Nøkkelsteder

Veøya i Molde kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Veøya har ei sentral beliggenhet midt i Romsdalsfjorden med gode naturhavner og med ei rik historie. Veøya betyr «den heilage øya» og her finn me både spor etter førkristen kult, dei eldste påviste kristne gravene i landet frå 900-talet, ei mellomalderkyrkje i stein frå 1100-talet, ein prestegard frå 1750 og eit vakkert kulturlandskap.

Veøya var ein av dei få byane («kaupstadane») i Noreg i mellomalderen, og i sagalitteraturen og i eldre norske diplom høyrer me mykje om kaupstaden på Veøya og dei mange kyrkjene der.

Peterskyrkja på Veøya var hovudkyrkje for Raumsdølafylke i mellomalderen, og var i bruk fram til 1907. Prestegarden på øya vart fråflytta på same tida.

I 1970 vart nordre del av øya vernet som det første landskapsvernområdet i landet, med føremål å bevare eit særeige natur- og kulturlandskap kring den gamle fylkeskyrkja og prestegarden på Veøya. I 1990 overtok Romsdalsmuseet prestegarden på øya, og kyrkje og prestegardsbygningar, kulturlandskap og miljø forvaltas i eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Molde kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

https://www.romsdalsmuseet.no/no/besok-oss/veoya

Dersom ein ønsker å besøke Veøya, er ein avhengig av å reise med båt. Størk III og Fjordcruise Romsdalsfjorden er to alternativ som passar for gruppar.

Kontaktperson for nøkkelstaden Veøya

For spørsmål om nøkkelstaden Veøya, ta kontakt med Jan Erik Syversen på telefon 413 53 749
.