Kirke

Veøya i Molde kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Veøya har ei sentral beliggenhet midt i Romsdalsfjorden med gode naturhavner og med ei rik historie. Veøya betyr «den heilage øya» og her finn me både spor etter førkristen kult, dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet, ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1750 og eit vakkert kulturlandskap.

Telefon

+47 413 53 749

Stempel

I postkasse på kaia ved kyrkja og prestegarden

Vandring

Det er ein merka pilegrimssti på øya

Info

Det er ikkje vatnforsyning på øya. Ta med eigen mat og drikke.

Overnatting

DNT har ei fin lita hytte du kan overnatte i, se lenke i tekst under her.

Viktig kaupstad

Veøya var ein av dei få byane («kaupstadane») i Noreg i mellomalderen, og i sagalitteraturen og i eldre norske diplom høyrer me mykje om kaupstaden på Veøya og dei mange kyrkjene der.

Kyrkja

Peterskyrkja på Veøya var hovudkyrkje for Raumsdølafylke i mellomalderen, og var i bruk fram til 1907. Prestegarden på øya vart fråflytta på same tida.

Første landskapsvernområde i landet

I 1970 vart nordre del av øya verna som det første landskapsvernområdet i landet, med føremål å bevare eit særeige natur- og kulturlandskap kring den gamle fylkeskyrkja og prestegarden på Veøya. I 1990 overtok Romsdalsmuseet prestegarden på øya, og kyrkje og prestegardsbygningar, kulturlandskap og miljø forvaltas i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Molde kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rikt kulturprogram gjennom sommaren

Romsdalsmuseet har ein rekke kulturarrangement gjennom sommaren, les meir her.

Transport

Dersom ein ønsker å besøke Veøya, er ein avhengig av å reise med båt. Størk III og Fjordcruise Romsdalsfjorden er to alternativ som passar for gruppar.

Overnatting

Turistforeningen har hytte for utleige på Veøya, les meir og book her.

Kontaktperson for nøkkelstaden Veøya

For spørsmål om nøkkelstaden Veøya, ta kontakt med Jan Erik Syversen på telefon 413 53 749
.