Pilegrimssenter Selje
Regionalt Pilegrimssenter Selje er lokalisert i Selje i Stad kommune, med pilegrimsmottak og pilegrimsovernatting i Selje prestegard. Pilegrimssenteret i Selje har ansvar for strekninga mellom Sognefjorden og Stad, med nøkkelstadene Gulatinget, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Svanøy hovedgård og Selja kloster.

Foto: Helle Frogner
Kontaktinfo | Daglig leder Tonje Ramse Trædal | |
e-post | selje@pilegrimssenter.no | |
Telefon | +47 926 29 512 | |
Adresse | Selje prestegard, Nabben 5, 6740 Selje | |
Nettside | www.seljeprestegard.no |
Ansatte

Nøkkelstadar
Regionalt pilegrimssenter Selje er eit av fire regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia. Senteret skal bidra med råd og rettleiing for pilegrimar, næringsliv og interessentar knytt til desse fem nøkkelstadane:
- Gulatinget i Gulen kommune
- Kvernsteinparken i Hyllestad kommune
- Kinn kyrkje i Kinn kommune
- Svanøy hovedgård i Kinn kommune
- Selja kloster i Stad kommune

Nøkkelstadene og pilegrimsmottaket
Hurtigbåten mellom Bergen og Selje tek deg til alle dei fem nøkkelstadene i vårt område. Mellom Kinn og Selja klan du vandre langs Sunnivaleia.
Selja kloster ligg på øya Selja utanfor Selje sentrum, var Noregs første pilegrimsmål etter at Olav Tryggvason fann levningane etter Sta. Sunniva og Seljemennene i 996. Du kan gå langs den tusen år gamle pilegrimsvegen over øya, og i høgsesongen er det daglege omvisingar i klosterruinane.
Kinn kyrkje og Svanøy hovedgård ligg på øyene Kinn og Svanøy utanfor Florø. Hit kjem du deg med lokalbåt frå Florø. Det går ikkje båt mellom Kinn og Svanøy, så du må tilbake til Florø. På Kinn finn du den vakre steikyrkja frå 1100-talet, der du blir tatt imot av frivillig vertskap heile sommaren. Å gå rundt øya forbi Kinnaklova er ei oppleving. På frodige Svanøy finn du ein to meter høg steinkross frå tidleg 1000-tal med runeinskripsjon og godset Svanøy Hovedgård, som var sete for Haugianarane på 1800-talet. Her er det mogleg å bestille overnatting og mat.
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit friluftsmuseum under Musea i Sogn og Fjordane. Her har det vore produsert og eksportert store mengder kvernsteinar sidan 700-talet. Mange av dei store steinkrossane som vart sett opp langs kysten i den tidlege kristningsperioden på 900-og 1000-talet er produserte i Hyllestad.
Gulatinget ligg rett over Sognefjorden for Hyllestad, og er eitt av dei eldste og største regionale tinga i Norden frå mellomalderen. Her samla folk seg frå heile Vestlandet fir å drøfte politikk, lage lover og dømme i saker. Gulatingslova er den eldste bevarte lovsamlinga i Norden. På nøkkelstaden Gulatinget finn du også ei Olavskjelde og to store steinkrossar frå 1000-talet. Den eine står på Krossteigen i Eivindvik, den andre framfor kyrkja. 4 km utanfor sentrum finn du også formidlingsarenaen og tusenårsstaden med det monumentale kunstverket "Tingveggen" av Bård Breivik.
I Selje prestegard finn du det regionale pilegrimssenteret med pilegrimsmottak, pilegrimsovernatting og kulturstove. Selje prestegard vart etablert her på slutten av 1500-talet, og flytta frå øya Selja. Bygningane her er frå 1500-1800-talet, og tunet er freda. Pilegrimsmottaket er ope kvar dag i sommarsesongen mellom 15. juli og 15. august, og det er elles etter avtale heile året. Her finn du også turistinformasjon, sal av suvenirar og utstillingar om Selje prestegard, Sta. Sunniva og Selja kloster. Det er utleige av el-syklar, og om du vil låne kajakk eller anna turutstyr, finst dette på BUA Selje vegg i vegg. Selje kyrkje er open kvar dag heile sommaren.
Dersom du vil besøke klosterøya Selja, kan du bestille billettar på https://www.fjordguidingselje i sommarsesongen. Det finst også ei lokal båtrute til Bø, der du må bestille plass seinast dagen før på: chrome-extension://efaidnbmnnnibpcajpcglclefindmkaj/https://www.skyss.no/globalass...
Det er 12 sengeplassar i Selje prestegard, Du kan bestille overnatting gjennom Selje Regionale Pilegrimssenter. Les meir her: https://seljeprestegard.no/ove...

