Kystpilegrimsleia byr på mange og store kontrastar

Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros. Vestlandskysten har ein rekkje kulturarvminner som vitnar om dei mange pilegrimane.

Adam av Bremen, historikar og utsending for erkebiskopen, skriv om pilegrimsferden til Nidaros og korleis pilegrimar som kom frå Danmark eller Nord-Tyskland føretrakk sjøvegen på si ferd nordover.
 

“Viss ein seglar frå Ålborg eller Vendsyssel i Danmark,
kjem ein i løpet av ein dag over til Viken,
som er ein by i Noreg (truleg Oslo). Derfrå held
ein til venstre og seglar langs Noregs kyst, og på
den femte dagen når ein fram til byen Trondheim.
Ein kan også reise ein anna eg, som fører frå
danskane sitt Skåne over land til Trondheim. Men
denne vegen over fjella tek lengre tid, og ettersom
han er faregull, blir han unngått av reisande”

( Kjelde: Adam av Bremen, år 1075)

Det var raskare å ferdast i båt enn på land. I mellomalderen nytta ein seg av naturlege hamner langs leia, og ved dei viktigaste hamnene vart det montert fortøyingsanordningar som skipa kunne fortøyast i. Dei fleste sjøfarande pilegrimar hadde ikkje eigne skip, og heller ikkje råd til å betale for seg, så det var derfor vanleg å hyre seg som mannskap. Vikingkongen Olav Haraldsson, seinare Olav den Heilage, var sjølv ein erfaren sjøfarar – ikkje minst etter å ha reist i viking i mange år.

Langs heile kysten finn vi fenomen som folk har forklart gjennom helgenkongens nærleik og handlingar. Til dømes skal Olav ha opna sunda ved Tysnesøy i Sunnhordland og Korssundet ved Eivindvik i Sogn. På fjellet Hornelen i Bremanger i Sogn skal Olav ha mant eit troll i stein – som den dag i dag står i fjellsida og kan sjåast frå seglingsleia (Olsen 2013:68- 69). På Ege i Egersund finn vi ein av landets finaste esker – St. Olavsormen som vart freda allereie i 1972. Dette er ein lang og buktande åsrygg av grus og stein avsett av isen, og også denne blir knytt til helgenkongens handlingar. I følgje segna er dette Midgardsormen som prøvde å komme seg frå fjorden og opp til eit vatn innafor. Her vart han drepen av kong Olav – og han vart liggande som eit bevis på kongens siger.
På denne måten sette Olav sine spor både i kystlandskapet og i kystbefolkninga sin bevisstheit. Mange av desse segnene kan ha blitt spreidde av pilegrimane som valfarta langs leia, og pilegrimane har truleg spela ei viktig rolle som tradisjonsformidlarar.
(Kjelde: Forprosjektrapport Irene Baug 2012)

Se turforslag