Key Locations

Moster gamle kirke og Moster amfi

Situated along Kystpilegrimsleia
På Mostertinget i år 1022 ble kristenretten vedteke.

Lengst sør i Vestland fylke ligg øygruppa Bømlo med alle sine små øyer – over 900 til saman. Nærleiken til havet og skipsleia har prega Bømlo gjennom historia, og leia mellom fastlandet og øyane var den viktigaste allfarvegen.

Mosterhamn er ei lun og god hamn i dette kystlandskapet. Dette er også ein av dei viktigaste stadene i landets kyrkjehistorie. Som nemnt fann Mostertinget der kristendommen vart vedteke stad her tidleg i 1020-åra. Ei lita kvitkalka steinkyrkje frå 1100-talet står fortsatt i Mosterhamn. Alle dei tre kristningskongane kan knytast til Moster.

Olav Tryggvasson skal ha gått i land på Moster i 995 og grunnlagt kyrkje her. Med seg i følgjet sitt hadde han prestar frå England. Steinkyrkja som i dag står på Moster stammar likevel ikkje frå Olav Tryggvasson si tid, og kven som bygde kyrkja veit vi ikkje.

Håkon den gode Adelsteinsfostre stamma frå Moster på morssida – Tora Mosterstong – og kanskje har Håkon tilbragt barneåra sine på Moster.

Den tredje og siste av kristningskongane, Olav Haraldsson skal som nemnt ha halde tingmøte på Moster i 1020-åra for å få utarbeida ein felles mal for den såkalla kristenretten.

Dagens tilbod til besøkande

Moster gamle kyrkje

Det einaste som er bevart av kyrkjas mellomalderutstyr er ei kyrkjeklokke frå første del av 1200-talet med eit relieff av St. Olav støypt inn. Inventaret i kyrkja er frå 1600-talet og i renessansestil, og flotte kalkmaleri dekker store deler av veggane. I 1995 feira den norske kyrkja sitt 1000 års jubileum nettopp på Moster. I samband med dette vart det bygd hus til ei religions-historisk utstilling: «Frå hedendom til kristendom». Her er det også forsamlings-rom og kafeteria

Moster Amfi

Moster Amfi vart opna som teater- og konsertarena til urpremieren på Mostraspelet i 1984. Før 1000-års jubileet i 1995 vedtok Bømlo kommune å foreta ei større utbygging av anlegget og frå stiftinga kom det forslag om å gjera plass til ei religionshistorisk utstilling.

Moster Amfi framsto til feiringa av 1000-årsjubileet som eit funksjonelt kulturbygg med nytt inngangsparti, ny billettkiosk og kafeteria og ein utearena med 1200 sitjeplassar.

Scenen vart og utbetra og det vart laga tunnel i fjellet frå friluftsscena til det religionshistoriske senteret, med utstillinga frå “Heidendom til kristendom”, amfisalen og amfikafeen.

Anlegget er bygd inn i fjellet i bakkant av uteamfiet. Det har ei spanande arkitektonisk løysing tilpassa terrenget og er ikkje for ruvande i forhold til Moster gamle kyrkje.

http://www.mosteramfi.no

Use of cookies / Cookies policy

This site uses cookies to offer you a better browsing experience and improve your use of the website. We also measure and analyze usage patterns and engagement for a better understanding of how our services are used.

Acceptance applies to all pages with x in the address. Read more about the use of cookies in our privacy statement. privacy statement

Essential cookies

Essential cookies ensure basic functions such as page navigation and access to secure areas of the website. The website cannot function optimally without these essential cookies, and they are strictly necessary to provide an online service.

Enabling cookies helps you fill out forms effectively on our website. For example, cookies help prevent the same user from submitting the same form multiple times. The information is deleted from the browse after 90 days.

The cookies assess and help us understand how visitors interact with our website. The statistics and information gathered are anonymised.

We use marketing cookies to display content and ads that are relevant and engaging for our visitors.