Key Locations

Giske

Situated along Kystpilegrimsleia
I havet utanfor Ålesund ligg øya Giske. Her hadde den mektige Giske-ætta sete i mellomalderen, ei stormannsætt som stod kongemakta nær. Giske-ætta hadde også tette band til Borgund, og heldt ei vernande hand over byen.

Giske kyrkje

På sørsida av øya ligg den einaste noverande kyrkja i Noreg som er bygd berre av marmor. Giske kyrkje er ei langkyrkje i romansk stil frå midten av 1100-talet. Kapellet har truleg blitt reist som ei høgendeskyrkje, det vil seie ei privat kyrkje som stormannen på Giske sette opp på garden sin.

Kyrkja var såleis truleg eit gardskapell for Giske-ætta. Den 11. juni 1345 gav pave Klemens 6. eit avlatsbrev til kapellet på Giske. Her kjem det også fram at vernehelgenane for kapellet var jomfru Maria og evangelistane Johannes og Nikolas. I pavebrevet blir det gitt 100 dagars avlat for begåtte synder til dei som besøkte kyrkja på dagane til helgenane som kyrkja var vigd til. Dette avlatsbrevet gjorde dermed kyrkja på Giske til ei pilegrimskyrkje frå midten av 1300-talet av.

Giske kyrkje har ca. 130 plassar. I kapellet hang det ei krossfestingsgruppe frå 1200-talet som no blir oppbevara Universitetsmuseet i Bergen (Rindal og Steinsland 2001:129). Kyrkja forfall etter reformasjonen, og stod som ein ruin i fleire tiår. Ho vart renovert på 1700-talet, og delar av interiøret, t.d. altertavla, skriv seg frå denne perioden.

Giskespelet

Giskespelet er ei lokal teaterførestilling med historisk innhald som gjennom fleire år er oppført annankvar sommar på øya Giske. Førestillinga føregår utandørs.

Use of cookies / Cookies policy

This site uses cookies to offer you a better browsing experience and improve your use of the website. We also measure and analyze usage patterns and engagement for a better understanding of how our services are used.

Acceptance applies to all pages with x in the address. Read more about the use of cookies in our privacy statement. privacy statement

Essential cookies

Essential cookies ensure basic functions such as page navigation and access to secure areas of the website. The website cannot function optimally without these essential cookies, and they are strictly necessary to provide an online service.

Enabling cookies helps you fill out forms effectively on our website. For example, cookies help prevent the same user from submitting the same form multiple times. The information is deleted from the browse after 90 days.

The cookies assess and help us understand how visitors interact with our website. The statistics and information gathered are anonymised.

We use marketing cookies to display content and ads that are relevant and engaging for our visitors.