Kulturminne

Giske

Ligger langs Kystpilegrimsleia
I havet utanfor Ålesund ligg øya Giske. Her hadde den mektige Giske-ætta sete i mellomalderen, ei stormannsætt som stod kongemakta nær. Giske-ætta hadde også tette band til Borgund, og heldt ei vernande hand over byen.

Stempel

Du finn stempel i postkasse ved porten inn til Giske kyrkje. Det er tilgjengeleg ute heile året.

Kyssekross

Giske kyrkje: På ytterveggen mot aust er det rissa inn fleire kross, vi kaller dei "kyssekross". Vi trur pilegrimar laga og brukte dei for å få tilgjeving 100 dagar attende. Krossa er frå 1300-talet.

Sakte

Når pilegrimar kjem til Nidaros avslutter dei turen med å gå tre runder rundt Nidarosdomen. Dette for å nærme seg målet sakte. Kanskje du kan gjere dette når du kjem til Giskekyrkja óg?

Giske kyrkje

På sørsida av øya ligg den einaste noverande kyrkja i Noreg som er bygd berre av marmor. Giske kyrkje er ei langkyrkje i romansk stil frå midten av 1100-talet. Kapellet har truleg blitt reist som ei høgendeskyrkje, det vil seie ei privat kyrkje som stormannen på Giske sette opp på garden sin.

Kyrkja var såleis truleg eit gardskapell for Giske-ætta. Den 11. juni 1345 gav pave Klemens 6. eit avlatsbrev til kapellet på Giske. Her kjem det også fram at vernehelgenane for kapellet var jomfru Maria og evangelistane Johannes og Nikolas. I pavebrevet blir det gitt 100 dagars avlat for begåtte synder til dei som besøkte kyrkja på dagane til helgenane som kyrkja var vigd til. Dette avlatsbrevet gjorde dermed kyrkja på Giske til ei pilegrimskyrkje frå midten av 1300-talet av.

Giske kyrkje har ca. 130 plassar. I kapellet hang det ei krossfestingsgruppe frå 1200-talet som no blir oppbevara Universitetsmuseet i Bergen. Kyrkja forfall etter reformasjonen, og stod som ein ruin i fleire tiår. Ho vart renovert på 1700-talet, og delar av interiøret, t.d. altertavla, skriv seg frå denne perioden.




Severdigheter på Giskeøya

Giskespelet

Giskespelet er eit historisk spel som handler om striden om kongemakt og kristentru 1000 år tilbake i tid på historiske Giske. Giskespelet handlar om tidsepoken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad der Olav den Hellige falt.

Mektige menn fra Giske var med og endra norgeshistorien og Giskespelet gjer eit dramatisk innblikk i Giske-familien sin interne strid og lojalitet til Kongen. Giskeætta var ei av de norske stormannsættane i mellomalderen. Ætta kom fra øya Giske på sunnmøre og som stamfar regnes Torberg Arnesson Giske. Han var sønn av Arne Arnmodsson, som døde i 1024 og som var fra Arnmødlingætta.

Spelplassen med Gildehallen (en lun og koselig vikingstue) som er bygget i historisk byggeskikk er vel verdt et besøk også når det ikke er spel. Den autentiske Gildehallen kan leies og tilrettelegges for besøkende med matservering, historiefortelling, spel og ulike viking-aktiviteter.

https://giskespelet.no/

Sommerfesten på Giske

Sommerfesten er ein årlig spleisefestival for familiar med musikk og aktivitetar. Andreleiesfestivalen der ein sjølv vel kor mye ein vil gje i inngansbillett.

https://momentium.no/sommerfesten

Makkevika

Giske er ein av dei viktigaste ringmerke-stasjonane i Europa for vadefuglar. Fjæreområdet Makkevika på ca. 285 mål i nordvest har sandområde, rullestein og våtmark. Dette er eit reservat for vadefugl på veg sør-/nordover om høsten og våren og her kan ein også oppleve sel som leker seg i fjæra.

http://kulturminne.co.no/index...

Mjeltehaugen fra bronsealderen

Mjeltehaugen på Giske, i Giske kommune, er et av de mest spesielle gravminnene i Norge. Haugen som er 30 meter i diameter og 6-9 meter høy inneholder en dekorert gravkiste som har sin nærmeste parallell i Kivik grava i Skåne i Sverige. Det må ha vært en person med stor rang som ble gravlagt i denne haugen omkring 1300-1100 f. Kr. Personen må ha hatt kontakter til sørlige deler av Skandinavia og kanskje heilt ned til Mellom-Europa.

https://digitaltmuseum.no/0110...

Fotograf: Silje Giske

Turløype

Det går en turløype i ytterkant av Giskeøya,(stiplet grønn i kartet på bildet). Den er lett å finne og følger vannkanten fra parkeringsplassen ved broen til kirken. Fra kirken til kvalneset/fuglereservatet følger man veien for så å gå langs stranden fra Kvalneset tilbake til parkeringsplassen ved broen. Turen er relativt enkel for personer i normal form. Underlaget varierer men turen er lett å gå med få hindringer. For de som er dårlig til beins, bruker rullestol eller barnevogner det en fin tur å følge veien rundt øyen.

Turløype vises som stiplet grønn stripe i kartet

Kontaktperson nøkkelstaden Giske

For spørsmål om nøkkelstaden Giske, ta kontakt med Katrine Ruth Overå:

Telefon: 48218 948
Epost:
Katrine.Ruth.Overa@kyrkja.giske.no

Om du ikkje når henne, send epost til giske.kyrkjelege.fellesrad@giske.kommune.no