Nøkkelsted | Overnatting | Kulturminne | Naturområde

Halsnøy kloster i Kvinnherad kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Foto: Øyvind Hjelmen

Halsnøy kloster ble bygget på 1100-tallet og ligger på Halsnøy. Klosteret var et av fem augustineranlegg i Norge i middelalderen.

Halsnøy kloster ble grunnlagt rundt 1163/63 og ligger på Halsnøy i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Halsnøy kloster var et av fem augustineranlegg i middelalderen. Murane vi ser i dag er restar etter det utvida klosteranlegget som vart oppført i stein på slutten av 1200- talet/byrjinga av 1300-talet.

Halsnøy kloster Halsnøy kloster ligg midt i det frodige fjordlandskapet i Sunnhordland, på eitt av dei låge eida, eller ‘halsane’ som har gjeve øya namn. Slake bøar skrånar ned mot sjøen på begge sider; i sør mot Klosterfjorden, i nord mot den lune Klostervågen. Halsnøy kloster vart truleg grunnlagt i 1163-64 som ein allianse mellom krona og kyrkja i samband med kroninga av Magnus Erlingsson.

«Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader, at bygge sin søn til bønerhold Halsnø kloster, sancto Augustino til lov og ære» ifølge «Bergen Fundats» kilde fra 1500-tallet. Om Erling gav grunn til klosteret frå eige gods eller frå kongens, veit vi ikkje, men det må ha lege ein stor og god gard her før klosteret vart grunnlagt.

Dei som heldt til i dette augustinarklosteret var ikkje munkar i eigentleg forstand, men prestar som vart kalla regulære kannikar eller korbrør. Truleg var det ikkje fleire enn 13 korbrør i klosteret. I tillegg kom teneste-folk og andre som hadde ansvar for klosterdrifta. Halsnøy vart eitt av våre største og viktigaste kloster i mellomalderen. Det hadde store jordeigedomar på Vestlandet, dei fleste i Sunnhordland og nordre del av Ryfylke. Kring 1300 vart klosteranlegget ombygt og utvida, og slik stod anlegget heilt fram til reformasjonen. Då byrja forfallet; klosteret hadde vorte ein adeleg setegard med vekslande eigarar. I 1642 fekk Erik Ottesen i Orning på Stord løyve frå kongen til å ta 400 stein frå kyrkjeruinane for å utbetra sine eigne bygg, truleg på Stord. Klosteret fungerte sidan som fogderiembete/amtmanns gard fram til Juel-familien byrja med storgardsdrift fram til den gong Sunnhordland museum og sogelag overtok eigedomen i 1958.

Halsnøy kloster er ei eigen avdeling i Sunnhordland museum som formidlingsstad for historia, for einskildpersonar, grupper og skuleklassar, samt som arrangør av mange ulike kulturarrangement gjennom året, vigslingar, gudstenester og noko utleige av lokala til samkomer. Dei leiger ikkje ut for overnatting.

Ruins of gamle steinbygninger omgitt av grønt gress og frodig treverk; små vinduer i steinmuren og terskler dekket av gress, store trær i bakgrunnen.

Copyright: @helenpetersen

Frynnet vårlandskap med hvite snøklokker i en skrå grønn skråning, flere hvite-barkete trær langs kanten, en dryg steinmur og ruinlignende bygning med tak, og en rolig blå vannflate i bakgrunnen under blå himmel.

Copyright: @helenpetersen

Tilbakevendende landskap med hvitmalt hus og gamle steinruiner, grønn plen og trær, par av mennesker i bakgrunnen ved et skarst.

copyright: @helenpetersen

Hytte av stein med skråtak ved vann, omgitt av høstlige gule trær og fallende løv på grønt gress, blå himmel med få skyer i bakgrunnen.

copyright: @helenpetersen