Sommardagstur til sagaøya Kinn frå og med 22. juni til og med 7. august 2021
Reisebeskrivelse
Kvar dag går det lokalbåt mellom øyar og skjer frå Florø til Kinn. Ein tur rundt øya er ei forfriskande oppleving.
Du kan gå opp i den majestetiske Kinnaklova og komme tett på dyrelivet. Kanskje ser du ørna som bur her ute? Etter at du stig i land på Kinn følgjer du vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt langs ein 1 km lang grusveg.
Om nøkkelstedet Kinn
Kvar dag mellom 19. juni og ut august er det vertskap på Kinn kyrkje.
Du er velkomen inn i mellomalderkyrkja for å kjenne på stemninga i tida før, under og etter tidebønene kl. 13.30 og 19.00. Her er det og mogleg å kjøpe enkel kaffimat. OBS! Ta med kontanter!
Frå Kinnakyrkja kan du vandre mot det ruvande fjellet som er delt i to, Kinnaklova. Visst du tør kan du gå opp i Kinnaklova for å nyte utsikta. Nytt den same stien opp og ned frå Kinnaklova, og følg den merka stien gjennom skaret. Den merka stien tek deg tilbake til kaia der lokalbåten legg til. Turen rundt øya er 4 kilometer og tek omlag 2 timar.
Det er mogleg å overnatte og vere på dagsbesøk i det gamle skulehuset på Kinn, som i dag er ei turistforeningshytte. Kontakt Signe Nordvik tlf. 41530520
Pilegrimssenteret i Selje har avtale om overnatting på Kinn Gjestehus, tlf: 91581178.
TURFORSLAG 22. juni – 7. august 2020
Måndag – tysdag – torsdag – fredag – laurdag
Kl.12.00: Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø.
Laurdag kl. 10.00
Kl.12.35: Ankomst Kinn. Laurdag kl. 11.00. Vandring til Kinnakyrkja (om lag 20 minutt).
Kl. 13.30: Open kyrkje med tidebøn.
Vandre rundt øya. Nyt medbrakt lunsj i det fri.
Retur: Kvardagar kl. 15.15 – Laurdag kl. 15.05
Onsdag: Avreise kl. 08.30. Retur kl. 15.15.
OBS! Alle må ringe til båten før kl. 14.30 for å melde frå om at ein skal med frå Kinn. Telefonnr. til båten finn du i venteskuret på kaia. Vi tek atterhald om ruteendringar. For oppdatert og komplett rutetabell sjå www.kringom.no
BÅTBILLETT
Per veg: Vaksne k.r 90.-. Honør/Barn kr. 49,-.
Billett kan kjøpast om bord i båten.
GUIDING
For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt på tlf. 57 74 30 00 eller mail@fjordkysten.no. Kr. 400 per person (min. 4 personar).

Dette kan du oppleve på denne turen
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.