Kystpilegrimsleia

Egersund - Stavanger - Bergen - Trondheim

Kystpilegrimsleia er ei vakker og spektakulær reise langs Noregs viktigaste ferdselsveg. Reisa startar i Egersund og endar ved nasjonalheilagdomen Nidaros domkyrkje i Trondheim. Kystpilegrimsleia er ein viktig del av St. Olavsvegane til Trondheim.

1080 km 20 dager Kart

Både norske og utenlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537.

Mest sannsynleg vart pilegrimsreiser med utgangpunkt frå stader langs Vestlandskysten føreteke langs kystleia. Det var raskare å ferdast i båt enn på land. I mellomalderen nytta ein seg av naturlege hamner langs leia, og ved dei viktigaste hamnene vart det montert fortøyingsanordningar som skipa kunne fortøyast i. Dei fleste sjøfarande pilegrimar hadde ikkje eigne skip, og heller ikkje råd til å betale for seg, så det var derfor vanleg å hyre seg som mannskap.

Vikingkongen Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage, Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage var sjølv ein erfaren sjøfarar – ikkje minst etter å ha reist i viking i mange år. Langs heile kysten finn vi fenomen som folk har forklart gjennom helgenkongens nærleik og handlingar. Til dømes skal Olav ha opna sunda ved Tysnesøy i Sunnhordland og Korssundet ved Eivindvik i Sogn.

På fjellet Hornelen i Bremanger i Sogn skal Olav ha mant eit troll i stein – som den dag i dag står i fjellsida og kan sjåast frå seglingsleia (Olsen 2013:68- 69).

På Ege i Egersund finn vi ein av landets finaste esker St. Olavsormen som vart freda allereie i 1972. Dette er ein lang og buktande åsrygg av grus og stein avsett av isen, og også denne blir knytt til helgenkongens handlingar. I følgje segna er dette Midgardsormensom prøvde å komme seg frå fjorden og opp til eit vatn innafor. Her vart han drepen av kong Olav – og han vart liggande som eit bevis på kongens siger.
På denne måten sette Olav sine spor både i kystlandskapet og i kystbefolkninga sin bevisstheit. Mange av desse segnene kan ha blitt spreidde av pilegrimane som valfarta langs leia , og pilegrimane har truleg spela ei viktig rolle som tradisjonsformidlarar.

Lag din egen tur
1080 km 20 dager

Turforslag langs Kystpilegrimsleia: