Pilegrimsreise fra Stavanger til Røldal

200 KM
6 dager
Pakketur
Pilegrimsreise fra Stavanger til Rødal
Kr 7.000,-
Middels tur
Ligger langs Kystpilegrimsleia

Program

Tirsdag 30. juni

12.00 Samling og utsending frå Stavanger domkyrkje. Rutebuss til Utstein Pilegrimsgard. Middag, vandring og temasamling/kveldsbøn i Utstein kloster kyrkje (1 km). Overnatting på Utstein Pilegrimsgard/Utstein kloster Hotell.

Onsdag 1. juli

Temasamling. Buss til Rennesøy, vandring på Rennesøy og Talgje med buss mellom Øyane. (6-7 km). Matpakkelunsj. Båt til Jelsa kyrkje (1,5 km). Foredrag og kveldsbøn. Sein middag og overnatting på pensjonat på Sand.

Torsdag 2 . juli

Kort vandring på Sand, morgonbøn i kyrkja. Buss eit stykke før vandring gjennom Suldal til nattverdfeiring i kyrkja. Matpakkelunsj. Vandring over Hylsskaret. Middag og kveldssamvær i Mokleiv. Overnatting i Mokleiv eller på Energihotellet på Nesflaten.

Fredag 3. juli

5 - 6 timars vandring over Suldalsskaret frå Skitli, ovanom Nesflaten, til Botnen ved Røldalsvatnet. Alterntivt opplegg i Mokleiv og buss gjennom Bratlandsdaken til Botnen for deg som ikkje går den bratte turen over fjellet. Buss fra Botnes til Røldal. Velkomst i kyrkja,innlosjering i campinghytter, middag og konsert kl. 19.30 med Målfrid Vestvik Bjåstad (sang), Kristian Lie-Bjelland (tangentar) og Kristian Vorhaug (saxofon) som framførar inderlege og vakre tolkingar av kjende og kjære salmar og songar. Seinare på kvelden er det pilegrimssamling på grendehuset i Røldal.

Lørdag 4. juli

Pilegrimsstemne i Røldal: Tidebøner, pilegrimsseminar, stille time, bygdevandring, besøk i litteraturhus, krossvandring og midnattsmesse.

Søndag 5. juli

Morgonsamling i kyrkja, frukost og avslutning. Turen sluttar her. Rutebuss og hurtigbåt tilbake til Stavanger. Rutebuss til Bergen eller Oslo. Returreisen betaler kvar enkelt selv.

Du kan velje å bli med på berre deler av turen. Fleire
vandringar, alle samlingane i kyrkjene og kveldssamvær i
Mokleiv er opne for alle. I Mokleiv er det óg høve til å kjøpe
middag. Det er berre å møte fram! For meir orientering, sjå lokal informasjon og http://www.utsteinpilegrimsgard.no/









Fyste nått kan du velja å øvernatta på Utstein Pilegrimsgard

Praktisk om vandringane

Det er daglege vandringar i varierande kupert terreng. Nokre stader kan det vera vått i marka, så vanntette fjellstøvlar er ein fordel. Bagasjen vert framta med bil, men ein liten dagstursekk for niste kan vera ein fordel å ha med. Vandringana på øyane går i lett terreng. Vandringane i Suldal og Rødal er noko meir krevjande. Over Hylsskaret er det fyst 20 minuttar bratt stigning, så eit flatare parti før bratt nedstigning. Vegen går til dels på mosegrodd stein.

Turen over Suldalsskaret er den lengste og brattaste vandreetappen. Her går me i meir enn fem timar i bratte bakkar, over lyng og stein, gjerna og over mindre snøskavlar og gjennom tett skog. Fleire stader me me hjelpa kvarandre over mindre bekker. Vegen er dårleg merka, så ein må holde saman for å finne fram. Merk at det er alternativt program for deg som ikkjeynskjer å gå denne bratte vandringa.

Krossvandringa i Røldal går i ganske lett terreng, litt stigning i starten og så berre nedoverbakke. Her kan det være glatte steinar, så ein må passe på kor ein trør.

Dette kan du oppleve på denne turen

Nyttig lesetoff

Fyste nåtta kan du velja å øvernatta på Utstein Pilegrimsgard
Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler, også kalt «cookies». Cookies er digitale fotspor som gjør Pilegrimsledens nettside best mulig for deg. Les mer om personvernet her.
Les mer om personvernet her.