Pilegrimsleden | Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn

Pilegrimscruise til Svanøy og Kinn

24,5 KM
5 timer
Pakketur
Bli med på eit magisk kystcruise frå Florø til to av våre mest populære historiske reisemål; "Sunnfjords Perle" Svanøy og sagaøya Kinn.
Kr 750,- Bestill
Enkel tur
Ligger langs Kystpilegrimsleia
Foto: Visit FjordKysten
Sagaøya Kinn
Foto: Visit FjordKysten

Ei saga frå viking til pilegrim

Kinn med ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, Kinnakyrkja, og Svanøy med si vikinghistorie og herskaplege Svanøy Hovegård, er begge nøkkelstadar i Kystpilegrimsleia. På denne guida dagsturen får du oppleve ei saga frå viking til pilegrim, vakker natur og levedyktige øysamfunn i den unike skjergarden kring Florø lengst vest i Noreg.

Svanøy
Foto: Visit FjordKysten

Opplevelser på turen

Denne guida turen startar frå Fugleskjærskaia i Florø med M/S Skorpefjord, og går først til Svanøybukt på Svanøy, den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. Her er det planter og trær ein vanlegvis ikkje finn på Vestlandet, for eksempel kristtorn. Svanøybukt er ein møtestad for både lokale innbyggjarar og feriegjestar, og her ligg også Svanøy Handel og Svanøy Kro.

Historiske Svanøy Hovedgård har gjennom tida vore adelssete og bispegods. Nikolai Astrup og Grunnloven frå 1814 kan vi også knytte til øya. Det er ein idyllisk liten spasertur langs asfaltert veg, ca. 10 minutts vandring frå Svanøybukt.

På Svanøy Hovedgård får du omvising og eit innblikk i den fasinerande historia til denne herskaplege staden, i dag nytta som sommarhotell og til arrangement. Her er det også høve til å forhandstinge lunsjtallerken med lokalmat.

Svanøy si historie er mangfaldig og går langt tilbake. Her finn du mellom anna ein steinkross reist til ære for Olav den Heilage, og ein offerplass frå vikingtida; Eirik Blodøks vart født på øya! Men Svanøy er også eit levande næringssamfunn mellom anna med produksjon av røykelaks, hjortesenter og eit aktiv kulturmiljø.

Etter omvisinga spaserer vi tilbake til båten og turen går vidare i vakker skjergard med kneisande øyer, sauer, folk, fugl og fisk!

Under den rike sildetida på 1950-talet var 10 - 15.000 sildefiskarar «hybelbuarar» her lengst vest i Noreg, like ved den sagnomsuste øya Kinn. Etter at vi stig i land på Kinn følgjer vi grusvegen om lag 1 km til Kinnakyrkja. Den vakre steinkyrkja frå 1150 ligg på nordvest-sida av øya. Her kan du gå inn i kyrkja og kjenne på den heilt spesielle stemninga, og guiden gir deg eit innblikk i historia. Like ved kyrkja ligg den karakteristiske fjellformasjonen og det eldgamle seglingsmerket, Kinnaklova.

Kinnakyrkja har vore knytt til legenda om St. Sunniva av Selja. Ein av båtane i Sunniva sitt følgje, med prinsesse Borni om bord, dreiv i land på Kinn. Kinnaspelet er eit historisk spel som vert framført i juni kvart år ved Kinnakyrkja. Med bakgrunn i legenda om St. Sunniva og reformasjonstida, og spektakulær natur og kulturlandskap som kulissar, er dette teateret ved havet ei oppleving du sjelden finn maken til. Kinn er rett og slett ei mektig oppleving.

Etter omvisinga går vi tilbake til båten ved Kinn kai, og seglar mellom øyar og skjer og forbi kjente landemerke som Batalden og Stabben fyr før vi legg til i Florø hamn.

TIPS! Kombiner turen med omvising og ølsmaking på Vesle Kinn i Strandgata. Vesle Kinn er Kinn Bryggeri sin ølkafè og testbryggeri. Onsdagar kl. 17.00 og laurdagar kl. 17.30. Billettar kan kjøpast på fjordkysten.no eller ticketco.

Kinnakyrkja
Foto: Visit FjordKysten
Denne nettsiden benytter seg av informasjonskapsler, også kalt «cookies». Cookies er digitale fotspor som gjør Pilegrimsledens nettside best mulig for deg. Les mer om personvernet her.
Les mer om personvernet her.