Overnatting

Obrestad fyr

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Opplev magien ved å overnatte på Obrestad fyr – eit sjarmerande fyrtårn på på kysten av Jærens. Nyt unik arkitektur og ein spektakulær utsikt i historiske omgivelsar.

Kontaktinfo.:

Lillian Utne Skjæveland

e-post:

leie.obrestadfyr@ha.kommune.no

Telefon:

91123109

Det er mulig å overnatta på Obrestad fyr. Husene som fyrvokterane budde i tidligare, er pussa opp og blir leigd ut. Utvendig er husa slik som dei var då fyret blei automatisert og fråflytta i 1991. Obrestad fyr er frå 1873. Det vert automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevara kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar. Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står på same måte som det var i 1991.

Prisar og betingelsar for leige

Helg: berre utleige fredag-sundag

Vekedagar: minimum to netter.

Juni, juli, august og påskeveka berre vekeutleige

Prisane for leige av alle boligane er inkludert sluttreingjering

Prisar frå 01.04. – 30.09 og for påskeveka:

Hybel (1 - 2 personar)
Kr 1200 pr. døgn
Kr 3000 helg fredag-søndag
Kr 5500 pr. veke

Rundehuset (6 personar)
Kr 2600 pr. døgn
Kr 6000 helg - fredag-søndag
Kr 9000 pr. veke.

Fyrmeisterbolig (6 personar)
Kr 2200 pr. døgn
Kr 5000 helg – fredag-søndag
Kr 8000 pr. veke

Prisar frå 01.10. – 31.03.:

Hybel (1-2 personar)
Kr 1000 pr. døgn

Kr 2000 helg fredag-søndag

Kr 4000 pr. veke

Rundehuset og fyrmeisterboligen

Kr 2000 pr. døgn

Kr 4500 helg fredag-søndag

Kr 7000 pr. veke

1902-huset (opp til 25 personer, 1. etasje)

Kr 4000 pr. døgn

Kr 20000 pr. veke, heile huset

Bestilling: Leie.Obrestadfyr@ha.kommune.no

For avbestilling mellom ein månad før og to veker før betalast kr. 500. Mindre enn to veker før leigeperiode betalast 50 % av leigesummen. For avbestilling ein dag før og ankomstdagen, betalast heile leiga.

Les også

Obrestad fyr

Hå gamle prestegard


Unike bygg - med hvert sitt unike særpreg

RUNDEHUSET er ein einebustad med to stover, stort kjøkken og gang i 1. etasje. 3 soverom (6 sengeplassar) og toalett på loftet. Stort bad i kjellaren. Kjøkkenutstyr til 6-8 personar, komfyr, kjøleskap, oppvaskmaskin.

FYRMESTERBOLIG er ein leilegheit med stor stove med spisekrok, kjøkken, 3 soverom, bad og toalett. Kjøkkenutstyr til 6 personar, komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin.

HYBELEN har stove med kjøkkenkrok – komfyr og kjøleskap. 1 soverom med 1 seng (120cm brei).
Enkelt bad og toalett.

1902-HUSET er eit eige hus som ein kan leige til arrangement, møter og seminar. Stort møterom med plass til 24 personar til bords. Lokalet har lerret og projektor med standard uttak. Ta med eigen overgang. Kjøkken med fullt utstyr for 24 personar. Huset er ope for publikum på sundagar når fyrmuseet er ope.

Overnatting - ei unik oppleving i all slags ver

Husa der fyrvaktarane og familiane deira budde er i dag brukt til utleige heile året. Tre bueiningar kan leigast til overnatting og ein bustad kan leigast til seminar og selskap. Alle husa har unik utsikt mot havet og mot Høg-Jæren og vindmøllene. Fyret og bustadane har originale fasadar slik dei var i 1991 då dei blei flytta frå. Inne er dei modernisert. Boligane er smakfullt og moderne innreia. Sjå overnatting for oversikt over bueiningane med prisar.

Fyrmuseet og bustadane er drifta av Hå gamle prestegard.
Obrestad fyr er ein del av Hå kommune sin kulturminnevernplan