Kinn Skulehus
Adresse
E-post
signe.nordvik@gmail.comTelefon
+47 415 30 520Kinn er mest kjend for middelalderkyrkja, Kinnaspelet og fine turmoglegheiter. Det er og fantastiske padlemoglegheiter med Kinn som utgangspunkt. Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.
- På hytta er det fullt utstyrt kjøkken og 10 soveplassar. Det er dusj og toalett. Her er eit velfungerande reinseanlegg for vatn, så springvatnet kan trygt drikkast.
- Det er kodelås på hytta.
- Pilegrimspris: 200 kr per pers.
- Vi har grupperabatt på 2 000,- for heile hytta. Ellers følger vi DNT sine prisar, sjå her for meir informasjon
Bestilling/Booking
Hyttebestilling-Kinn-dnt.no
For bestilling av heile hytta, kontakt signe.nordvik@gmail.com
Ankomst
Ruteopplysningar, tider og kva båtar som går, finn du på https://www.skyss.no/
Når du reiser ut til Kinn er det berre å møte opp på kaia i Florø litt før båten går. Ved heimreise frå Kinn må du bestille rutebåt rett etter avgang frå Florø. Då kan dei seie deg når båten vil vere på Kinn.
Telefonnummer til båtane er:
Øyservice 911 02 900 – Sylvarnes 906 46 095 - Fjordglytt 957 35 77.
Frå kaia er det om lag 1 km til hytta på grusa, fin veg.
Historie
Øya Kinn har ei rik historie med den gamle steinkyrkja, Kinnakyrkja frå 1100-talet som eit høgdepunkt. Segnene om heilagfolket og sankta Sunniva som kom over havet frå vest og stranda på Selja og Kinn, har alltid gjort inntrykk på folket her. Det kjende seglingsmerket «Kinnaklova» ligg vest på øya. På øya ligg den gamle handelstaden i Kinnasundet frå 1600-talet. Denne DNT hytta er opprinneleg eit skulehus. Her var det skule frå 1920-talet. I 1. etasje var skulestova og på loftet hadde læraren eit rom og kjøkken.

Foto: Kristin Mjelde

Foto: Eivind Hauge
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord