Nøkkelsteder

Borgund

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Borgund kikre.

Borgund ved Ålesund var eit maktsentrum. Ein handelsplass med god hamn og ein stad der folk på reise langs kysten kunne handle og finne husrom og kvile.

Stempel:

Du kan stemple pilegrimspasset både på Middelaldermuseet og ved Borgund kirke. Dei er i postkassar ved inngangane og tilgjengeleg året rundt.

Servering:

Staden har kafé, sjekk når han er open i lenke til Sunnmøre museum under her.

Guiding:

Du kan tinge guiding på museet og i kyrkja , sjå kontaktinformasjon lengst ned i artikkelen.

Velkomen til nøkkelstaden Borgund i Ålesund kommune

Borgund er ein spennande stad å utforske. Her er museum som viser mange lag av historien, og ein kyrkjestad med røter attende til førkristen tid. Her finn du meir informasjon om Sunnmøre museum med Middelalderbyen og Borgund kyrkje.

Kyrkjestad

Borgund var sannsynlegvis eit gammalt religiøst og kulturelt sentrum alt i førkristen tid på grunn av si sentrale plassering på Sunnmøre. Ein reknar med at det har stått kyrkjer her frå den første kristningstida, altså omkring år 1000. I siste halvdel av 1100-talet stod det truleg fire kyrkjer i Borgund, like mange som i Oslo på same tid. Ein har tydelegvis prøvd å etablere eit kyrkjeleg senter mellom Bergen og Trondheim. Dette fekk meir å seie etter kvart som Selje bispesete og kloster mista sin innverknad.

Dei fire kyrkjene var:

  • Peterskyrkja: Murane i denne utgjer i dag korsarmen i Borgund kyrkje, kanskje frå 1130.
  • Margareta-kyrkja var plassert på neset ved Klokkersundet, nedanformiddelaldermuseet. Tomta er delvis utgraven. Murane herifrå blei i 1632 brukte til å byggje opp det som no er korpartiet i Borgund kyrkje.
  • Kristkyrkja: Det er sannsynlegvis murane etter denne ein har funne mellom løebrua og paktarbustaden ved nedkøyrsla til prestegarden.
  • Matteus-kyrkja: Fysiske restar etter denne er ikkje funne, men kyrkja er nemnt i engelske middelalderskrifter der også namnet biskop Tore av Borgund er rekna med mellom dei norske biskopane.

Kyrkjene forfall i seinmiddelalderen etter at Borgund hadde mista funksjonen sin som sentralt handelssentrum. Berre Peterskyrkja stod igjen. Saman med delar av murane frå Margareta-kyrkja utgjer ho grunnstamma i noverande Borgund kyrkje. Langskipet i sør blei bygd til i 1868.

Var her kloster?

Skreifisket i Borgundfjorden var omfattande og byen og kyrkjestaden voks. Mot slutten av 1100-talet stod her fire steinkyrkjer, alle truleg kledd med marmor som dei vann ut på øya Humla rett over fjorden. Her var Kristkyrkja, Mattiaskyrkja, Margaretakyrkja og Peterskyrkja. Den siste er no austfløyen av Borgundkyrkja slik ho står i dag. Etter tradisjonen var her og eit kloster, og på slutten av 1200-talet er det nemnd ein bror Arne i Borgund. Meir sannsynleg er det likevel at det er tale om eit hospits og ikkje eit kloster. Då hadde Borgund ein stad der pilegrimar kunne få mat og ei seng.

Bygginga av desse fire kyrkjene tok årevis og det var dyrt. Steinbygningar var ikkje dagleg kost på Møre. Like fullt vart det bygde slike kyrkjer både på Åheim, på Herøy, i Ulstein og ikkje minst på Giske. Der hadde stormennene fått reist ei marmorkyrkje ein gong på 1100-talet, og i 1345 ga pave Clemens seks hundre dagars avlat til pilegrimar som vitja kyrkja.

Middelalderbyen

På 1200-talet blomstrar byen Borgund. Handelsskip kjem frå inn og utland. Store mengder tørrfisk finn vegen ut i Europa. Fastereglene til den katolske kyrkja gjer at etterspurnaden etter fisk er stor. Tørrfisk kan også lagrast i årevis og framleis vere fullt etandes. Alt ser lovandes ut, men ute i horisonten trugar mørke skyer.

Vêrlaget vert kaldare. Fisket sviktar. Tidene er ikkje like gode og byfolket klarer ikkje å halde kyrkjene i stand. Erkebisp Eiliv (1309-32) forfattar eit brev som gjev 30 dagar avlat til dei som er med på å bygge opp att Mattiaskyrkja som har forfalle. I 1349 kjem så katastrofen. Svartedauden. Mest halvparten av dei som bur på Borgund og på Sunnmøre døyr. Og i Bergen slår hanseatane seg ned og sunnmøringane dreg heller dit med varene sine. Handelen på Borgund minkar, og utpå 1500-talet er det mest slutt for byen Borgund. Av kyrkjene er berre soknekyrkja, Peterskyrkja, i bruk, og i 1640-åra vert Margaretakyrkja riven og steinen brukt til å bygge på Peterskyrkja. Borgund sokn er stort og rikt, men byen Borgund er borte, og no veks Ålesund fram.

Å gå pilegrim til Borgund

Fra Ålesund by ved trappene til Aksla kan du følge godt merka sti til Borgund. Den gjeng innover langs ryggen på Aksla, før den skråar ned og over hovudvegen når du nærmar deg museområdet. Det er skilt med pilegrimsmerke heile vegen. Det er ca 6 km og er ein lett tur. Du kan nytte joggesko. Turbeskriving med kart kjem. Returen attende til byen eller vidare nordover kan du gjere med buss - her kan du planlegge turen din.

Overnatting

Hotel Brosundet er sertifisert som pilegrimshotell. Her får du 15% på dynamiske prisar. Det kjem etterkvart fleire pilegrimsherberger og - hotell i nærleiken, til ulike prisar og kvalitetar.

Kontaktperson for nøkkelstaden Borgund

For spørsmål om nøkkelstaden Borgund:

  • Borgund kyrkje ved Kari Vatne på tel +47 92065380
    epost: kari.vatne@kyrkja.aalesund.no
  • Middelaldermuseet ved Sunnmøre museum ved Jan-Kåre Blindheim tel +47 90576774
    epost: jan-kare@vitimusea.no
Middelaldermuseet på Borgund. Foto: Viti-musea
Spor av middelalderbyen og kaupangen på Borgund som forsvann på 1500-talet. Foto: Ragnhild Godal
På Sunnmøre museum som Middelaldermuseet er ein del av, kan du gå langs stier mellom mange ulike bygg og gjenstandar heilt frå middelalder til nærare vår tid. Foto: Ragnhild Godal
I den lyse og fine kafeen på museet kan du kjøpe enkle retter, kaffe og annan drikke.
Mariafigur i Borgund kirke. Foto: Ragnhild Godal
Borgund kyrkje - foto: Øyvind Kåre Sunde