Overnatting | Hotell | Transport | Kai

Eivindvik Brygge

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Sertifisert pilegrimsovernatting

Foto: Eivindvik Brygge

Eivindvik Brygge tilbyr overnatting i sentrum av Eivindvik i Gulen kommune heile året. Her kan du bu på eit av våre fjorten dobbeltrom.

Adresse

Eivindvikvegen 1082, 5966 Eivindvik

Telefon

+47 901 85 796

Eivindvik brygge er eit godt alternativ for dei som vil besøkje nøkkelstaden Gulatinget på Flolid, dei to steinkrossane i Eivindvik sentrum (ein keltisk og ein anglikansk), kyrkja og andre kulturhistoriske stader i Eivindvik. Sommarstid kan du få levert frukostpakke på døra. For middagsservering eller pub, sjå heimeside. Ellers kan du handle i matbutikken som ligg eit steinkast unna. Kjem du i eigen båt kan du legge til i vår gjestehamn.

Avstandar
Frå hurtigbåtkaia i Sollibotn: 2,8 km. 35 min. gange.
På morgonrutene går det buss til/frå hurtigbåtkaia til Eivindvik sentrum. Ta kontakt for rutetider, då dei varierar gjennom veka.
Avstand til Gulatinget på Flolid er 4 km frå hotellet.

Fasiliteter og prisar

Overnattingsbygget har fleire rom som ligg på gateplan og er lett tilgjengelege for rullestolbrukarar. Alle rom har varmekabel, klimaanlegg, dusj og toalett og internett.

Eivindvik brygge kan i høgsesongen tilby frukost, WIFI, tilgang til treningssenter og vaskemaskin. Hotellet har god parkering for dei som kjem i eigen bil. Busstasjonen ligg like ved overnattingsbygget.

Eivindvik Brygge kan tilby transport (også bagasjetransport) til/frå hurtigbåten som legg til kai i Sollibotn. Dette må avtalast på førehand. Det er fin sti å vandre på for den som vil gå frå Sollibotn til Eivindvik.

Prisar:

  • Pilgrimar får 10 % pilgrimsrabatt ved fremvisning av pilgrimspass. Oppgi dette ved booking.
  • Ved gruppebestilling: Ta kontakt for individuell pris på booking@eivindvikbrygge.no.

Ved individuell booking:

  • Enkeltrom: 1190,-
  • Dobbeltrom: 1490,-

Eit tillegg i pris på 100 NOK per person for frukostpakke.

Sjå heimeside for informasjon om matservering.

Gulatinget. Foto
Tusenårsstaden Gulatinget, som ligg 4 km unna

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord