Key Locations
Regionalt pilegrimssenter Selje
Situated along Kystpilegrimsleia
Regionalt pilegrimssenter Selje er lokalisert i Selje i Stad kommune med den heilage øya Selja ein kort båttur unna. Øya Selja vart det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvason i år 996 fann relikviar i ei hole på øya. Relikviane som etter legenda er frå den gudfryktige kongsdottera Sunniva, som flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. Sankta Sunniva vart landets første helgen, og vår einaste kvinnelege helgen, etter at ho leid martyrdøden i hola på øya.
Regionalt pilegrimssenter Selje er eit av fire regionale kystpilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia. Senteret skal bidra med råd og rettleiing for pilegrimar, næringsliv og interessentar knytt til desse fem nøkkelstadane:
- Gulatinget i Gulen kommune
- Kvernsteinparken i Hyllestad kommune
- Kinn kyrkje i Kinn kommune
- Svanøy hovedgård i Kinn kommune
- Selja kloster i Stad kommune