Kirke

Herøy med kystmuseet og den gamle kyrkjestaden

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Herøy gard ligg på Herøya, som har hatt ein sentral plass i regionen i meir enn 1000 år. Her har vore kyrkjestad og møteplass sidan mellomalderen, og i dag kan du reise til staden både med båt og bil.

Telefon

+ 47 954 56 954

Stempel

Stempelet er tilgjengeleg heile døgnet og du finn det i pilegrimsbua bak hovedhuset.

Pilegrimsbu

Du kan søke ly året rundt og døgnet rundt i kvilebua bak hovudbygninga.

Kyrkjestad

Den gamle kyrkjetaden er ope heile tida. Den er utan vegger og tak og viser kor kyrkja låg. Heilt spesiell stemning på staden. Ta deg tida her.

Merka sti

Du kan gå pilegrimsvandringar frå Herøy gard. Det er merka pilegrimslei til klosterhaugen med meire.

Øya har to gode naturhamner, og ligg i Flåværleia som er den gamle sjøvegen frå nord om Stad og til Breisundet utanfor Ålesund. Herøy er omtalt fleire stader i sagalitteraturen, og utsikta i dag er lik den Olav Haraldsson og farfedrane våre såg då kystleia var den viktigaste ferdselsvegen.

Den gamle kyrkjestaden

Det har stått to kyrkjer på øya. I mellomalderen vart det bygd ei steinkyrkje i romansk stil. Den var hovudkyrkje for ytre Sunnmøre og eit av kannikgjelda under Nidaros Domkyrkje. I 1859 vart steinkyrkja riven, og ei ny og større kyrkje i lafta tømmer vart sett opp. Ho vart reven og flytta til Fosnavåg i 1916. I dag vert tufta etter steinkyrkja mellom anna nytta til gudsteneste og bryllaup.

Herøy kystmuseum

Herøy kystmuseum er den gamle handelsstaden frå 1800-talet med bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar, samt Sunnmørsjekta «Anna Olava». Museet formidlar øya og handelsstaden si historie. Museet er ope heile året, med faste opningstider for omvising og museumskafé i sommarhalvåret.

Pilegrimsled

Pilegrimstien (1,7 km) er ei rundløype som går via sju refleksjonspunkt og endar på tufta etter steinkyrkja som er pilegrimsmålet på Herøy gard. Stien går gjennom vakker kystnatur og passerer ein markert haug midt på øya kalla «Klosterhaugen». Ei arkeologisk utgraving viser at det har stått ei bygning på haugen, men det er usikkert kva funksjonar den har hatt.

Heilårsåpe for ro og ly

Bak hovudbygninga er eit heilårsope lite steinhus der besøkande kan finne ro og ly for veret. Inne i steinhuset heng ei postkasse med pilegrimstempel samt informasjon om nøkkelstaden, pilegrimstien og den lokale pilegrimsliturgien.


Historisk spel

Herøyspelet «Kongens Ring» er eit historisk spel med kjærleik, drama, hemn og håp, der handlinga er basert på eit av Olav Haraldsson sine besøk på øya. Spelet vert synt fram på Herøy Amfi fyrste helga i juli kvart år.

Kontaktperson på nøkkelstaden Herøy

Herøy kystmuseum
E-post: kystmuseum@heroy.kommune.no
Tlf. +47 480 46 338

Herøy gamle kyrkjestad med tuftene etter den gamle steinkyrkja.
Bak hovudbygninga er eit heilårsope lite steinhus der besøkande kan finne ly og stemple pilegrimspasset.