Kirke

Selja kloster i Stad kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Foto: Arild Vonheim
Selja kloster “The Holy Island of Selja”.

Selja kloster “The Holy Island of Selja”.

Med legenda om Sankta Sunniva fekk Noreg sin første helgenstad, året før kristninga på Dragseidet i 997.

I 1068 vart Selja sete for eitt av tre bispedømme i landet. Rundt år 1090 vart Selja kloster etablert som eitt av dei første i landet, og gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar hit. Øya Selja vart knutepunkt for internasjonal og nasjonal skipsfart.

I dag er Selja ei av desse unike, stille og heilage øyane som finns rundt om i verda. Faktisk er ho framleis eit lite katolsk bispedøme – kanskje verdas minste.

På øya Selja kan du velje om du vil ta båten heilt ut til klosterområdet eller stoppe på Bø og gå ein av dei tre stiane til klosteret. Sjå kartet nedanfor.

Her kan du lese meir om Sta. Sunniva, klosteret: seljakloster.com. På nettsida finn du og ein 3D-animasjon av korleis ein meinar anlegget kan ha sett ut på 1300-tallet

Selja kloster
Foto: Ulf Rugumayo Amundsen
Gudteneste i Albanuskyrkja
Foto: Jon Frogner