Kulturminne

Vårstigen

Ligger langs Gudbrandsdalsleden
«det misligste Hovedveistykke i hele Riget»

Fram til ca. 1710 stod fjellstua i dette området, som no blir kalla Gammelholet. Det offisielle namnet den gongen var Hullet. Dette verset stod på ei tavle i Hullet i 1704:

Naar andre mun leede
i Heede og Kulde at finde et Hul.
Da tack du den Bunde
om ickun de kunde
for Fresen og Kuld
faa Plads i hans Hul.

Etter eit jordras vart fjellstua flytta sørover dit ho står i dag, og fekk namnet Kongsvolden. Dette namnet er knytt til kong Fredrik 4. Nordover her blir dalen trong, og når elva gjekk stor, for eksempel i vårflaumen, var det uframkomeleg nedover Drivdalen. Da måtte dei opp i lia og bruke Vårstigen for å kome fram. Terrenget er bratt og berglendt, noe som gjorde Vårstigen både kjend og berykta. I 1704 vart det gjort storarbeid på vegen for å få han farbar med vogn. Da skulle Fredrik 4. med stort følgje reise over Dovrefjell. Slik fungerte Vårstigen som del av hovudvegen mellom det sønna- og det nordafjelske Norge like fram til 1850-åra, men på slutten vart han karakterisert som «det misligste Hovedveistykke i hele Riget».

Halvannan kilometer nord for Gammelholet har vi ei Olavssegn om «Trollkjerkja», eit stort berg med høg topp som står tett ved E6 - så nær at det nok var namnet og segna som berga det frå sprenging da vegen vart utvida for noen år sidan. Ein versjon av segna lyder slik, i stuttform:

Etter å ha kristna Trøndelag, var Heilag-Olav med sine menn på veg gjennom Drivdalen. I fjella bak Drivkollen rådde jotunen Sjog, og han sende eit forferdeleg snøver mot kongsfølgjet.Kongen gjorde krossteiknet imot snødrevet og sa: «Vel er du ein drivdal, men heretter skal du ikkje driva imot, men med.» Såleis fekk Drivdalen sitt namn. Men Sjog oppe i fjellkammen vart rasande og heiv to store kampesteinar ned mot kongen og følgjet hans. Da Iyfta kong Olav berre armen, kampesteinane dala sakte ned og kongen og hans menn drog uhindra over fjellet. Men Sjog stivna til stein. Etter den store snøkappa hans har kammen han sat på, fått namnet Snøhetta. Komen opp på Dovrefjell, mellom Hjerkinnhø og Skriuhø, vende kongen seg, såg ned i Drivdalen og spådde: Her vi dreg no, skal det ein gong gå ein veg så brei at åtte hestar kan renne jamsides. Etter den vegen vil mange kongar fara.

Ved skiferbrota 16 kilometer lenger nord i dalen har vi «Sankt-()laber-gie». Der er det merke i bratte fjellveggen etter hestehovar frå den tid for der. Idag er biltrafikken gjennom dalen for stor til at vegen kan brukast av pilegrimar til fots. Derfor tek vi Vårstigen opp på fjellet og følgjer den gamle pilegrimsleia langs Elgsjøtangen og ned gjennom Vinstradalen. Vårstigen kan vi lesa om på plakatar langs vegen. Frå Tingsvaet sør i Vårstigen er det store sjansar for å sjå moskus på vest-sida av Drivdalen.