustinarane skulle drive utadretta diakonal verksemd – og truleg har dei husa både pilegrimar og andre reisande.

Ein antek at klosteret vart oppretta ca. 1270, og augustinarane ser ut til å ha overteke eit eldre kongsgardsanlegg då dei kom. Nyare forsking kan likevel tyde på at klosteret vart etablert allereie på 1100-talet. Staden har truleg vore eit maktsentrum langt tilbake i tid.

Hamneområda ved Utstein kloster ligg svært sentralt i krysninga melom fleire sentrale leiar – den ytre og fleire indre. Dette har truleg medverka til å gjere klosteret til ein naturleg stoppestad både for pilegrimar og andre reisande langs kysten.

I mellomalderen var det i stor grad den ytre leia frå Kvitsøy til Karmsundet nytta .

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:

Utstein kloster
er Noregs einaste fullt restaurerte mellomalderkloster. Tre klosterfløyar er framleis bevarte. I dag inngår Utstein kloster i Stavanger Museum (MUST) si verksamd. Det fungerer ikkje lenger som kloster, men gir likevel besøkande ei unik ramme for innblikk i mellomalderens klosterliv.

Klosterkyrkja står i nordfløyen av anlegget, og er godt bevart. Publikum har tilgang til klosterkyrkja, klostergarden, refektoriet (munkane sin spisesal), munkekjøkkenet og «herregårdsstuene». I tillegg er klosterhagen med 250 år gamle bøketre open for besøkande.

Det er tilrettelagte turløyper i området, og det er også utleige av kajakkar her.

I nærleiken av klosteret er Utstein pilegrimsgard etablert som eit moderne senter for stillheit, bønn, pilegrimsvandring og åndeleg rettleiing. Her ønskjer ein å vidareføre noko av den gamle bønetradisjonen frå klosterlivet.

Pilegrimsgarden har utarbeida ein skriftleg vandringsguide for utvalgte vandringsmål i nærmiljøet (Klosterøy, Fjøløy og Mosterøy). Pilegrimsgarden har også engasjert seg i pilegrimsverksemd i ein større samanheng, som vandringar til det etterreformatoriske valfartsmålet i Røldal og pilegrimsferd langs kystleia.

Utstein kloster og pilegrimsgard har lett tilkomst, og ligg berre i ca. 30 min køyreavstand frå Stavanger via Rennfast. Dette gjer Stavanger til eit godt utgangspunkt for å nå klosteret og pilegrimsgarden. Det er også gode hamneforhold her som gjer det enkelt å komme til med båt.

Avaldsnes – eit gammalt maktsentrum

Skipsleia nordover frå Stavanger går gjennom Karmsundet, med Karmøy på babord side og Haugesund på styrbord. Avaldsnes på Karmøy ligg midt i Karmsundet, der skipsleia innaskjers er på det smalaste. Karmsundet – Nordvegen – var tidlegare hovudfartsåra til Avaldsnes. Det var også denne skipsleia – Nordvegen – som gav namn til Noreg. Avaldsnes var eit viktig maktsentrum fleire tusen år tilbake i historia. Grunnlaget har vore kontrollen med og beskatninga av trafikken gjennom Karmsundet. Her skal det ha vore kongsgard frå Harald Hårfagre si tid, og Avaldsnes er eit av Noregs eldste kongssete.

På Avaldsnes står fortsatt Olavskyrkja som kong Håkon Håkonsson bygde ca. 1250 og som stod ferdig ca 1320. Kyrkja har vore eit landemerke for sjøfararar som har reist gjennom Karmsundet de siste 750 årene. Kyrkja var via til Olav den heilage. Ho vart skilt ut som eit kongelege kapell, noko som også gjorde at ho vart omfatta av det avlats-privilegium som var gitt til dei kongelege kapella. Kyrkja var såleis ei pilegrimskyrkje. Dette ser vi i eit paveleg privilegium frå 1308, som innebar at dei som besøkte kyrkja i dei store festdagane kunne få opptil eit års avlat.

Litt nord for Olavskyrkja ligg gården Salhus ved Salhusstraumen. Stadnamnet tyder på at det her var herberge for pilegrimane. Ein av dei lokale pilegrimsvegane til Karmsundet skal enno vere kjent. Denne kom austfrå og innebar båttransport over Karmsundet. Inngangen til kyrkja for pilegrimar skal ha vore gjennom ei dør på nordveggen som i dag er gjenmurt. Denne vart kalla «dei sjøfarandes dør» - kanskje fordi pilegrimane kom sjøvegen.

Det geistlege Bergen

Bergen var i store delar av mellomalderen landets økonomiske og politiske hovudstad og eit religiøst og kulturelt senter. Ingen andre norske byar hadde så mange kyrkjelege institusjonar som Bergen.

På 1300-talet hadde byen minst 20 kyrkjer, 5 kloster, 2 kyrkjelege fattighospital og bispegard med domkapittel. Det geistlege Bergen spente frå det lokale til det internasjonale samfunn – frå det minste kyrkjesokn i Nordfjord til pavekyrkja sitt sentrum og lærdomssentra i Frankrike, Italia, England og Tyskland. Det store talet på kyrkjer i Bergen kan truleg forklarast med den store tilstrauminga av folk utanfrå – ikkje minst kjøpmenn og handelsfolk.

Bergen blei bispeby i 1170 då bispesetet for Vestlandet vart flytta frå Selja til Bergen. Det same vart som nemnt relikviane til St. Sunniva – og ho vart rekna som byens skyts-helgen. Flyttinga av St. Sunniva til Bergen gjorde nok at Sunniva-kulten vart spreidd til andre land i Norden, mellom anna til Nord-Tyskland.

Bergen var ein viktig pilegrimsby, og var i seg sjølv eit valfartsmål med sine mange kyrkje, kloster og kyrkjelege institusjonar. Byen låg sentralt ved kystleia, og her var det gode overnattingsmuligheiter. Det var også gode muligheiter for pilegrimar å få seg plass og hyre på handels- og frakteskip frå Bergen.

Margaretakyrkja på Nordnes var ei valfartskyrkje. Det var truleg også Olvaskyrkja – dagens domkyrkje – i regi av sin vernehelgen. Vidare har nok pilegrimar også oppsøkt Sunnivaskrinet som vart oppbevara over høgalteret i Kristkyrkja på Holmen (Bergenhus festning) (Helle 1982:591). Eit anna viktig relikvie i Bergen var ein del av Kristi Tornekrone som Magnus Lagabøte skal ha motteke i gåve frå den franske kongen i 1274. Denne vart oppbevart i ei lite privatkyrkje på Holmen (Bergenhus festning) – Apostelkyrkja.

I dag er det berre tre igjen av Bergens mange mellomalderkyrkjer, Mariakirken, Domkirken (fransiskanerane si Olavskyrkje) og Korskirken. Desse er alle godt bevart og vel verdt ein stopp. Bryggen Eit av dei mest kjente kulturminna frå byen er likevel Bryggen i Bergen. Det var her byens aller første busetnad voks fram. Den gamle trehusbusetnaden som står der i dag stammar frå 1700-talet, men er bygd over nedbrente restar av mellomalderbyen.

Bryggen representerer eit av verdas fremste kulturminner, og er på UNESCO’s World Heritage List. Holmen/Bergenhus I tillegg er kongsgardsanlegget frå mellom-alderen på Holmen/Bergenhus festning verdt eit besøk. Her kan ein sjå Kristkirketomten der skrinet til St. Sunniva vart oppbevara ved høgalteret etter at det vart flytta til Bergen i 1170. I mellomalderen var dette domkyrkja i Bergen. Ho var også ei kroningskyrkje og ei kongeleg begravelseskyrkje.

Håkonshallen og Rosenkrantztårnet som høyrde til sjølve kongsgardsanlegget på Holmen bør også besøkast. Håkonshallen vart bygd av kong Håkon Håkonsson i 1261, og utgjer i dag den største profane mellomalderbygningen i Noreg. Rosenkrantztårnet er på si side det viktigaste renesansebygget vi har her i landet, og daterer seg til 1600-talet. Delar av tårnet er likevel eldre. Dette var kastellet ved sjøen som vart bygd av kong Magnus Lagabøte i 1270-åra.

Både Rosenkrantztårnet og Håkonshallen er i dag ein del av Bymuseet i Bergen, og her er det mulig for besøkande å komme inn og få omvisingar heile året gjennom.

Lysekloster var eit cisterciensar-kloster som vart påbegynt rundt 1150. Munkane på Lyse kom frå Fountains i York, og har truleg teke med seg sine eigne handverkarar til bygginga av klosteret). Cisterciensarklostera skulle ligge avsondra frå omverda, og dei vart difor lagt til aude stader – noko som også er tilfelle for Lysekloster. Klosteret ligg i landlige omgivnadar i noverande Os kommune, ca. 2 mil sør for Bergen sentrum.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande I dag er det berre ruinane av grunnmurane som står igjen etter klosteranlegget. Desse gir eit godt inntrykk av klosteret si grunnflate og forskjellige rom i grunnplanet, og klosterområdet framstår i dag som eit svært idyllisk område.

Kjelde: Digitalt fortalt, http://digitaltfortalt.no

Halsnøy kloster

Halsnøy kloster Halsnøy kloster ligg midt i det frodige fjordlandskapet i Sunnhordland, på eitt av dei låge eida, eller ‘halsane’ som har gjeve øya namn. Slake bøar skrånar ned mot sjøen på begge sider; i sør mot Klosterfjorden, i nord mot den lune Klostervågen. Halsnøy kloster vart truleg grunnlagt i 1163-64 av Erling Skakke, etter kroninga av sonen Magnus: «Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader, at bygge sin søn til bønerhold Halsnø kloster, sancto Augustino til lov og ære» (Bergens Fundats 1580). Om Erling gav grunn til klosteret frå eige gods eller frå kongens, veit vi ikkje, men det må ha lege ein stor og god gard her før klosteret vart grunnlagt. Dei som heldt til i dette augustinarklosteret var ikkje munkar i eigentleg forstand, men prestar som vart kalla regulære kannikar eller korbrør. Truleg var det ikkje fleire enn 13 korbrør i klosteret. I tillegg kom teneste-folk og andre som hadde ansvar for klosterdrifta. Halsnøy vart eitt av våre største og viktigaste kloster i mellomalderen. Det hadde store jordeigedomar på Vestlandet, dei fleste i Sunnhordland og nordre del av Ryfylke. Kring 1300 vart klosteranlegget ombygt og utvida, og slik stod anlegget heilt fram til reformasjonen. Då byrja forfallet; klosteret hadde vorte ein adeleg setegard med vekslande eigarar. I 1642 fekk Erik Ottesen i Orning på Stord løyve frå kongen til å ta 400 stein frå kyrkjeruinane for å utbetra dei andre bygningane. Kjelde: Digitalt fortalt; http://digitaltfortalt.no

Moster

Lengst sør i Sunnhordland ligg øygruppa Bømlo med alle sine små øyer – over 900 til saman. Nærleiken til havet og skipsleia har prega Bømlo gjennom historia, og leia mellom fastlandet og øyane var den viktigaste allfarvegen.

Mosterhamn er ei lun og god hamn i dette kystlandskapet. Dette er også ein av dei viktigaste stadene i landets kyrkjehistorie.

Alle dei tre kristningskongane kan knytast til Moster. Olav Tryggvasson skal ha gått i land på Moster i 995 og grunnlagt kyrkje her. Med seg i følgjet sitt hadde han prestar frå England. Steinkyrkja som i dag står på Moster stammar likevel ikkje frå Olav Tryggvasson si tid, og kven som bygde kyrkja veit vi ikkje.

Håkon den gode Adelsteinsfostre stamma frå Moster på morssida – Tora Mosterstong – og kanskje har Håkon tilbragt barneåra sine på Moster. Den tredje og siste av kristningskongane, Olav Haraldsson ha halde tingmøte på Moster i 1020-åra for å få utarbeida ein felles mal for den såkalla kristenretten.

Handlen på Vestlandet var i hendene på velståande bergenskjøpmenn. I 1842 vart handelslovgjevinga liberalisert og den gamle ordninga med privilegiebrev fall bort. Etter midten av 1800-talet veks det fram eit tett mønster av yngre handelsstader, ofte kombinert med dampskipsstoppestad og postekspedisjon, etter kvart som dampskipsferdsla avløyser seglskutene. Snøggbåtane har på ny gjort leia til ein hovudveg langs kysten. Den Indre Farleia Kongshaugen på Seim Langs den Indre Farleia finn ein Kongshaugen på Seim Sæheim (Seim) ved Lygrefjorden. Han er er nemnd som ein av kongsgardane til Harald Hårfagre. Fleire av dei første rikskongane har halde til her, og garden var krongods til fram på 1400-talet. Etter sagatradisjonen er Håkon den gode gravlagd på garden.

Dagens tilstand og tilbod til besøkande:
Det einaste som er bevart av kyrkjas mellomalderutstyr er ei kyrkjeklokke frå første del av 1200-talet med eit relieff av St. Olav støypt inn. Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet og i renessansestil, og flotte kalkmaleri dekker store deler av veggane. I 1995 feira den norske kyrkja sitt 1000 års jubileum nettopp på Moster. I samband med dette vart det bygd hus til ei religions-historisk utstilling: «Frå hedendom til kristendom». Her er det også forsamlings-rom og kafeteria.

Moster Amfi vart opna som teater- og konsertarena til urpremieren på Mostraspelet i 1984. Før 1000-års jubileet i 1995 vedtok Bømlo kommune å foreta ei større utbygging av anlegget og frå stiftinga kom det forslag om å gjera plass til ei religionshistorisk utstilling.

Kongsgarden Lygra er ein av storgardane i Nordhordland og var truleg ein av kongsgardane til Hårfagreætta i rikssamlingstida. Garden ligg på øya Luro i Lurefjorden. Denne øya er om lag fire kilometer lang og opptil 800 meter på det breiaste. Grøderike lausavsetningar har skapt det gode jordbrukslandet. På Lygra er det gjort ei rekkje gravfunn frå jernalderen, som vitnar om at staden har vore eit lokalt maktsentrum.

Kjelde: Digitalt fortalt

Gulatingstaden og steinkrossane i Gulen kommune

Gulatinget var ei årleg tingsamling som fann stad i Gulen frå tidleg 900-tal til ca. 1300-talet. Dette var eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden i mellomalderen. På 1300-talet vart Gulatinget flytta frå Gulen til Bergen.

Her heldt det fram som Gulating lagmannsrett som i dag er ein rein domstol. Den eksakte plasseringa av Gulatinget er ikkje kjent, men mykje tyder på at tinget var i Eivindvik der dei to steinkrossane er reist. Steinkrossane kan ha blitt reist for å vigsle tinget, og dei kan også ha blitt brukt i utandørs gudstenester før det vart bygd kyrkje på staden.

Den første kyrkja i Eivindivk er nemnt i skriftkjelder i 1327. Den noverande kyrkja i Eivindvik er ei langkyrkje frå 1863. Ein av steinkrossane er plassert ved hovudinngangen til kyrkjegarden. Dette er ein keltisk kross med rette armar og avrunda armholer. Den andre steinkrossen er plassert eit stykke opp i ein bakke som no kallast krossteigen. Dette er ein slankare kross med store, runde harmoniske bogar mellom armane. Under krossen er det ei oppkomme med friskt vatn – ei Olavskjelde.

I dag er det laga til ein moderne Gulatingstad i Gulen som er valt ut som tusenårsstad for Sogn og Fjordane og Gulen kommune. I eit flott parkområde er det reist monumentale kunstverk av skulptøren Bård Breivik. Besøkande kan sjå desse majestetiske installasjonane, og kunstverka «Tingveggen», Tinghelle» og «Eldsirkelen» skal minne om den innverknaden Gulatinget har hatt for Noreg som nasjon.

Steinkrossbrotet i Hyllestad kommune

I Hyllestad finn vi eit av landets største produksjonsområde for kvernsteinar. Utvinninga her går tilbake til tidleg vikingtid, ca. 700-800-talet. Produksjonen av kvernsteinar heldt fram gjennom heile mellomalderen og inn i nyare tid. Det var ikkje berre kvernsteinar som vart utvunne i Hyllestad.

Brota her har også vore ein stor og viktig produksjonsplass for steinkrossar, og fleire av steinkrossane langs Vestlandskysten og seglingsleia kjem frå Hyllestad. Under arkeologiske utgravingar av eit av steinbrota i Hyllestad er det funnet restar av til saman sju steinkrossar.

Dette er det einaste steinbrotet i landet der denne type produksjon er dokumentert, og representerer slik eit svært spesielt kulturminne. Sett i forhold til dei mange steinkrossane langs seglingsleia vil eit besøk til Hyllestad kunne gi større forståing for steinkrossane som kulturminne. Fleire av brota ligg Nokre få kilometer frå steinkrossbrotet ligg Hyllestad gamle kyrkjegard frå mellomalderen.

Kyrkja er i dag reven, men i kvart av dei fire hjørna på kyrkjegarden står det ein liten steinkross – såkalla kyrkjegardskrossar. Dette er ein anna type steinkross enn dei store frittståande steinkrossane som er nemnde tidlegare. Desse krossane var mindre, og muligvis representerer dei også ein andre generasjonsfase av steinkrossar. Truleg vart dei sett opp i samband med innviing av kyrkjegarden i nærleiken av fjorden og utskipingsplassane her.

Steinbrotet der produksjon av steinkrossar er dokumentert, ligg like vel Kvernsteinsparken i Hyllestad, eit område i produksjonslandskapet som er tilrettelagt for besøkande med stiar og informasjon. Herifrå er det også gåavstand til Hyllestad gamle kyrkjegard.

Klosteret, kyrkjeruinane og Sunnivahola på øya Selja i Selje kommune

I følgje legenda var St. Sunniva ei from irsk prinsesse som rømte saman med følgjet sitt, Seljumennene, for å sleppe unna ekteskap med ein heidning. Dei reiste av garde utan segl og årer, og båtane dreiv i land ved Norskekysten – på dei to øyene Selja i Nordfjord og Kinn i Sunnfjord ca. 970. Leivningane etter Sunniva var funne i ei hole i fjellet. Desse vart flytta til Bergen i 1170, og ho vart då rekna som Bergen sin skytshelgen. Relikviene etter Seljumennene vart verande på Selja, og danna grunnlaget for kultstaden vidare utover i mellomalderen. På byrjinga av 1100-talet vart det grunnlagt eit benediktinarkloster på Selja – truleg det første klosteret i landet. Selja blir rekna for å ha vore eit viktig valfartsmål i mellomalderen. Selja var også på Selja at Vestlandet sitt første bispesete vart oppretta i 1068.

Ruinane knytt til helgen- og valfartsstaden omfattar ein stor steinterrasse frå 1100-talet som truleg utgjorde samlingsstad for pilegrimane på dei store festdagane, særleg Seljumannamesse 8. juli som i seinmellomalderen var ein av dei største festdagane i året. Her ligg også ruinane av den romanske Sunnivakyrkja som truleg også vart oppført på 1100-talet. Rett bak denne ligg Sunnivahellaren med Sunnivahola som i mellomalderen fungerte som eit eige kapell. Ruinane etter benediktinarklosteret ligg på sletta nedanfor helgenstaden.

Mellomalderkyrkja og Bornihellaren på øya Kinn

Øya Kinn ligg lengst vest i havet i Sunnfjord med det kjente seiglingsmerket Kinnaklova , og er som Selja knytt til Seljumannakulten. Då St. Sunniva rømte over havet frå Irland skal ein del av følgjet hennar ha stranda på Kinn. Borgni, systra til Synniva, var ein av dei som skal ha drive i land på Kinn med fylgjet sitt. Ho skal ha budd i hellaren over kyrkja – som har fått namn etter ho - Bornihellaren.

Kyrkja på Kinn er frå 1100-talet og er den eldste i Nordfjord. Ho er bygd i romansk stil og truleg reist i to byggetrinn. I kyrkja ligg det delar av ein sundslegen steinkross som visstnok skal ha blitt funnet under kyrkjegolvet. Krossen står i dag i ein av alternisjane i kyrkja. Også denne steinkrossen vart ein gong hoggen i steinbrota i Hyllestad.

Kinn vart truleg etablert som pilegrimsmål samtidig med Selja, ein gong på 1000-talet. Pilegrimar besøkte sannsynlegvis øya i samband med valfart til Selja og Nidaros .

Kvar sommar sidan 1985 har det historiske spelet, Kinnaspelet, vore arrangert på øya.

Det er også etablert ein moderne pilegrimslei. Sunnivaleia, mellom dei to øyane Selja og Kinn, med årlege pilegrimsvandringar (til fots og med rutebåt).

Svanøy kyrkje og steinkross

svanøy kyrkje hadde status som fjordungkyrkje i mellomalderen, og var plassert innafor det gamle Firdafylket. Fjordung refererer til ein fjerdedel av fylket, og er nemnd i dei eldste delane av Gulatinglova, og kan daterast tilbake til tidleg mellomalder.

Fjordungkyrkjene var viktige knutepunkt innafor bispedømet, og var viktige for kommunikasjonen mellom sentrale og perifere delar av bispedømet. På kyrkjegarden på Svanøy står det ein ca. 2 meter høg steinkross med runeinnsskrift: ‘þórðr lét reisa kross þenna ept (ir..’) som er oversett til Thur lot reise denne krossen etter…. Runeinnskrifta – og dermed også steinkrossen – er datert til byrjinga av 1000-talet.

Steinkrossen er produsert i Hyllestad. Mellomalderkyrkja vart truleg reven rundt midten av 1600-talet, og ei ny kyrkje vart bygd. Denne andre kyrkja vart reven i 1872. Steinkrossen står fortsatt plassert i den austre delen av den gamle kyrkjegarden. På Svanøy ligg også den freda Svanøy hovedgård frå 1750.

Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler, også kalt «cookies». Cookies er digitale fotspor som gjør Pilegrimsledens nettside best mulig for deg. Les mer om personvernet her.
Les mer om personvernet her.