Key Locations

Bergen (St. Sunniva, Mariakirken, Lyse kloster)

Situated along Kystpilegrimsleia
Foto: Øyvind Gjerde
Bergen er eit naturleg knutepunkt for handel, kultur og reiseliv i Noreg og mot Europa. Bergen var i delar av mellomalderen landets økonomiske og politiske hovudstad og eit religiøst og kulturelt senter. Ingen andre norske byar hadde så mange kyrkjelege institusjonar som Bergen.

På 1300-talet hadde byen minst 20 kyrkjer, 5 kloster, 2 kyrkjelege fattighospital og bispegard med domkapittel. Det geistlege Bergen spente frå det lokale til det internasjonale samfunn – frå det minste kyrkjesokn i Nordfjord til pavekyrkja sitt sentrum og lærdomssentra i Frankrike, Italia, England og Tyskland. Det store talet på kyrkjer i Bergen kan truleg forklarast med den store tilstrauminga av folk utanfrå – ikkje minst kjøpmenn og handelsfolk.

Bergen blei bispeby i 1170 då bispesetet for Vestlandet vart flytta frå Selja til Bergen.

Det same vart som nemnt relikviane til St. Sunniva – og ho vart rekna som byens skyts-helgen. Flyttinga av St. Sunniva til Bergen gjorde nok at Sunniva-kulten vart spreidd til andre land i Norden, mellom anna til Nord-Tyskland.

Bergen var ein viktig pilegrimsby, og var i seg sjølv eit valfartsmål med sine mange kyrkje, kloster og kyrkjelege institusjonar. Byen låg sentralt ved kystleia, og her var det gode overnattingsmuligheiter. Det var også gode muligheiter for pilegrimar å få seg plass og hyre på handels- og frakteskip frå Bergen. Margaretakyrkja på Nordnes var ei valfartskyrkje. Det var truleg også Olvaskyrkja – dagens domkyrkje – i regi av sin vernehelgen. Vidare har nok pilegrimar også oppsøkt Sunnivaskrinet som vart oppbevara over høgalteret i Kristkyrkja på Holmen (Bergenhus festning).

Eit anna viktig relikvie i Bergen var ein del av Kristi Tornekrone som Magnus Lagabøte skal ha motteke i gåve frå den franske kongen i 1274. Denne vart oppbevart i ei lite privatkyrkje på Holmen (Bergenhus festning) – Apostelkyrkja. Skriftlege samtidskjelder viser også at utanlandske pilegrimar besøkte Bergen. I 1191 fekk t.d. byen besøk av danske korsfararar på veg til Det hellige land.

I dag er det berre tre igjen av Bergens mange mellomalderkyrkjer, Mariakirken, Domkirken(fransiskanerane si Olavskyrkje) og Korskirken. Desse er alle godt bevart og vel verdt eit besøk.

Bryggen

Eit av dei mest kjente kulturminna frå byen er likevel Bryggen i Bergen. Det var her byens aller første busetnad voks fram. Den gamle trehusbusetnaden som står der i dag stammar frå 1700-talet, men er bygd over nedbrente restar av mellomalderbyen.

Bryggen representerer eit av verdas fremste kulturminner, og er på UNESCO’s World 53 Heritage List.

Holmen/Bergenhus festning

Kongsgardsanlegget frå mellomalderen på Holmen/Bergenhus festning er verdt eit besøk. Her kan ein sjå Kristkirketomten der skrinet til St. Sunniva vart oppbevara ved høgalteret etter at det vart flytta til Bergen i 1170. I mellomalderen var dette domkyrkja i Bergen. Ho var også ei kroningskyrkje og ei kongeleg begravelseskyrkje. Håkonshallen og Rosenkrantztårnet som høyrde til sjølve kongsgardsanlegget på Holmen bør også besøkast. Håkonshallen vart bygd av kong Håkon Håkonsson i 1261, og utgjer i dag den største profane mellomalderbygningen i Noreg. Rosenkrantztårnet er på si side det viktigaste renesansebygget vi har her i landet, og daterer seg til 1600-talet. Delar av tårnet er likevel eldre. Dette var kastellet ved sjøen som vart bygd av kong Magnus Lagabøte i 1270-åra. Både Rosenkrantztårnet og Håkonshallen er i dag ein del av Bymuseet i Bergen, og her er det mulig for besøkande å komme inn og få omvisingar heile året gjennom

http://www.bymuseet.no

Lysekloster

Lysekloster var eit cisterciensar-kloster som vart påbegynt rundt 1150. Munkane på Lyse kom frå Fountains i York, og har truleg teke med seg sine eigne handverkarar til bygginga av klosteret. Cisterciensarklostera skulle ligge avsondra frå omverda, og dei vart difor lagt til aude stader – noko som også er tilfelle for Lysekloster. Klosteret ligg i landlige omgivnadar, ca. 20 km sør for Bergen sentrum.

I dag er det berre ruinane av grunnmurane som står igjen etter klosteranlegget. Desse gir eit godt inntrykk av klosteret si grunnflate og forskjellige rom i grunnplanet, og klosterområdet framstår i dag som eit svært idyllisk område.

Use of cookies / Cookies policy

This site uses cookies to offer you a better browsing experience and improve your use of the website. We also measure and analyze usage patterns and engagement for a better understanding of how our services are used.

Acceptance applies to all pages with x in the address. Read more about the use of cookies in our privacy statement. privacy statement

Essential cookies

Essential cookies ensure basic functions such as page navigation and access to secure areas of the website. The website cannot function optimally without these essential cookies, and they are strictly necessary to provide an online service.

Enabling cookies helps you fill out forms effectively on our website. For example, cookies help prevent the same user from submitting the same form multiple times. The information is deleted from the browse after 90 days.

The cookies assess and help us understand how visitors interact with our website. The statistics and information gathered are anonymised.

We use marketing cookies to display content and ads that are relevant and engaging for our visitors.