Overnatting

Smøla med Edøy gamle kirke og Kulisteinen

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Smøla er eit av dei fire kystpilegrimssentra langs leia, men også ein av nøkkelstadene. Senteret er plassert på Gurisentret heilt nede ved hamna på Edøy der ein kjem i land. Her finn du mykje spennande historie og den særleg vakre Edøykirka. På naboøya Kuli får du sjå og lære om Kulisteinen.

Pilegrimspass:

Vi sel pilegrimspass på Gurisenteret. Stempelet er tilgjengeleg døgnet rundt, ved inngangen til senteret.

NØKKELSTADEN

Kontakt:

Kultursjef i Smøla kommune, Laila Skaret.

E-post:

laila.skaret@smola.kommune.no

Telefon:

+47 979 86 532

Fasiliteter:

Gurisenteret er åpen året rundt og har enkel servering. Her er sanitæranlegg.


Velkomen til nøkkelstad! Vi anbefaler deg å gå ei løype på Edøya før du tek turen over til Kuli. Der kan du gå kulturminneløypa på nordsida av øya. Kulisteinen ligg i andre retninga og du finn den ved følgje merka gardsveg. Siste del av pilegrimsruta som på Smøla går til Rosvoll. På Rosvollhaugen er ein gapahuk der ein kan sjå heile Nordmørskysten.

Digital historieforteljing

Gjenom appen Voice of Norway kan du høyre eit utval av den spennande historien frå Edøya og Smøla. Her finn du meir informasjon om denne: Høyr historia frå appen Voyce og Norway

Gurisenteret

På Edøy ligg det regionale kultur- og kystpilegrimssenteret Gurisentret. Her vert spelet Fru Guri av Edøy framført årleg i veke 28. Gurisentret er første stoppestad for dei som besøker Smøla. Dette er ein aktiv stad med mykje kultur og fasilitetar for dei reisande.

Her finn du nettsida til Gurisenteret på Edøya

Edøy gamle kyrkje

Edøy gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå 1100-tallet og er det første du ser når du kjem til Edøy sjøvegen. Kyrkja har eit rektangulært skip og eit kor som er plassert skeivt i forhold til skipet. Kyrkja er kvitkalka innvendig og interiøret er av nyare dato. Kyrkja brann etter eit lynnedslag i 1887, og alt treverk gjekk tapt. Kyrkja blei liggande i ruinar fram til 1947 då restaureringsarbeidet tok til. Det var viktig å finne tilbake til den opphavlege utforminga som var sterkt prega av romansk rundbogestil. I 1950 vart Edøy gamle kyrkje vigsla på nytt.

Les meir om Edøy gamle kyrkje

Kulisteinen - Norges dåpsattest

Tre kilometer frå Edøy ligger Kuløy og Kulisteinen. Kulisteinen er et nasjonalt minnesmerke av høgaste klasse der kristninga av landet blir omtalt og riksnamnet Noreg blir nemnt for første gang. På steinen står det risset i runer: ”Tore og Hallvard reiste denne steinen etter (Ulvjlot)…. Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg…”.

Truleg har slektningar reist steinen med tekst på til minne om ein avdød, og denne type innskrift er vanleg på runesteinane frå mellomalderen. Det spesielle her er at steinen kan daterast – og samtidig gi indikasjon på når kristendommen vart offisielt innført i Noreg. Skrift og språkforma på steinen tyder på ei datering til byrjinga av 1000-talet.

Mykje tyder på at Kulisteinen viser til Mostertinget som fann stad tidleg i 1020-åra, og steinen blir gjerne rekna som Noregs dåpsattest. Den originale kulisteinen med runeinnskrift står i dag i Vitenskapsmuseet i Trondheim, men ein kopi er sett opp på Kuløy på staden der Kulisteinen opphavleg ble funne. På Vitenskapsmuseet sine sider kan du lese meir om Kulisteinen.

Edøystjerna

Gravrøyser og haugar var i bruk i over 3000 år, før dei for ca. 1000 år sidan gjekk ut av bruk ved innføringa av kristendommen. Stjerneforma gravminne er av den mest sjeldne typen.

I 2006 blei det utført ei arkeologisk registrering i samband med bygginga av Gurisentret på Edøya. Det vart avdekt ei stjerneforma steinsetting som har fått namnet Edøystjerna. Stjerna vart funnen i eit sjikt på 30-40 cm under dyrka jord. Ein har ikkje eksakt datering på kulturminnet, men antek at den er frå 200-800 år e.Kr.

Edøystjerna ligg tett ved Edøy kyrkje. Dette gjer at ein har rekna med fleire funn i området. I 2020 har det blitt oppdaga fleire steinrøyser, ei båtgrav og spor av langhus i området. Finn meir om Edøystjerna på NIKU sine nettsider.

Edøyskipet

I 2019 vart det ved hjelp av georadar avdekt eit større skip på Edøya. Restane etter skipet ligg rett under dyrka jord i eit område der det tidlegare har vore ein gravhaug.

Gravhaugen teiknar seg som ein markert sirkel på 18 meter i diameter i georadardataa. Midt inne i haugen kan ein tydeleg sjå ein ca. 13 meter lang kjøl og antydninga til dei to første bordgangane på kvar side av kjølen.

Lengda på kjølen viser at skipet kan ha vore 17-18 meter langt. Det er for tidleg å seie noko om dateringa av skipet, men skipet må ha vore frå yngre jernalder, merovinger- eller vikingtid. Noko som betyr at skipet er meir enn 1000 år gammalt i følgje arkeologar. Les meir på NIKU sine nettsider.

Her kan du lese meir om kulturarven på Edøy og Kuli


Rosvoll prestegard og Rosvoll-haugen

Vi anbefaler eit besøk på Rosvoll Prestegard. Rosvoll har vore bustad for presten sidan 1749 då Smøla vart eige prestegjeld. Før den tid budde det ein kapellan på Vestsmøla. Han var prest på fiskeværa Odden, Brattvær og Veiholmen. Edøy sokn låg under soknepresten i Aure. Prestegarden vart bygd tidleg på 1880-talet og er vakkert plassert nedanfor Rosvoll-haugen. Det er ein pilegrimssti opp til Rosvollhaugen - kort tur til flott utsikt!

Her finner du mer om Rosvoll prestegård og om turen til Rosvollhaugen.

Landskapsvernområde

Turen opp til Rosvoll-haugen tek 10 minutt til fots og på toppen er det bygd ein gapahuk og eit fotoskjul. Her kan Sør-Smøla landskapsvernområde beskuast. Her kan ein sjå hundrevis av skjær og vite at det var her folk budde før i tida. Folk busette seg nær fiskefelta og livnærte seg på små holmar. Her skapte dei også kysthistoria vår. Frå Rosvollhaugen har du utsikt over myriaden av dei mange små øyene og holmane som omkransar Smøla, og er så karakteristisk for øya. Eit mektig skue.

Dette verna kystlandskapet er dominert av grasmark, lynghei og strandenger, kor dyr har beita i hundrevis av år og skapt kystlandskapet. Du finn mange fiskevær her som no er fråflytta. Her er rike tareskogar og tangbelte. Sjøfuglar, oter og ørn trivst godt her, og grågåsa hekkar i store tal. I 1995 vart dette landskapet kåra til «Årets kulturlandskap» nasjonalt. All vegetasjon og alt dyreliv er freda.

Les meir på www.opplevsmola.no

Besøk gjerne Visitmr for mer om opplevelser på Smøla

Her finn du informasjon om Regionalt pilegrimssenter på Smøla

Kontaktperson for nøkkelstaden Edøy

Ved spørsmål om nøkkelstaden Edøy, ta kontakt med Laila Skaret på mobil 97986532.