Kongsvold Fjellstue
Dette er den einaste fjellstua på Dovrefiell som Staten eig i dag. Ho har stått til teneste for ferdafolk kontinuerleg heilt sidan slutten av 1600-talet.
Litt før jul i 1718 vart alle fjellstuene på Dovrefjell brende for å stanse ei svensk militæravdeling, leia av generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt, som rykte inn i Trøndelag og tok seg fram sørover til Oppdal. Da svenskane oppdaga at fjellstuene var nedbrende og Dovrefjell utan husvære, snudde dei sør for Drivstua. Sidan fekk dei ein tragisk heimtur over Tydalsfjella. Skadeoppgieret etter nedbrenninga viser at det alt den gongen var mange hus på Kongsvold - 25 totalt. Blant anna var det ein stor hestestall i tre tømmerlengder.
Heilt sidan den første faglærte botanikaren kom til Kongsvold i 1756 har fjellstua trekt til seg planteinteresserte frå inn- og utland. Det vart samla så mye planter her at styresmaktene
greip inn og freda plantelivet i 1911. Dette var første vernet i det området som i 1974 fekk status som Dovrefjell nasjonalpark. I dag driv Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i Trondheim Kongsvoll biologiske stasjon, som mellom anna har ansvaret for den fjellhagen vi har rundt oss her. Hagen vart bygd opp av botanikaren Thekla R. Resvoll i 1923. Han låg da ved jernbanestasjonen, men vart flytta hit i 1990. Her ligg forholda betre til rette for å gje dei ulike plantesamfunna riktig miljø.
Elles driv Kongsvold fjellstue tradisjonell fjellstuedrift, med vegkro i tradisjonsprega atmosfære og med utstilling av mange antikvitetar frå Kongsvolds historie. I vegkroa finn vi også ei informasjonsavdeling, som viser natur og kultur, fauna og flora i Dovrefjell nasjonalpark og i Drivdalen, Kongsvoll og Hjerkinn landskapsvernområde.