Overnatting

Obrestad fyr

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Opplev magien ved å overnatte på Obrestad fyr – eit sjarmerande fyrtårn på kysten av Jæren. Nyt unik arkitektur og ein spektakulær utsikt i historiske omgivelsar.

Kontaktinfo.:

Lillian Utne Skjæveland

e-post:

leie.obrestadfyr@ha.kommune.no

Telefon:

91123109

Det er mogleg å overnatta på Obrestad fyr. Husene som fyrvokterane budde i tidligare, er pussa opp og blir leigd ut. Utvendig er husa slik som dei var då fyret blei automatisert og fråflytta i 1991. Obrestad fyr er frå 1873. Det blei automatisert i 1991. I 2006 kjøpte Hå kommune fyret av Kystverket. Eit mål med kjøpet er å bevara kulturen og historia til anlegget, og vise korleis fyr kan nyttast i nye samanhengar. Sjølve fyrbygningen er i dag fyrmuseum og står på same måte som det var i 1991.

For meir informasjon om prisar og høve for utleige:

Obrestad fyr