Vandring på Sunnivaleia

85 KM
9 dager
Pakketur
Bli med på vandring mellom to heilage øyer på kystpilegrimsleia. I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen for pilegrimar, og på denne turen mellom dei heilage øyane Kinn og Selja, får du oppleve denne gjennom storslagent kystlandskap, frodige dalføre og den mektige naturen på Stadhalvøya.
Kr 8.000,-
Middels tur
Ligger langs Kystpilegrimsleia

Dagsplan

Dag 0. Laurdag 19. juni.

Innsjekking på Kinn hotell i Florø frå kl 14.00. Ein kan koma til Kinn søndag morgon om ein ikkje treng overnatting i Florø, men erfaringa syner at det er godt å samlast kvelden i førevegen. Overnatting på Kinn hotell i Florø.

Dag 1. Søndag 20. juniFlorø- Kinn – Florø – Smørhamn.

Kl 09.00: Båt til Kinn. Kinnaspelet – tur rundt øya - retur til Florø - vidare med ekspressbåt til Smørhamn. Dersom Kinnaspelet er avlyst, vert det ein langt fredelegare dag på den vakre øya Kinn. Sjå elles www.kinnaspelet.no. Overnatting på Smørhamn handelsstad.

Dag 2. Måndag 21. juniSmørhamn – Ryland - avstikkar til Grotlesanden – Iglandsvik. Ca 22 km.
Overnatting i Iglandsvik eller på Hauge.
Dag 3. Tysdag 22. juniIglandsvik – Hauge - Oldeide – Måløy – Fjordly. 16 km. til Oldeide.
Vandring til Oldeide. Ferje kl 15.15 frå Oldeide til Måløy.

Bilskyss / båtskyss / buss til Fjordly på Totland. Overnatting på Fjordly.

Dag 4. Onsdag 23. juniTotland – Rimstaddalen – Berstad/Selje. 18 km.
Bilskyss til Ervik. Overnatting i Ervik
Dag 5. Torsdag 24. juniI Ervik. Til Hovden, Ervik kyrkje, Vestkapp.

Om kvelden: Møte i Ervik kyrkje for bygdefolk og pilegrimar. Overnatting i Ervik

Dag 6. Fredag 25. juniErvik – Leikanger, ev. Drage.

Vandring på fjellet på Stadlandet. Overnatting i Leikanger, ev. Drage

Dag 7. Laurdag 26. juniLeikanger Dragseidet – Selje.

Den gamle kyrkjevegen over fjellet til Liseth. Middag og overnatting i Selje.

Dag 8. Søndag 27. juniBåt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren.

Vandringa er slutt.

Ekspressbåt går frå Selje til Bergen kl 15.10.

Pilegrimsmerke ved klosteret
Arild Vonheim

Transport og logistikk

Korleis koma til Florø:

Det er flyplass i Florø, trafikkert av Widerøe.

Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av Nettbuss.

Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.

Korleis koma frå Selje:

Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.20. Laurdag berre kl 06.50.

Det er for tida (februar) ein bussavgang dagleg frå Nordfjordeid til Oslo, på dagtid.

Påmelding og andre opplysninger

Dagsrytme:

  • Frukost kl 8.
  • Lita samling før avgang.
  • Vandrestart kl 9.
  • Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.


Pilegrimspreg:

  • 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. - NB! Frivillig.
  • Me går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
  • Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.
  • Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.


Nivå på overnatting:

Etablerte overnattingsstader. Ha med sovepose. På dei fleste stader kan ein få oppreidd seng mot tillegg i prisen.


Kvar har med:

  • Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert.
  • Sko til terreng og sko til asfalt.
  • Plaster. Insektvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.
  • Gode vindtette turklede.
  • Gjerne hatt.
  • Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.
  • Bagasjen vert frakta.


Viktig!

Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.

Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare prostiprest i Nordfjord. Tlf 97 54 34 66, e-post: kl-balog@online.no

Kinn kyrkje
Knut Magne Nesse
Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler, også kalt «cookies». Cookies er digitale fotspor som gjør Pilegrimsledens nettside best mulig for deg. Les mer om personvernet her.
Les mer om personvernet her.