Overnatting
Smørhamn Handelsstad
Ligger langs Kystpilegrimsleia
Sertifisert pilegrimsovernatting
Fiskeri, jektefart, brennevinshandel og tingmøter er berre noko av historia opp gjennom tidene. Då som no var det gjestgjevarar i Smørhamn. Her var det plass til alle – både kongar og lekmenn. Du er såleis i godt selskap når du gjester Smørhamn!
Nettsted
https://www.smorhamn.no/Adresse
Smørhamnsvegen 1114, 6729 Kalvåg
E-post
smorhamn@gmail.comTelefon
+47 958 68 768Det osar av historie i Smørhamn. Kong Christian V var her i 1685 og kong Fredrik IV overnatta med sitt følgje i 1704. Kong Christian VI var her i 1733, saman med dronning Sophia Magdalena. Dagens kongeskip har ankra opp rett ved oss fleire år på rad – så vi venter berre på at dei kongelege skal kome innom på besøk?
Korleis kjem du deg til handelsstaden?
Ekspressbåt Bergen – Smørhamn
- 4 timar frå Bergen
- 25 min. frå Florø
- 35 min. frå Måløy
- Vel 15 min. gange og knappe 5 min. m/buss frå ekspressbåtkaia. Vi kan hente deg og bagasjen om du ringer. Du kan òg kome med eigen båt.
Fasiliteter
- Alle leilegheitene har kjøkkenkrok m/kjøleskap/frys, oppvaskmaskin og komfyr.
- Kvar leilegheit har eige bad m/dusj og dobbel sovesofa i alle stovene.
- Etter avtale kan vi og kjøpe inn mat.
- Sjå nettsida for oppdaterte prisar: smorhamn.no
- Du kan få stempel i pilegrimspasset og Pilegrimsrabatt: 10 %
Her i bygningane kan èin også finne delar frå den gamle kyrkja som stod ved den gamle gravplassen på Grotle . I kyrkja på Frøyalandet heng og altertavla der ifrå. Vi har gode moglegheiter til å vise rundt i kyrkja om ønskeleg.